Ingen vart skadde, og ingen er sakna, etter at ein stort steinras gjekk over det populære turområdet Jektesanden i Lærdal torsdag ettermiddag.
Men 20 elevar og to lærarar hamna midt i dramatikken. Nokre av borna vart også trefte av småstein frå raset.
Mark Brooks skildrar det han vart vitne til som «ubegripeleg skremmande».
– Medan steinane og blokkene slo ut frå fjellveggen og i sjøen, så sprang ungane mellom og hylte og skreik, fortel han.
– Dramatisk
Brooks og ein kollega var i området i samband med at ei redningsskøyte skulle på land. På andre sida av fjorden såg dei borna som kosa seg med leik og bålbrenning.
– Så høyrer vi plutseleg spraking i fjellsida, og ser ei kjempeblokk losne i 200 meters høgde, seier fortel han.
Han ringde 113 og sette opp livestream så naudetaten kunne sjå hendinga.
– Nokre av borna gøymde seg under store steinar, nokre ved bålet, medan andre sprang ut. Det var dramatisk, seier han.
– Det er tusenårsflaks at ingen kom til skade.
Slo full alarm
Naudetatane slo full alarm då dei fekk melding om hendinga like over klokka 13. I meldinga vart det opplyst om fleire born i rasområdet.
– På bakgrunn av det trykte vi på den store knappen, og det vart sendt store ressursar frå både politi, brann, helse og Hovudredningssentralen fekk sendt helikopter og sjøressursar mot staden, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen ved Vest politidistrikt.
Elevar trefte av stein
Det vart raskt avklara ingen vart direkte råka av raset. Sjølve rasstaden er mellombels sperra av.
Brooks meiner 50-60 steinblokker trefte sjøen.
– Heile sjøen kokte opp og spruten stod. Så forsvann alt i ei svær røyksky, seier han.
– Eg var så mo i knea, at eg hadde problem med å halde meg oppreist. Eg var sikker på at det hadde gått gale, legg Brooks til.
Ingen er skadde eller sakna, men klassa kom tett på raset som gjekk over turstien og i sjøen.
– Dei kom så nærme at enkelte hadde fått småstein på seg, seier innsatsleiar for politiet i Sogn, Svein Inge Harberg.
Harberg har ikkje sjølv snakka med elevane som no er transportert tilbake til Lærdalsøyri skule. Der blir dei følgde opp av skulen og kriseteamet.
– Vi avbraut ressursar frå helikopter og sjøressursar mot staden, i og med at det vart avklara at ingen var sakna eller skadde, seier Johannessen.
– Det er ingen som trenger å gå inn der for å komme seg til hus eller hytte, så politiet har sperra av mellombels, så ingen andre går inn her, seier Johannessen.
– Så får det bli opp til Lærdal kommune å vurdere det som trygt til å opne att.
Skulen: – Ei skremmande oppleving
Kommunedirektøren i Lærdal kommune Gunn Lerøy stadfester at ein femteklasse kom tett på raset.
– Ingen er fysisk skadde, men det har vore ei skremmande oppleving.
Elevane blir samla på skulen, der psykososialt kriseteam er klare.
– Det er klart at med lyden av eit ras og at du kjem ganske nærme, kan vere ei skremmande oppleving.
Publisert 07.11.2024, kl. 13.46 Oppdatert 07.11.2024, kl. 15.27