Skal køyre 200 lastebilar med søppel til Sverige: – Forstår godt at folk stiller spørsmål

2 days ago 3



– Vi forstår godt at folk kan stille spørsmål ved kor miljøvenleg det er å frakte avfall så langt, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

No skal restavfallet frå Sunnfjord bli frakta 559 kilometer til varmeanlegg i Åmotfors, i staden for 197 km til Bergen.

I året vil det vere snakk om rundt 200 lastebilar, ifølge NRKs utrekning.

Det vil føre til meir utslepp langs vegane, men utslepp frå transporten blei berre vurdert til 5 prosent då selskapet valde svenskane.

Sunnfjord Miljøverk svarar at dei følger bransjestandarden for vektlegging, og at dei i denne anbodsrunden berre fekk to tilbod.

Større gjenstandar blir delt opp...

Restavfall hos Sunnfjord Miljjøverk

...slik at lastebilane kan frakta det til brenning

Restavfall ved Sunnfjord Miljøverk
Foto: Leona Møgster/NRK

Norske anlegg tapar

I Noreg går anlegg som brenner restavfall i minus, medan i Sverige har dei framleis ledig kapasitet.

Søppelhaug inne hos Sunnfjord Miljøverk

Og kva er grunnen til at søppelet må reise så langt?

Jo, ei avgift som eigentleg skulle gjere søppelhandteringa meir miljøvenleg.

Kasting av restavfall ved Sunnfjord Miljøverk

I Noreg kostar det 537 kr per tonn avfall som skal til brenning

I Sverige har dei ikkje denne avgifta.

Foto: Leona Møgster

– Me ser at norske forbrenningsanlegg som tidlegare hadde sunn økonomi, no viser raude tal. Det viser jo at det er vanskeleg å få dei som leverer avfall til å godta den ekstra rekninga, seier Fostervold i Sirk Norge.

Dette får konsekvensar for lokalmiljø i Noreg.

BIR, som handterer søppel i bergensområdet, brenner søppel og lagar varme til blant anna Haukeland sjukehus og Universitetet i Bergen.

Forbrenningsanlegg til BIR i Rådal Bergen

På anlegget til BIR i Rådal har dei som mål å brenne 200 000 tonn avfall i året.

Foto: Cecilie Bannow / BIR

Selskapet var med på eit av anboda som tapte mot svenskane.

– Når det er ein konkurranse med offentleg anbod ute, er vi nøydde til å legge på den ekstra CO₂-avgifta. I Sverige har dei ikkje den avgifta, seier Erlend Ragnvaldsen, salssjef i BIR.

Når avfallet heller blir frakta vekk andre stader, får dei problem med å levere nok energi.

– Når me brenner avfall i Rådal, går det til hus og varmtvatn i Bergen. Mister me avfall, så mister me brensel, som gjer at me kanskje ikkje blir i stand til å halde Bergen varm, for å seie det rett ut, innrømmer Ragnvaldsen.

Ansvar for eige søppel

Sirk Noreg var kritisk til avgifta frå starten.

– Då politikarane innførte avgifta, var me på bana og prøvde å forklare at det ville gjere at avfallet tek andre vegar. Gjennom åra har me fått ei auka forståing for kor uheldig avgifta er, fortel Fostervold i Sirk Norge.

Martine Mørk, fagansvarleg for industri i ZERO

Martine Mørk er fagansvarleg for industri i Zero, og synest det er eit problem at søppelet vårt blir eksportert.

Foto: Nora Hindenes / ZERO

Klima- og miljøorganisasjonen Zero forstår kvifor me har CO₂-avgifta, men synest den har fått ein uheldig konsekvens.

– Avgifta på forbrenning er innført som insentiv til klimagassreduksjonar og implementering av karbonfangst og lagring. Men i dag er ikkje insentiva sterke nok til å utløyse investeringane som trengst, fortel Mørk.

Tala for 2025 er ikkje klare. Men ifølgje Aftenposten blei det eksportert 500.000 tonn avfall frå Noreg til sverige i 2024.

Zero har føreslått ein eksportavgift for at det skal bli meir attraktivt å brenne søppel heime i Noreg.

Sunnfjord Miljøverk uteområde

Sunnfjord Miljøverk tek imot restavfall til brenning. Snart skal det heilt til Sverige.

Foto: Leona Møgster / NRK

Både Sunnfjord Miljøverk og Sirk Norge peiker på at lastebilane blir utnytta meir effektivt på reiseruta til Sverige.

– Det er allereie mange lastebilar som køyrer tilbake frå Noreg tomme, seier Fostervold.

– Ein del av det store bilde er at då det blei levert til Bergen, så køyrde lastebilane ofte tomme last tilbake. Det blir færre gongar frå Oslo og hit fordi det er fleire varer som går denne vegen, seier Dvergsdal til Firda.

Publisert 27.09.2025, kl. 16.31

Read Entire Article