Skal gå Mount Everest utan oksygen

2 hours ago 1



– Det er den ekstreme utfordringa som gjer at eg har så lyst. Lyst til å prøve.

Det seier klatrar Kristin Harila til NRK.

I 2023 gjekk ho dei 14 toppane i verda på over 8000 meter i løpet av berre 92 dagar og blei dermed den raskaste klatraren i verda.

Kristin Harila som klatrar ein av dei 14 høgaste toppane i verda.

Nå ønsker fjellklatraren å gi seg ut på ei ny utfordring som tidlegare er gjennomført av færre enn ti kvinner i verda og aldri gjennomført av ein nordmann.

Ho skal gå Mount Everest utan oksygen.

Ut på nytt eventyr

Under 1 prosent av dei som klatrar opp på Mount Everest gjer det utan oksygen.

Harila har allereie prøvd ein gong før. Da måtte ho snu på 8000 meter.

– Eg hosta for mykje og måtte derfor snu, men eg kjenner det er eit fjell eg har kontroll på, etter å ha vore på toppen tre gonger og fjellet fem gonger tidlegare.

– Derfor vil eg prøve igjen.

Mount Everest er verdas høgaste fjell.

Triumfen og tragedien som følgde

I boka «Den ultimate triumfen og tragedien som følgde» fortel Kristin Harila om da ho sette seg målet om å klatre opp på dei 14 høgaste toppane i verda og at ho ville gjere det raskare enn alle andre.

– Eg klatra opp på desse 14 toppane på halvparten av tida det tok mannen før meg.

På dei 92 dagane og dei 14 toppane hadde Harila med seg klatrepartnaren sin Tenjen «Lama» Sherpa.

En person og en baby

Kristin Harila og Tenjen «Lama» Sherpa

Foto: Gabriel Tarso for Field Productions / NRK

Dei blei som sjelevenner, men kort tid etter verdsrekorden blei sett, så kom den triste beskjeden.

Den trufaste makkane hennar hadde blitt tatt av eit skred og mista livet.

– Det er framleis uverkeleg å tenke på at han er borte.

en mann og kvinne som holder et flagg

Kristin Harila og Tenjen «Lama» Sherpa blei de raskaste klatrarane i verda.

Foto: Niranjan Shrestha / AP / NTB

Tenjen «Lama» Sherpa døydde på veg opp til Shishapangma, eit fjell i Tibet på 8013 meter.

Klatrelaget på fire personar døydde alle i skredet. Tenjen blei aldri funne. Kristin har prøvd å leite etter han utan hell.

Eg skal prøve igjen heilt til dei er funne. Eg skal finne Lama.

Kristin Harila som klatrar ein av dei 14 høgaste toppane i verda.

Ho er også opptatt av at også sherpaene blir ein del av rekordane, slik som Tenjen blei i 2023.

– Historia dreier seg alltid om vestlege menn som har tatt rekordar, men det er ingen av oss som hadde klart det utan sherpaene med oss.

Damer må slå rekordar

Ho håpar også ho kan inspirere fleire jenter og kvinner til å velje det same livet som ho har gjort.

Kristin Harila på Annapurna base camp

Kristin Harila på Annapurna base camp.

Foto: Per Steinar Moen

I tillegg til Mount Everest utan oksygen, har Harila nemleg eit stort prosjekt til. No vil ho igjen slå ein rekord tatt av ein mann.

– Planen er å gå fortast mogleg til Sørpolen. Herrerekorden er å gå tur retur på under 22 dagar.

– Vi damer må vere med å slå rekordar uavhengig om vi er damer eller menn. Eg vil at det skal bli meir likestilt.

en person iført rød jakke og solbriller med et fjell i bakgrunnen

Under 10 kvinner har besteget Everest utan oksygen.

Foto: Gabriel Tarso for Field Productions / NRK

Harila meiner kvinner har like bra utgangspunkt til å slå rekordane som menn.

– Vi må drøyme stort nok til å ta andre val i livet.

– Også håper eg fleire kjem seg ut på tur, og nyt.

Publisert 28.10.2025, kl. 20.43

Read Entire Article