– Eg hadde ønskt at nyttårshelga var fri. Vi har allereie eit tett rennprogram, og dette betyr berre ei ekstra belastning på utøvarane og teama rundt, seier svenske Sebastian Samuelsson til NRK.
Han er ein av fleire utøvarar som reagerer skarpt på det internasjonale skiskyttarforbundets (IBU) avgjerd om å innføre nyttårsrenn.
IBU har bestemt at det i sesongane 2026/27 og 2028/29 skal arrangerast verdscuprenn i Pokljuka frå 31. desember til 3. januar i 2026/27 og 28.–31. desember i 2028/29.
Forbundet grunngir endringa med at interessa for vintersport er på sitt høgaste rundt nyttår, men blant utøvarane er skepsisen stor.
– Så forstår eg at IBU tenker mykje på sjåartal på TV og økonomi. Men frå eit sportsleg perspektiv er vi negative, seier den svenske skiskyttarprofilen som sitt i utøvarkomiteen.
- Følg verdscuprenna i Nove Mesto på NRK denne veka:
Tandrevold med støtte til smørjarane
Ingrid Landmark Tandrevold, som også er medlem i utøvarkomiteen, peikar på belastninga for ikkje berre utøvarane, men også for smørjeteamet og resten av apparatet rundt.
– Vi ser veldig godt at det blir gode TV-tal rundt jul og nyttår, men det er også eit sirkus som rullar og går, og mange er lenge borte. Tenk på smørjeteamet vårt da ... Dei er ein gjeng med fantastiske mannfolk som har nokre fantastiske koner som står på og passar på barna heile sesongen, meiner Tandrevold.
Ho siktar til at støtteapparatet no truleg vil gå glipp av delar av jula og nyttår med sine kjære.
– Hadde eg vore dei (smørjarane) og dei hadde sagt at eg skal vere borte tredje juledag, fordi det skal vere renn, og dei får ikkje ein gong nyttårshelga med familien. Då hadde eg nok sett spørsmålsteikn ved kor lenge eg skal ha den jobben.
Det skal nemnast at IBU har sløyfa éi veke av sesongstarten. Utøvarane vil også få ei tovekers treningsperiode før jul lik tidlegare. Dei påpeikar at det også er like mange konkurransedagar som tidlegare i løpet av året.
Endre Strømsheim, som tok VM-gull på fellesstarten for herrar, er framleis kritisk.
– Eg er i utgangspunktet ikkje så fan av det. Det er veldig viktig å få lagt ned litt trening i løpet av vinteren. Det blir veldig vanskeleg når vi ... Juleferien er kort nok som han er. Eg er ikkje så fan av det, seier han.
– Samuelsson meiner det begynner å nærme seg ein smerteterskel med tanke på reising, talet på renn og reising. Kva tenker du om dei perspektiva som han drar inn?
– Eg skal nok berre uttale meg om det sportslege. Der er vi på ein klar smerteterskel, for om ein ikkje får nokon pausar, så blir det tungt å gå veldig mange skirenn.
SKEPTISK: Den ferske VM-gullvinnaren Endre Strømsheim.
Foto: Mathias Hagen / NRK– Sånn vil eg ikkje ha det
Samuelsson er bekymra for utviklinga av sporten.
– Vi synest ikkje at det er bra å begynne sesongen ei veke tidlegare. Vi synest ikkje det er bra å konkurrere under jul og nyttår, og vi synest ikkje vi skal vere på fleire stader enn der vi er i dag. Vi løftar opp dei synspunkta, seier han.
Han trekker fram parallellar til langrenn, der det hender at profilar står over verdscuprenn i eit tett program.
– Det er vanskeleg å vite kvar grensa går. Men eg er glad for at vi har ein sport der alle stiller i alle renna i verdscupen. Det er lett å tenke på langrennsløparane som har eit heilt anna program, og der det er vanskeleg for dei å stille i alle renna. Sånn vil eg ikkje ha det i skiskyting, seier Samuelsson.
UTØVARREPRESENTANT: Sebastian Samuelsson seier han og utøvarane har komme med synspunkta sine overfor IBU.
Foto: Petter Arvidson / BildbyrånDen norske konkurrenten Sturla Holm Lægreid er meir open for eit jule- og nyttårsprogram.
– Eg brukar å vere feire nyttår isolert, så om eg er på renn eller heime, er ikkje nokon «big deal» for min del. Men eg forstår kanskje dei med familiar der det er litt stas rundt nyttårsfeiringar, at det kan bli litt ekstra stress, eller mas, kanskje, seier han.
NRK har vore i kontakt med IBU, som viser forståing av at denne typen forandringar kan skape diskusjonar. Dei meiner likevel at det er ei rett avgjerd.
– For det første er det ingen ekstra konkurransar i kalenderen. Talet på konkurransar held fram med å vere nøyaktig det same som denne sesongen, sidan innføringa av nyttårsarrangementet blir kompensert ved å fjerne opningshelga i november i desse to sesongane, skriv IBUs kommunikasjonsdirektør Christian Winkler til NRK.
SVARER: Kommunikasjonssjef i IBU, Christian Winkler.
Foto: Anders Boine Verstad / NRK– For det andre held vil lengda på treningsperioden mellom første trimester og nyttår vere uendra. Den er like lang som i denne sesongen, for eksempel. Dette var ein spesifikk førespurnad frå trenargruppa, og vi lytta til deira råd, da vi veit kor viktig denne treningsperioden er for utøvarane, skriv han vidare.
Han legg til at dei har tatt omsyn til når det er høgast sannsyn for snø, berekraft og publikumsengasjement.
Les heile svaret frå IBU her:
Lunde: – Eit veldig tøft program
NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde påpeikar at IBU jaktar dei høge sjåartala som idretten gjerne får i romjula.
– Når eg ser terminlista, så ser eg det blir eit veldig tøft program. Eg trur IBU burde ha fjerna ein verdscuprunde før jul i staden. To nyttårsrenn blir ei kraftig påkjenning, seier han.
KRITISK: Ola Lunde har forståing for at det er mange sjåarar å hente med det nye programmet, men han fryktar meir fråfall i verdscupen.
Foto: Anders Boine Verstad / NRK– Synest du utøvarane blir litt vel tynte mykje no?
– Ja, for at det skal bli bra nok, så må det på dei få trena skikkeleg og førebu seg mot løpa som er elles, om ikkje vil denne idretten vatnast ut.
Også den tysk-austerrikske hoppveka til skihopparane blir arrangert i romjuls- og nyttårsperioden.
Det vil også vere andre endringar på skiskyttarkalenderen for dei fire sesongane som følger etter OL i Italia. Blant anna blir verdscuphelga i tyske Oberhof flytta frå starten av januar til februar/mars for å sikre betre vêrforhold der.
Publisert 06.03.2025, kl. 10.44