Sjå kven som «ringde på» hjå Arve

2 weeks ago 12



Sogningen fekk ein uvanleg nysgjerrig gjest på dørstokken.

 Arve Bjørnethun
FORT HJORT: Det var noko heilt anna enn «knask og knep» som kom på døra til Arve Bjørnethun måndag kveld Foto: Arve Bjørnethun

Publisert 06.11.2024 05:06

– Eigentleg berre plystra vi på han og så kom han heilt opp til oss, ler Arve Bjørnethun.

Han og sambuaren fekk ei naturoppleving av dei sjeldne på sin eigen dørstokk måndag kveld. 

På Kaupanger i Sogndal kommune er det svært vanleg å sjå hjort. Men det er heller uvanleg at kontakten blir så tett med det flotte dyret.

Han fekk heldigvis knipsa eit bilde av den uvanlege gjesten. Det var Sogn Avis som først omtala bildet og historia til Bjørnethun.

Gjengangar

Bjørnethun seier dei først såg hjorten då han kom inn i hagen for å sjå nærare på epletrea hans.

– Han var her i fjor også. Men det var veldig spesielt. Han berre stod nede i hagen og såg opp på oss i huset, fortel Bjørnethun.

Han og sambuaren gjekk difor ned i første etasje og opna inngangsdøra. Så byrja sambuaren å plystre på hjorten.

 Privat
TETT INNPÅ: Dette var synet som møtte Arve Bjørnethun i døråpningen. Foto: Privat

– Eg sa «du kan ikkje plystre på han som ein hund, då kjem han i alle fall ikkje», men jammen fungerte det! Der kom han gåande heilt opp til oss, ler Bjørnethun.

Truleg lokal bukk

Dagleg leiar Jon Anders Stavang ved Norsk Hjortesenter seier til TV 2 at dette er ein ungbukk som tydelegvis er blitt van med å ferdast i nabolaget i Sogn.

– Det er mogleg han er fødd i nærleiken og har funne gode beiter i bustadfeltet, seier Stavang.

Han legg likevel til at det generelt er betre om hjorten er meir skeptisk til folk og held avstand til busetnad.

– Både av omsyn til trafikkfare, skade på hagar og at det kan oppstå situasjonar mellom tamme hundar og hjort, der til dømes hjorten kan gå til angrep på hunden, seier Stavang.

Budd på nytt besøk

Arve Bjørnethun, som fekk hjorten inn på tunet, har budd på Kaupanger i to år. 

Han er opphavleg frå Solvorn i Luster og er godt van med å sjå hjortar også der.

Men han har aldri vore så nær som denne gongen. 

– Han var veldig uredd og var ikkje skjelvande eller skvetten. Han var oppriktig nysgjerrig på oss.

Med seg fekk hjortebukken to eple.

– Han kjem nok att i kveld, med andre ord!

Read Entire Article