Skodespelaren Maggie Smith er død

1 month ago 23



Her i Noreg var ho først og fremst kjend for rollene ho spelte i Harry Potter-filmane og Downton Abbey.

Sønene hennar, Toby Stephens og Chris Larkin, seier i ein uttale:

– Det er med stor sorg vi må kunngjere at Dame Maggie Smith er død.

Familien opplyser at ho døydde fredeleg på sjukehus fredag.

I uttalen skriv sønene at ho var saman med vener og familie på slutten.

– Vi er knuste over tapet av vår ekstraordinære mor og bestemor, skriv sønene, ifølgje BBC.

Sønene nyttar høvet til å takke sjukehuspersonalet for omsorg og vennlegheit dei siste dagane mor deira levde.

– Vi takkar for alle dei hyggelege meldingane og støtten vi får, skriv dei.

Downton Abbey cast members Michelle Dockery and Maggie Smith

Michelle Dockery og Maggie Smith frå Downton Abbey saman i 2015.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Publisert 27.09.2024, kl. 15.19 Oppdatert 27.09.2024, kl. 15.29

Read Entire Article