Skuldar konkurrentar for bamsetjuveri: – Respektlaust og uverdig

1 week ago 6



– Dette er absolutt respektlaust og ikkje verdig oppførsel frå internasjonale utøvarar, skriv ukrainaren på ei historie han har lagt ut på Instagram.

Episoden skriv seg frå kvalifiseringa til OL i Italia neste år som denne helga går føre seg i Beijing. Ukrainaren ligg på ein sjetteplass samanlagt før det heile skal avgjerast søndag. Berre dei fem første får reise til OL.

Det var etter kortprogrammet laurdag ukrainaren skal ha opplevd eit tjuveri frå garderoben.

Instagram

Skjermdump frå Instagram

Foto: Sjermbilete frå Instagram

– I dag var det nokon som reiv i stykke veska mi og stal alle bamsane som blei kasta på isen til meg, skriv han vidare.

Han fortel at det berre var kunstløparane som hadde tilgang til garderoben.

– Eg veit at vi ikkje er ven med nokon av folka her, men eg har aldri sagt noko vondt om nokon personleg.

Han avsluttar posten med å takke for merksemda.

Det deltok såkalla nøytrale utøvarar i Beijing, altså utøvarar frå Russland og Belarus. IOC opna i går for at russiske og belarusiske utøvarar kan delta i OL i vinter.

OL utan norske Gomez

Også den norske kunstløparen Mia Risa Gomez (19) deltok i helgas kvalifisering. Ho var veldig nær ved å kvalifisere seg til OL i Italia neste år. Før laurdagens konkurranse var ho berre 0,07 bak den viktige femteplassen.

en kvinne som holder en stor sølv og svart gjenstand

NÆR OL-PLASS: Kunstløpar Mia Risa Gomez var nær ved skrive seg inn i norsk kunstløp.

Foto: Charles Krupa / AP / NTB

– Det kunne nesten ikkje gått betre. Eg er veldig fornøgd med poengfangsten, og det er min beste poengsum nokosinne. Det gir mykje motivasjon, sa Gomez til NRK før laurdagens konkurranse.

Under friløpet laurdag enda Gomez til slutt på ein sjuandeplass. Dermed rauk draumen om dei olympiske leika neste år.

– Det er ein draum eg har hatt sidan eg har hatt sidan eg var liten. Det hadde vore heilt fantastisk. Eg prøver å ikkje legge press på meg sjølv, men eg har alltid hatt lyst til å nå OL, sa ho til NRK fredag kveld.

Eit perfekt løp

Gomez imponerte med personleg rekord i kortprogrammet fredag. Tidlegare kunstløpar Camilla Gjersem hyllar Gomez sin prestasjon fredag.

– Ho hadde eit perfekt løp i mine auge, så bra som ho kunne gå. Det er imponerande at ho fekk til det med tanke på presset som følger med i ei OL-kvalifisering, seier Gjersem.

Gomez er einig i at ho var på sitt aller beste i løpet fredag.

Hovudet var ordentleg på plass, og alle hoppa sett. Eg klarte å halde fokus gjennom heile løpet, og det er noko av det beste eg har gjort, seier 19-åringen.

Gjersem er som nemnt sjølv tidlegare kunstløpar og deltok i «Mesternes mester» førre sesong. Nå sit ho som visepresident i Noregs Skøyteforbund.

– Det er veldig tett mellom utøvarane, men ho har posisjonert seg godt og er med i kampen laurdag.

Friløpet er den øvinga Gomez har levert best resultat i denne sesongen. Likevel heldt det ikkje til OL-plass.

Camilla Gjersem, portrett i Mesternes mester-trøye

IMPONERT: Tidlegare kunstløpar Camilla Gjersem hyllar 19 år gamle Mia Risa Gomez.

Foto: Alice Asplund

Beste resultat sidan Sonja Henie

19-åringen oppnådde si største bragd under EM tidlegare i år.

161,71 poeng totalt heldt til ein tolvteplass – det beste norske resultatet i EM sidan Sonja Henie var aktiv for snart 90 år sidan.

en mann som står på en skinne

IKON: Sonja Henie blir av mange rekna som det største ikonet innan kunstløp i Noreg.

Foto: NTB / NTB

Gomez innrømmer at det ligg eit visst press på skuldrene hennar før OL. Før konkurransen laurdag sa ho dette til NRK:

– Eg veit det er litt press, sidan eg er den einaste frå Noreg som kan klare det nå. Samtidig trur eg ikkje forventningane er høge, fordi mange veit kor tøft det er å klare det. Men eg har sjølvsagt lyst til å få det til for Noreg.

Tolv år sidan sist

Førre gong ein norsk kunstløpar deltok i OL var i Sotsji i 2014. Det var Anne Line Gjersem som klarte bragda. Ho er elles tvillingsøstera til Camilla Gjersem. Anne Line var også første norske kunstløpar under dei olympiske leikane på femti år.

Men leikane i Italia blir altså utan ein ny norsk deltakar. Dette var siste mogelegheit til å kvalifisere seg.

en person på skøyter

OL-HÅP: Mia Risa Gomez var nær ved å kvalifiser seg til OL i Beijing.

Foto: WANG ZHAO / AFP / NTB

– Kunstløp er ein stor internasjonal idrett og det er vanskeleg å nå igjennom. Det viser berre at ho er utøvar på høgt nivå og er imponerande kva ho får til, seier Camilla Gjersem.

Samboeren i sjokk etter finaletapet 00:57

Publisert 20.09.2025, kl. 11.14 Oppdatert 20.09.2025, kl. 16.53

Read Entire Article