Ser raudt etter regelendring: – Eg er dritirritert

6 days ago 10



– No vart eg i dårleg humør når du spurde om det. Eg har vore i heftige diskusjonar med IBU gjennom heile hausten.

Det seier Vetle Sjåstad Christiansen når han blir spurt om magasin-grepet, som har ført til at det internasjonale skyttarforbundet (IBU) har endra reglane sine.

Christiansen har nemleg gjort justeringar som sørger for at magasinet er enda nærare kammeret. Han meiner det gjer at han kan lade om raskare og tene eitt eller to sekund på første skyting.

Men IBU seier altså nei.

– Dei hadde teknisk møte i slutten av oktober der dei innførte dei ein heil haug med regelendringar rett før sesongstart. Den gjekk under ein ny regel dei har laga. Dei seier magasinet ser ut som det er lada. Det synest eg er veldig vagt å seie at noko ser ut som det er lada, seier skiskyttarprofilen.

– Begynner å bli veldig irritert

NRK har vore i kontakt med IBU, som seier dei har gått gjennom forslaget til skiskyttaren og at dei har landa på at løysinga ikkje oppfyller sikkerheitsstandarden.

– På grunn av manglande presisering i dei tidlegare reglane har den tekniske komiteen gjort justeringar for å gjere dei tydelege, seier sportsdirektør Daniel Böhm til NRK.

– Desse endringane er meinte å fjerne all usikkerheit rundt handtering av magasin, for å sikre strikt overhalding av sikkerheitsretningslinjene. Eventuelle ytterlegare regeljusteringar vil bli vurderte på neste møte i den tekniske komiteen til våren, opplyser Böhm vidare.

Christiansen fortel at han framleis er i dialog med IBU og at han har sendt inn eit tilsvar på regelendringane til forbundet. No prøver han å få knytt til på ei anna løysing, der han skyv magasinet litt lenger ut frå kammeret igjen.

– Dei brukar litt lang tid på å svare, så eg begynner å bli veldig irritert, innrømmer Sjåstad Christiansen.

VM i skiskyting - jaktstart menn

IRRITERT: Vetle Sjåstad Christiansens endringar på har foreløpig fått tommelen ned.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg skal prøve å justere litt og sende nokre bilde. Så finn vi vel ut av det. Går det ikkje, så går det ikkje. Da blir den gode, gamle løysinga.

Christiansen seier at det er fleire andre skiskyttarar som bruker same metode, og han får litt dårleg samvit for at dei nå må finne andre løysingar.

– Eg seier det ikkje fordi det går så utover meg, men det er andre som har brukt denne løysinga over lang tid, hevdar han.

– Eg er dritirritert

Christiansen meiner den nye metoden utgjer ein stor forskjell.

– Den nye løysinga er langt, langt raskare. Sjølvsagt, eg kan skjønne at det ser ladd ut, men den løysinga har allereie blitt brukt av andre. Det har eg bilde av. Eg har vore litt rundt i Europa og tatt litt bilde i år, for å spørje IBU om dette ser ladd ut og dette ser ladd ut, for å finne kor grensa går og kor nær kammeret magasinet kan ligge, seier skiskyttaren.

– Du høyrest litt irritert ut?

– Ja, eg er dritirritert.

Og han meiner det:

– Det er sant, men eg berre ler av det. Eg skulle ønske ting skjedde kjappare og tidlegare. Eg synest det er for dårleg at ein kan endre reglar som kan gå utover utøvarar så tett på sesongstart. Då kunne ein endra regelen og seie at det gjeld fra neste sesong.

Lunde: – Kan aldri gå på akkord med sikkerheitsbiten

NRKs skiskyttarekspert, Ola Lunde, er ikkje overraska over at IBU har sett foten ned for Christiansens magasin-løysing.

– Det er kreativt, men det kan aldri gå på akkord med sikkerheitsbiten. Eg skjønner godt at IBU er usikre på det. Slik magasinet til Vetle ser ut, så ser det nesten ut som han har sett det inn allereie. Og det er ikkje bra, meiner Lunde.

– Det er ikkje veldig farleg, men det kan fort utvikle seg. Plutseleg startar folk med magasinet i. Og det er i alle fall ikkje lov, seier han, og seier han har merka seg at utøvarar prøver å sette magasinet så tett som mogleg.

Ola Lunde

EKSPERT: Ola Lunde rosar kreativiteten til Christiansen, men er ikkje overraska over IBUs avgjerd.

Foto: Vidar Ruud

Eksperten viser vidare til situasjonen frå VM i 2000, der Frode Andresen gjekk med lada magasin under fleire av renna. Nordmannen vann sprinten, men blei diska frå fellesstarten da det blei oppdaga at han gjorde det same der. I etterkant førte det til ei oppstramming av regelverket.

Christiansen har forståing for argumentet frå IBU.

– Eg skjønner at ein må tenke på sikkerheit, men kanskje kunne ein endra reglane litt tidlegare enn eit par veker før sesongstart, seier Christiansen, og får støtte av Lunde:

– Det synest eg IBU kunne ordna opp i for lenge sidan, seier eksperten.

Nå er det også berre nokre dagar til sesongstarten. Laurdag 16. november er det nasjonal sesongopning på Sjusjøen, før verdscupen startar i finske Kontiolahti 30. november.

Publisert 15.11.2024, kl. 09.47

Read Entire Article