Skipstunnelen har fått ny pris – men han er hemmeleg

20 hours ago 6



Kystverket leverer fredag det siste og endelege pristilbodet på Stad skipstunnel til regjeringa.

Men ingen av partane vil seie kva det nye beløpet ligg på.

Departementet varslar at dei vil offentleggjere talet «på eigna måte», og vil ikkje spesifisere kor lang tid det inneber.

Mens Kystverket lovar at dei vil komme med ein «generell antyding om kostnadsutviklinga».

Vi har prøvd å komme litt ned i pris, og det har vi klart, seier ein løyndomsfull Sveinung Nedregotten i Kystverket.

Nøyaktig kor langt tunnelbyggarane har strekt seg frå det opphavlege tilbodet på 9,4 milliardar kroner (inkludert moms), må resten av landet finne seg i å spekulere i.

Det vekker skarpe reaksjonar blant fleire av dei folkevalde, som skal avgjere skjebnen til den omstridde tunnelen i løpet av våren.

Stad skipstunnel

Skipstunnelen er greia ut 20 gongar sidan 1990. Berre sidan 2021 har Kystverket brukt 290 millionar kroner på grunnerverv, geologiske undersøkingar og prosjektering.

Grafikk: Kystverket/Snøhetta

– Kan ikkje fatte kvifor dette skal haldast hemmeleg

Hemmeleghald skaper unødvendig spekulasjonar. Vi forventar at regjeringa legg fram dei nye kostnadsoverslaga i sin heilskap i dag, seier Bård Hoksrud (Frp) i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Tilsvarande tonar kjem frå andre sida av det politiske spekteret:

Vi forventar at det blir gitt fullt innsyn i dei nye kostnadene og kan ikkje fatte kvifor dette skal haldast hemmeleg til eit seinare tidspunkt, seier SV-nestleiar Lars Haltbrekken.

Han legg til:

Her må statsråden sørge for at dei nye kostnadene blir offentleggjorde med ein gong.

Sjå fleire reaksjonar på «hemmeleghaldet» under.

  • Judith M. Kvåle

    Stad kommune

    Judith M. Kvåle, ordførar i Stad

    Eg meiner at alt som ikkje av lovomsyn må unntakast offentlegheita, skal vere offentleg. Det er eit viktig prinsipp i norsk politikk og i norsk forvaltning. Særleg i  denne saka sidan pris har vore det einaste grunnlaget regjeringa har brukt for å fjerne investeringa frå statsbudsjettet.

  • Ein person med langt, lyst hår står framfor ein innsjø. Vedkommande har på seg ein grøn jakke og ein mønsteret skjerf. Bakgrunnen viser snødekte område og nokon bygningar i fjella. Bildet gir et inntrykk av vinterlandskap. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Høgre

    Anne Kristine Linnestad, Høgre

    Høgre forventar at regjeringa så raskt som mogleg, og seinast i samband med revidert budsjett vil offentleggjere prisen, slik at Stortinget kan ta stilling til oppstart.

  • ei dame i dressjakke

    Remi Sagen / NRK

    Britt Giske Andersen, Maritimt Forum Nordvest

    Det vi er mest opptekne av er at Kystverket er i rute og leverer i tråd med bestillinga, det er veldig bra! No skal vi først ha respekt for prosessen som går føre seg og vise litt tolmod med departementet, i alle fall ei stund, men vi forventar sjølvsagt at det ikkje dreg unødig ut i tid og at vi får både tal og fakta på bordet og ser fram til det og prosessen vidare.

  • Elisabeth Birkeland Hatlenes

    NRK

    Elisabeth Birkeland Hatlenes, leiar i Innsatsgruppa for Stad skipstunnel

    No er det riktig å vise respekt for prosessen som går føre seg i departementet og ha litt tolmod – i alle fall ei stund. Samstundes er det heilt naturleg at både folkevalde og offentlegheita forventar openheit når vurderingane er gjorde. Vi legg derfor til grunn at det ikkje vil dra unødig ut i tid før tal og fakta blir lagde på bordet, og vi ser fram til å få innsyn i det nye prisoverslaget.

  • Bjørn Lødemel

    NRK

    Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd

    Det viktigaste no er å få på plass endelege kostnadstal og tekniske løysingar slik at bygginga av Stad skipstunnel kan handsamast i Stortinget i juni. Eg har stor tru på at Kystverket har gjort det dei kan for å få kostnadane ned og at dei politiske partia på Stortinget får eit godt grunnlag til å ta ei positiv avgjerd.

  • Sverre Øvrelid Steen, dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd

    Sunnmøre Regionråd

    Sverre Øvrelid Steen, dagleg leiar, Sunnmøre regionråd

    Vi legg til grunn at den endelege prisen blir kjend så snart som råd.
    Viss det stemmer at prisen faktisk går ned etter den måten prosjektet blei handtert i fjor, så er det ein liten bragd i seg sjølv. Det fortel kanskje også noko om entusiasmen blant leverandørane til å byggje skipstunnelen.

  • Oda Indgaard

    NRK

    Oda Indgaard, medlem av transportkomiteen på Stortinget (MDG)

    Denne tunnelen er eit av dei beste eksempla på at pengegaloppen for investeringar må kome under kontroll, i ei tid der vedlikehaldet i samferdselssektoren over heile landet står i kneståande. Eg forventar åpenheit, og en grundig kvalitetssjekk av realismen i kostnadsanslaga.

Skaper mykje unødvendig støy

Paul Sindre Vedeld er ordførar i Vanylven kommune, som har brukt store summar på å realisere draumen om å segle gjennom fjellet.

Eg likar ikkje slik hemmeleghald. Det skaper berre meir spekulasjon og svekkjer tilliten til systemet og demokratiet, seier han.

Det er også med å skape mykje unødvendig støy rundt prosjektet.

Han legg til:

Forventninga mi er at dette vert offentleggjort omgåande etter levering.

Ideen om å sikre trygg passasje forbi vêrharde Stad har eksistert sidan vikingtida, men fekk eit skot for baugen i fjor haust då statsminister Jonas Gahr Støre trekte i nødbremsen og uttalte at prisen var for stiv.

Det kunne vore siste ord, men då svarte fleirtalet på Stortinget med å gi regjeringa og Kystverket marsjordre om å prøve å presse prisen ned.

Det er resultatet av desse forhandlingane som no er over.

Stad skipstunnel

– Korleis departementet og regjeringa tek dette vidare, det er utanfor vår kontroll, seier Sveinung Nedregotten i Kystverket.

Illustrasjon: Måløy vekst

Høge forventingar til Senterpartiet

– Vi vil sette oss inn i rapporten og offentleggjere denne på egna måte. Vi må få komme tilbake til når og korleis dette vil skje, seier statssekretær i Næringsdepartementet, Kristina Hansen (Ap).

Ho lever at kostnadsramma kjem tidsnok til forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.

Skal det bli byggestart i år, må det nemleg komme pengar i dette budsjettet.

Tilhengarane av tunnelen forventar at Senterpartiet set hardt mot hardt i forhandlingane.

Men Erling Sande (Sp) vil ikkje røpe forhandlingstaktikk overfor NRK.

– Senterpartiet ønsker å realisere dette prosjektet, seier han.

Også Raudt er gira på tunnel, mens Arbeidarpartiet, SV og MDG heller vil bruke milliardane på andre ting.

F.v. Ordførar Gunn Helgesen, stortingspolitikar Erling Sande og ordførar Jan Helgøy.

Erling Sande (midten) starta på skipstunnelen i mars 2009.

Foto: Ageir Reksnes / NRK

Høgre kan bli jokeren

Viss Senterpartiet ikkje får dei raud-grøne på glid i budsjettforhandlingane, kan det hende at heile Stortinget må ta stilling til prislappen.

På borgarleg side er Frp meir positive enn Høgre.

Høgres nye nestleiar Ola Svenneby har til dømes sagt klart og tydeleg nei.

Men partiet har også folkevalde som Anne Kristine Linnestad (H), som vil gje full gass:

– Eg lovar at eg skal gjere mitt for at vi går for prosjektet, nesten uansett kva prisen måtte bli.

Ho meiner verdas første skipstunnel vil bli særs viktig for tryggleik og næringsliv. Sjølv om ulykker er sjeldnare og skipstunnelen har fått eit belastande sløseri-stempel.

– Korleis er stemninga elles i partiet ditt om denne saka?

– Nei, du veit jo det frå før, og det veit vel alle. At Høgre har vore delt.

Høyreledelsen

Høgre kan bli tunga på vektskåla for tunnelen.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Publisert 05.03.2026, kl. 15.22

Read Entire Article