Sakna nordmann har meldt seg

2 weeks ago 9



Tysdag 17. september blei fleire personsøkarar detonert i Libanon. Ni personar blei drepne og rundt 2750 personar blei skadde i angrepet.

Ein nordmann blei knytt til salet av personsøkarane, som blei brukte av Hizbollah.

Mannen blei meldt sakna og etterlyst internasjonalt av Kripos.

No skal mannen ikkje vere sakna lenger.

– Til informasjon har personen som var meldt sakna teke kontakt med meldar. Melder ønsker ikkje lenger å ha han sakna av politiet, opplyser Oslo politidistrikt.

Dei ønsker ikkje å seie noko om kven som melde nordmannen sakna. Dei har avslutta saka og etterlysinga, seier pressesjef Unni Grøndal til NRK.

PST undersøker

Sjølv om politiet i Oslo har lagt bort saka der nordmannen var sakna, held PST fram undersøkingane.

Dei jobbar med å få avklart om han har gjort straffbare handlingar i forbindelse med angrepet.

– Undersøkingssaka går framleis føre seg, seier seniorrådgjevar i PST Eirik Veum til NRK.

Publisert 05.11.2024, kl. 11.06 Oppdatert 05.11.2024, kl. 11.22

Read Entire Article