Skal ha forgifta dottera (1): – Var i livsfare

3 hours ago 1



Mor nektar for å ha sprøyta bakteriar inn i blodet til dottera då ho låg på sjukehus.

 Frode Hoff / TV 2
LIVSTRUGANDE: På sjukehuset i Bergen og i Oslo sleit legane med å finne ut kvifor jenta (1) vart så dårleg. Så vart mistanken retta mot mor. Foto: Frode Hoff / TV 2

Publisert 19.10.2025 16:44

Saka oppsummert

  • Ein mor i 30-årene er tiltalt for grov mishandling av sin eitt år gamle dotter.
  • Ho skuldast for å ha sprøytet bakteriar inn i datterens venekateter på sjukehus.
  • Statsadvokaten meiner dette førte til livstruande blodforgifting hos barnet.
  • Mora nektar skyld og hevdar det finst andre medisinske årsaker til barnets sjukdom.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikret av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI

Hausten 2022 vart ei jente innlagd på sjukehus i Bergen. Ho hadde vasskoppar.

På sjukehuset vart ho stadig dårlegare.

– Gjentekne gongar var ho i livsfare, seier statsadvokat Benedikte Høgseth til TV 2.

Dei kommande vekene skal Hordaland tingrett behandla ei uvanleg og spesiell straffesak.

– Uverkeleg

Den då eitt år gamle jenta si mor, ei kvinne i 30-åra, er tiltalt for grov mishandling.

Kvinna blir skulda for å ha tilført bakteriar i venekateteret til jenta medan ho var innlagt på sjukehus, både i Bergen og på Rikshospitalet i Oslo.

– Ho opplever det som heilt uverkeleg å bli skulda for å ha skada sitt eige barn under sjukehusopphald, seier forsvarar Kim Brügger Villanger til TV 2.

– Ho nektar straffskuld og meiner det er andre årsaker til at barnet vart så sjukt, held han fram.

 Elias Engevik / TV 2
FORSVARSADVOKATAR: Kim Brügger Villanger og Agnieszka Bulat er forsvarar for kvinna i 30-åra. Foto: Elias Engevik / TV 2

– Sprøyta bakteriar i barnet

Påtalemakta meiner derimot at bakterieinnføringa førte til at jenta utvikla livstrugande blodforgifting då bakteriane vart ført inn i blodbana hennar. 

Grundige undersøkingar frå legane gjorde dei ikkje klokare på kva som var årsakene til dei gjentekne blodbaneinfeksjonane, seier statsadvokaten.

– Etter kvart fatta sjukehuspersonell mistanke om at infeksjonane var påført og innførte kontinuerleg tilsyn av barnet og mora. Det førte til at barnet nokså raskt vart friskt. Då vart politiet kontakta, seier Høgseth om opprullinga.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Benedikte Høgseth skal saman med politiadvokat Farzad Izadi aktorere saka for påtalemakta. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Vart alvorleg sjuk

Det er sett av 18 dagar til rettssaka. 

Ei rekkje med sjukehustilsette frå både Haukeland universitetssjukehus og Rikshospitalet i Oslo skal vitna i saka.

Mishandlinga skal ha skjedd i perioden frå november 2022 til januar 2023. 

Konsekvensane av å få bakteriar i blodbana var store for den vesle jenta.

Dei livstrugande blodforgiftingane førte til «høg feber, frostanfall, høg puls, høg respirasjon og slappheit», heiter det i tiltalen.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
OVER TID: Jenta var i ein periode også innlagd på Rikshospitalet i Oslo. Tiltalen omtalar gjentekne blodforgiftingar frå november 2022 til politiet vart varsla i januar 2023. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

«Medisinsk barnemishandling»

Statsadvokaten omtalar saka som uvanleg og alvorleg. For påtalemakta blir eit sjeldan fenomen eit sentralt tema rettsforhandlingane.

Det blir kalla «medisinsk barnemishandling» (tidlegare omtalt som Münchhausen by proxy).

– Vi meiner dette fenomenet er til stades i denne saka, seier Høgseth til TV 2.

– Enkelt forklart handlar det om tilfelle der ein person systematisk og repeterande enten lyg, fabrikkerer eller påfører symptom på sitt eige barn i møte med helsevesenet.

Årsaka kan vere at vedkommande sjølv skal få merksemd og medkjensle, ifølgje Store Norske Leksikon

Münchhausen by proxy

Fra Store Norske Leksikon:

Münchhausen by proxy brukes om situasjoner hvor en person, oftest omsorgsperson, påfører en annen, oftest et barn, sykdom eller skade for at vedkommende selv kan få oppmerksomhet og medfølelse på grunn av dennes skade eller sykdom.

Eksempler er nesten-kvelning av barn eller tilførsel av skadelige medikamenter eller andre kjemiske stoffer. Overfor hjelpere som tilkalles kan overgriperen fremstå som helt uvanlig omsorgsfull og uegennyttig overfor barnet og får derfor ekstra sympati og støtte. Den eksakte forekomsten av slik adferd er ukjent.

– Ubehag og uro

Men dette fenomenet bidreg også til at helsepersonell blir «dratt med» i mishandlinga av barnet. 

Sidan det vart jobba iherdig med å finne ut kva som gjorde eittåringen så sjuk, blei ho utsett for undersøkingar og behandlingar som påførte ho «unødvendig smerte, otte, ubehag og risiko», meiner påtalemakta.

Spesialist i psykiatri, Pia Jorde Løvgren, er kalla inn som sakkunnig vitne i saka.

– Ho skal gi retten innblikk i dette fenomenet på verdsbasis, slik at retten skal vera i betre stand til å vurdera bevisa i saka, seier Høgseth.

– Eit mareritt

– Det er inga tvil om at dottera var sjuk, men mora er tydeleg på at ho ikkje er årsaka til det og at det finst ein annan medisinsk årsak til dette, seier forsvarar Villanger.

– Dette er noko vi vil setje lys på i rettssaka og vi er ikkje samde i at det medisinske biletet er så klart som tiltalen legg opp til.

Forsvararen legg til at mora har opplevd dei tre siste åra som eit mareritt og at ho kjempar sin livs kamp.

– Ho ser fram til å få belyst saka i retten, der ho vil forklare seg, og håpar på ein rettferdig og riktig rettsprosess.

Read Entire Article