Så tidleg bør du stoppe å drikke kaffi

1 month ago 47



– Har du kaffi?

Ein gråhåra mann stikk hovudet inn døra på Kaffehuset i Stavanger. Klokka er ti på ti.

– To koppar, seier Stein Lea på utprega stavangerdialekt.

Han har berre to timar igjen til å nyte kaffien sin. I alle fall om han skal følge sin eigen kaffifrist.

Når tar du siste kaffikopp?

– Nei eg drikk ikkje kaffi etter klokka 12, då går det gale, seier Lea med eit seriøst blikk.

Kaffien går unna både i Noreg, som importerer mest kaffi i sommarmånadane ifølge tal frå Statistisk Sentral Byrå (SSB), og hos Stein Lea. Han drikk minst tre koppar om dagen.

Men dei må nytast før tolv.

Og det er ikkje berre Lea som har sett seg ein kaffifrist:

Kaffe

Richel Ruego

– Eg drikk ikkje kaffi på kvelden. Helst ikkje etter klokka 6.

Knut Lekvam

Knut Lekvam

– I 4-5 tida prøver eg å ta siste kopp

Kaffe

Sonja Malahal

– Eg prøver å ta siste koppen rundt 6-tida så eg får sovet om kvelden

kaffe

Hugene Brendløkken

– Mellom 8 og 12, om kvelden ja. Eg merker ingenting.

Kaffe

Wiktoria Hudziak

– Siste kopp er klokka 3. Klokka 5-6 blir for seint

Men er det noko vits å sette ein frist for dagens siste kaffikopp?

– Ja, det er det absolutt.

Svaret frå klinisk ernæringsfysiolog, forskar og sjølverklært kaffientusiast Jacob Juel Christensen, er klart og tydeleg, men du kan dryge den litt lengre enn Lea:

– Klokka fem-tipset, som mange bruker, det er eit godt tips for dei aller fleste med eit normalt inntak kaffi, seier han.

Og det bør du kanskje nytte deg av om du skal unngå at det som Lea seier «går gale».

Kaffe

På tide med kaffi?

Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK

Opptil 15 timar i kroppen

– Det blir vanskelegare å sovne og du får dårlegare søvnkvalitet, seier Christensen blir konsekvensane dersom du drikk kaffi seint om kvelden.

Grunnen til det: koffein.

Christensen fortel at koffein fører til at du utset eller dempar søvntrykket, altså kjensla av å vere trøytt. Dersom du drikk kaffi om kvelden vil du dermed slite meir med å sovne.

Og koffeinen forsvinn ikkje med det første:

– Når koffein kjem inn i kroppen tar det ti til 15 timar før det er ute av kroppen att, seier Christensen.

Det kan også verke som om denne uskrivne kaffifristen har andre effektar.

Kaffe

Noreg er på andreplassen over de mest kaffitørste nasjonane i verda.

Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK

Ingen kundar

På Kaffehuset skjenker sals og kaffilærling Wiktoria Hudziak, oppi nye koppar kaffi. Kundestraumen på føremiddagen er jamn, men det endrar seg drastisk etter fem.

Kaffe

Wiktoria Hudziak har det svært travelt på Kaffehuset om sommaren. I alle fall til klokka fem.

Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK

– Etter klokka fem-seks er det nesten ingen folk her, seier Hudziak om dei dagane i veka Kaffehuset har opent til sju i staden for fem.

Også butikksjef Richel Ruego på Helmer Te og Kaffi i Stavanger merker stor skilnad i kundetrykket etter klokka fem. Då stilnar det.

Hudziak tar sjølv sin siste kopp før klokka tre.

– Viss ikkje får eg ikkje sove, seier ho.

Kaffe

Ein heil vegg dekka av kaffi på Kaffehuset.

Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK

Ingen regel utan unntak

Men korleis kan nokre som drikk kaffi seint på kvelden sovne utan problem?

– Det er fordi ein kan utvikle toleranse. Så dei som drikk mykje kaffi og koffein over tid vil utvikle ein toleranse og får ikkje same fysiologiske effekt av ein viss dose, seier Christensen.

For Stein Lea, som nå har fått sine to rykande ferske kaffikoppar, er fristen fast, men ikkje noko han vil presse på andre:

– Me er heldigvis forskjellige, og kaffi er jo den beste drikken der er, avsluttar han idet han går ut døra.

Kaffe

Stein Lea har fått sine to koppar før tolv.

Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK

Publisert 04.08.2024, kl. 12.17

Read Entire Article