Se direkte: Møter pressen før historisk kamp

10 hours ago 3



Dagens næringsliv omtalar i dag rentetilboda for personar med verge, som det er over 60.000 av i Noreg.

Det er personar som ikkje kan ta vare på eigne interesser, for eksempel på grunn av sjukdom eller funksjonshemning.

Midlane må derfor bli handtert av ein verge, under oppsyn av statsforvaltaren. Bankane har eigne tilbod for personar med verge, og mange har flytande rente utan binding.

Ifølge avisa sine undersøkingar stod Sparebank1 Nord-Noreg oppført med det klart dårlegaste tilbodet: 0,15 prosent. Samtidig tilbyr dei ein mykje høgare rente til sine vanlege kundar. Ifølge banken sine nettsider får kundar med sparekonto 2,35 prosent rente.

Statsforvaltarane i Nordland, Troms og Finnmark stadfester at det er snakk om 166 millionar kroner som vergetrengande har på konto med 0,15 prosent rente.

Statsforvaltaren opplyste i den samanheng:

«Dette har jo selvsagt vært vondt å se på, og selv om vi ikke har ansvar utover å informere om så har vi tatt noen ekstra runder med vergene til de vergehaverne med høyest innskudd og som dermed går glipp av vesentlige renteinntekter»

– Her må fvi rett og slett berre legge oss flate, lyder det frå Sparebank 1 Nord-Noreg når Dagens næringsliv tar kontakt med banken.

Reidar Buck Sivertsen, prosessleiar for sparing og investering, seier at den flytande rente deira skulle ha vore justert tidlegare.

– Her har vi ikkje gjort ein god nok jobb, og derfor justerer vi opp renta på dette produktet frå og med i dag.

Renta har ikkje vore justert sidan 2020. Banken tilbyr no 2,1 prosent flytande rente utan binding.

– Vi skal vere ein bank med konkurransedyktige vilkår, og det skal sjølvsagt ikkje vere slik at Statsforvaltaren i Nordland fråråder verger å bruke den nordnorske banken, seier Sivertsen.

Read Entire Article