Blei overraska av haustmørkeret på fjelltur – utløyste storstilt redningsaksjon

4 hours ago 3



Fjellturen han hadde gledd seg til i lang tid enda med dramatikk for Arve Storvik siste veka i august. Han skulle gå ei merka løype i Trollheimen, men gjekk feil fleire gonger. Det forsinka han så mykje at han til slutt mørkna ute.

Dermed blei turen eit mareritt.

Etter 17 timar ute i høgfjellet var han klissvåt, iskald og frykta for livet.

«Arve, no døyr du,» sa han til seg sjølv.

For Arve Storvik hadde gått seg vill på den vel 20 kilometer lange ruta mellom Vindølbu og Trollheimshytta i fjellområdet Trollheimen.

Leiteaksjon etter sakna mann i 70-åra i Grådalen i Surnadal

Store styrkar frå politi og frivillige organisasjonar leita etter Arve Storvik utan at han var klar over det.

Foto: John J. Storholt

Storstilt redningsaksjon

Dei første timane forsøkte den erfarne turgåaren å halde motet oppe. Men etter ei iskald natt ute skjønte han at han måtte ringe 113, idet det begynte å lysne av dag.

Då samtalen blei broten før han nesten rakk å seie noko som helst, trudde han at alt håp var ute. Men politiet forstod at det var alvor, og sende ut store styrkar. Ilag med frivillig leitemannskap sette dei inn alt på å finne 71-åringen.

– Det regna, eg blei våt og kald og fraus noko heilt forferdeleg, seier han.

Det var ikkje dekning i området, og Storvik hadde planlagt å bruke tre dagar på turen. Difor visste han at familien neppe kom til å slå alarm på fleire dagar.

Fint ver på fjelltur

Dette bildet tok Arne Storvik undervegs på turen, før det gjekk gale.

Foto: Arve Storvik

Åtvarar om haustmørkeret

71-åringen er ikkje den første som har gått seg vill i haustmørkeret. Det er fleire som har blitt overraska over at dei lange, lyse sommarkveldane med eitt er borte.

Røde Kors Hjelpekorps anslår at dei årleg deltek på rundt 200 redningsaksjonar etter fotturistar i fjellet.

Roy Worum

Roy Worum i Røde Kors Hjelpekorps seier mørkeret kan kome overraskande om hausten.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Det går veldig raskt frå å vere fint når du går ut på formiddagen, til kaldt og gjerne minusgrader når vi får skumring på kveldstid, seier Roy Worum, som er nestleiar i landsrådet for Røde Kors.

Han seier det allereie har vore fleire leiteaksjonar i haust, men vil ikkje skremme folk frå å bruke naturen. Han meiner det er viktig å ta med kart og kompass, ekstra lys, kle, mat og utstyr.

Laurdag var det leiteaksjonar etter fotturistar både i Ørsta i Møre og Romsdal og ved Kjerag i Rogaland.

Det var denne turen Arve Storvik ville gå.

Blei berga til slutt

Då Arve Storvik hadde vore på villspor i 17 timar, høyrde han brått lyden av helikopter over seg. Han forstod ikkje at han var berga, før helikopteret sette ned snuten rett framfor han og mannskapet hoppa ut.

Han visste heller ikkje at kona og dei tre borna sat heime på Lillestrøm og var livredde for kva som hadde skjedd med han.

Han er framleis prega av turen, og måtte ha to netter på sjukehus, men noko har han lært: at haustmørkeret kan vere skummelt, og at han burde tatt turen på sommarstid.

– Då hadde eg hatt mykje betre tid på meg, i alle fall tre-fire timar. Eg har lært at det skal eg ikkje gjenta, seier han.

Han synest oppstyret han skapte er litt pinleg, men tok nyleg kontakt med politiet for å få hjelp til å takke dei som redda han for tre veker sidan. Det gløymer han aldri.

– Det var heilt fantastisk, det var ein lette utan like, seier han.

Publisert 21.09.2024, kl. 17.26

Read Entire Article