Skulen kutta vanlege lekser og ga dei til foreldra: – Slutt på krangling og kjefting

1 month ago 42



– Det er som natt og dag å sleppa leksene, seier Vårin Lie, som er mor til tre gutar på ti, åtte og sju år.

Møtet med lekser var brutalt då eldstesonen byrja i 1. klasse.

– Han gøymde seg under bord, og det var hyling og skriking. Det var heilt forferdeleg og veldig vondt. No er det heldigvis slutt på krangling og kjefting rundt lekser.

Vårin Lie og sonen Olav

Minstemann Olav på sju år lyttar når mamma Vårin gjer leksa si, som er å lesa høgt og spør han om det han lærer på skulen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ti år gamle Åsmund har ADHD. Broren Oskar på åtte er under utgreiing for same diagnose.

– Dei er slitne når dei kjem heim. Og dei skal få lov til å kunna setta seg ned og eta og fortelja om kva dei har gjort på skulen.

Foreldra får lekser

Sagvåg skule på Stord er ein leksebevisst skule.

Her gir dei leksene til foreldra, og ikkje elevane. Foreldra kan få i oppgåve å lesa for ungane, spør dei om kva dei har lært eller gjera praktiske oppgåver saman.

Sagvåg skule

Sagvåg skule på Stord har kutta vanlege lekser for elevane.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Elevane sjølve har ikkje heimelekser, men skuledagen deira er utvida med 20 minutt.

Dette er tid dei bruker på det som før var lekser. Men på skulen er det læraren og ikkje ein føresett som hjelper.

Emma Sofie Nytræ Hansen

– Før måtte eg gjera leksene rett etter skulen, viss eg skulle rekka fotball. Viss ikkje la eg meg ganske seint, fordi eg måtte gjera leksene, seier sjetteklassing Emma Sofie Nytræ Hansen.

Linda Elisabeth Berg og Jone Sælevik Fjose

– Eg synest det er fint å sleppa lekser heime, seier Jone Sælevik Fjose. No gjer han leksene i skuletida, og får hjelp av lærar Linda Elisabeth Berg.

Kaja Gravdal

12 år gamle Kaja Gravdal går på turn, fotball og kunstskule på fritida. – Eg synest det var ganske stressande å i tillegg gjera lekser kvar kveld.

Det er positivt at dei som gir leksene, faktisk er til stades når leksene blir gjort, seier rektor Lars Bakka.

– Dei minste ungane kan koma kvart på sju og bli henta kvart over fire på skulen. Det er vel ikkje mange arbeidstakarar som berre drøymer om å få fortsetta jobben når dei kjem heim etter ein så lang dag.

Lars Bakka, rektor ved Sagvåg skule

Rektor Lars Bakka meiner dei klarer å gi eit betre undervisningstilbod etter at dei la om lekseordninga. – Lærarane, foreldra og elevane er fornøgde.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Motiverte elevar

Lærarane omfamnar også ordninga. Før hadde dei også undervisning med elevane i matpausen. No er det fagarbeidarar som et med elevane, og tida til lærarane blir brukt til arbeid med lekser.

– Eg merkar at elevane er motiverte for å gjera leksene, seier Ingelin Ida Marie Petterteig, som er tillitsvalt for lærarane for Utdanningsforbundet.

Det vil også utjamna sosiale skilnader. Her får alle elevar uansett same gode hjelpa av lærarane som har gått gjennom fagstoffet og som har utdanninga nettopp for å gjera det.

Ingelin Petterteig, lærar og tillitsvalt ved Sagvåg skule

Lærar Ingelin Ida Marie Petterteig seier ho og kollegaene er glade for lekseordninga på Sagvåg skule.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ni av ti skular gir lekser

Lekser eller ikkje lekser? Dette er et tilbakevendande tema i debatten om norsk skule.

Lova legg ingen føringar. Skulane kan gi lekser, men dei ikkje.

Likevel gir ni av ti grunnskular lekser, viser ei undersøking Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) har gjort på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Rundt halvparten av skulane har laga vedtak for omfanget av leksene.

Vil ha vekk heimeleksene

Eit prosjekt i Trondheim fekk forskar Per Egil Mjaavatn ved NTNU til å endra meining om lekser. Han var tilhengar av lekser. Det er han ikkje no.

Fire skular testa ulike ordningar med leksefri i 2019/2020.

To av tre elevar ved desse skulane sa at dei krangla mindre med dei vaksne heime utan lekser, er blant funna i ein rapport som har evaluert forsøket.

Portrett Per Egil Mjaavatn, Institutt for pedagogikk og livslang læring, NTNU

Per Egil Mjaavatn er forskar ved Institutt for pedagogikk og livslang læring ved NTNU. Han har endra meining om lekser, og meiner dei tradisjonelle leksene bør skrotast.

Foto: NTNU

– Nesten alle elevane seier at dei blir demotiverte. Lekser gjer dei lite glade i å gå på skule, seier Mjaavatn, som er blant forfattarane av rapporten.

Forsking på effekten av lekser spriker i alle retningar, men for dei minste elevane er det semje om at lekser ikkje har effekt, ifølgje Mjaavatn.

– Eg trur veldig få skular har ein bevisst leksepolitikk. Det er gamal vane som ligg til grunn. Og eg meiner at tradisjonelle heimelekser bør fjernast. I alle fall i barneskulen.

Mjaavatn presiserer at det fungerer best med ordningar der elevar har lekser på skulen under pedagogisk leiing. Som på Sagvåg skule, som han meiner har funne ei fornuftig ordning.

I 2022 blei Moss den første leksefrie kommunen i landet. Frå i haust har dei endra ordninga til «leksebevisst», og har opna for at skulane kan gi lekser igjen.

Utdanningsforbundet stoler på skulane

Utdanningsforbundet tek ikkje stilling til om lekser er bra eller ikkje.

– Me trur at dei aller fleste skulane har ein god og reflektert praksis i bruk av lekser, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll.

– Heimelekser er ein del av den pedagogiske verktøykassa og skal støtta opp under læringa. Leksene må ligga på eit nivå som gjer at eleven meistrar oppgåvene utan hjelp, og dei bør tilpassast kvardagen til elevane, meiner han.

Bør elevar i barneskulen ha heimelekser?

Heime hos familien i Sagvåg, gjer sju år gamle Olav seg klar til å gå på handballtrening.

Han har høyrt mamma Vårin lesa leksa si for han, og har ingen oppgåver som ventar etter trening.

Ho jobbar halve veka i Stavanger, og set pris på å sleppa kampen om leksene når ho har tid heime saman med sønene.

– Kvardagen vår er betre og kjekkare fordi skulen har klart å tenka nytt og laga denne ordninga.

Vårin Lie og sonen Åsmund

Vårin Lie seier ho og sonen Åsmund har fått eit mykje betre forhold etter skuletid på grunn av at heimeleksene hans er vekke.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Publisert 29.08.2024, kl. 13.34

Read Entire Article