Skulesaka i Innlandet: Kva ligg bak ned­leggings­forslaget?

1 month ago 16



Onsdag 23. oktober blir det truleg klart. Då kjem fleirtalet i fylkestinget i Innlandet høgst sannsynleg til å vedta å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestader.

Fleirtalet som går inn for dette kjem frå Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet De Grønne. Men det trengst berre to representantar som bryt med fleirtalet for å stoppe vedtaket.

Det vil i så fall føre til eit politisk jordskjelv i Innlandet.

Her er seks punkt som samanfattar kva politikarane legg til grunn for si avgjerd:

Kor mange skular?

Innlandet fylke har 23 vidaregåande skular. Under desse er fleire skulestader.

Fylket er delt inn i ti regionar.

I dag er det vidaregåande skule i alle regionane. Det vil det framleis bli om forslaget om nedlegging blir vedteke. Men det vil bli færre skulestadar i nokre av regionane.

Kor mange elevar?

Ifølge fylkeskommunen har alle dei vidaregåande skulane plass til 13 600 elevar. Dette skuleåret er det 11 532 elevar ved skulane i Innlandet.

Det betyr at det i dag er 2 068 ledige plassar.

Innlandet fylkeskommune lener seg på statistikk frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) og Statistisk sentralbyrå (SSB) om folketalet i Innlandet i framtida.

Dei meiner at ein kan forvente at det blir 3000 færre elevar ved skulane i fylket innan 2038.

Kva betyr det at det blir færre elevar?

Fylka får inntekter ut frå kor mange elevar dei har.

Ifølge Innlandet fylkeskommune har elevtalet gått ned med om lag 800 dei siste fire åra.

Dermed har Innlandet fått 128 millionar kroner mindre frå Staten i perioden frå 2020 til 2024, hevdar dei.

Dermed blir det vesentleg mindre pengar å drive skule for.

Lom-demo

Også i Lom er engasjementet stort.

Foto: Even Lusæter / NRK

Kvifor?

Når det blir færre elevar og mindre pengar å drive skule for, meiner fylkeskommunen at ein må tenkje nytt.

Fylkeskommunedirektør Tron Bamrud skriv i sitt saksframlegg at samfunnet er i endring, og at elevane må sikrast opplæring samfunnet spør etter.

Han skriv vidare at prosessen skal gje eit utdanningstilbod av høg kvalitet som skal gje mangfald og vidareutvikling, og stabilitet for elevar og lærarar over tid.

Ambisjonen er altså å få meir og betre utdanning ut av kvar krone.

Vi forklarer skolesaka i Innlandet

Korleis?

Det politiske fleirtalet vil altså legge ned to skular og fire skulestadar. Elevane vil få tilbod om å gå på andre skular i regionen.

For ein del elevar vil reisevegen bli lang.

Fylkeskommunedirektøren skriv at ein då kan få fleire hybelbuarar, og at det kan bli utfordringar med kollektivtrafikk med meir. Desse konsekvensane vil ein prøve å møte med gode tiltak, skriv han.

Dette skuleåret bur det om lag 1000 elevar på hybel eller internat i Innlandet.

I tillegg blir det vurdert å etablere ein nettskule som eit supplement. Nettundervisninga føreset eit klassemiljø eller sosialt læringsfellesskap, står det i forslaget frå fylkeskommunedirektøren.

Kva skular er det snakk om?

  • Dokka VGS

    Stine Bækkelien / NRK

    Dokka vidaregåande skule

    • Har i dag 269 elevar.
    • Skulen har seks linjer:
      * Studiespesialisering
      * Bygg- og anleggsteknikk
      * Elektro og datateknologi
      * Helse- og oppvekstfag
      * Teknologi- og industrifag
      * Påbygging til generell studiekompetanse
    • Avstand til næraste vgs.: ca. 42 km til Gjøvik vgs.
  • Skarnes VGS

    Ann-Kristin Mo / NRK

    Skarnes vidaregåande skule

    • Har i dag 187 elevar
    • Skulen har fem linjer:
      * Bygg- og anleggsteknikk
      * Elektro og datateknologi
      * Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
      * Studiespesialisering
      * Påbygging til generell studiekompetanse
    • Avstand til næraste vgs.: ca. 22 km til Sentrum vgs. i Kongsvinger.
  • Lom vidaregåande skule

    Even Lusæter / NRK

    Skulestad Lom

    • Ein av tre avdelingar ved Nord-Gudbrandsdal vgs.
    • Skulestaden Lom har i dag 94 elevar.
    • Skulestaden har to linjer:
      * Bygg- og anleggsfag
      * Studiespesialisering
    • Avstand til næraste vgs.: ca. 62 kilometer til Nord-Gudbrandsdal vgs. avd. Otta
  • Videoundervisning på Dombås

    Even Lusæter

    Skulestad Dombås

    • Ein av tre avdelingar ved Nord-Gudbrandsdal vgs.
    • Skulestaden Dombås har i dag ingen elevar
    • Skulestaden har tidlegare hatt tilbod om studiespesialiserande.
    • Avstand til næraste vgs.: ca. 47 km til Nord-Gudbrandsdal vgs. avd. Otta
  • Flisa vgs.

    Frode Meskau / NRK

    Skulestad Flisa

    • Ein av tre avdelingar ved Solør vgs.
    • Har i dag 110 elevar.
    • Skulestaden har to linjer:
      * Studiespesialisering
      * Elektro- og datateknologi
    • Avstand til næraste vgs.: ca. 18,8 km til Solør vgs. avd. Våler
  • Sønsterud

    Stein Eide / NRK

    Skulestad Sønsterud

    • Ein av tre avdelingar ved Solør vgs.
    • Har i dag 70 elevar
    • Skulestaden har to linjer:
      * Naturbruksutdanning
      * Påbygging til generell studiekompetanse
    • Avstand til næraste vgs.: ca. 18,8 km til Solør vgs. avd. Våler.

Dei som vil nerde meir kan lese heile sakframlegget her.

Publisert 18.10.2024, kl. 10.38

Read Entire Article