Russland vil ha med FN i forhandlingane om våpenkvile.
Det seier den russiske diplomaten Grigory Karasin tysdag morgon.
Utsegna kom etter samtalene om våpenkvile mellom USA og Russland på måndag.
– Vi skal fortsette samtalane, saman med det internasjonale samfunnet, seier han til nyheitsbyrået TASS.
No har Ukraina og USA nye samtaler i den saudiske hovudstaden Riyadh, fortel ukrainsk kjelde til AFP.
Den russiske diplomaten Karasin fortel om intense samtaler mellom amerikanske og russiske delegatar.
– Vi diskuterte alt, det var ein intens samtale, ikkje enkel, men veldig nyttig for oss og amerikanarane, seier Karasin.
Samtidig understrekar Karasin at dei ikkje er i nærleiken av å løyse alt.
Møtet mellom partane var på måndag, og varte i 12 timar.
Før møtet mellom USA og Russland hadde delegatar frå USA og Ukraina samtalar på søndagen.
Nå har de i enda et møte om våpenkvile.
Tidslinje USA - Russland - Ukraina
Milepælar i arbeidet for våpenkvile og fredsavtale i Ukraina
Etter møtet fortalde den ukrainske forsvarsministeren på X at samtalane var produktive og fokuserte.
– Vi fokuserte på nøkkelpunkt, blant anna energi, skriv Rustem Umerov.
I løpet av søndag og måndag har både russiske delegatar og ukrainske delegatar våpenkvile-samtalar med USA på hotellet Ritz-Carlton i Saudi-Arabia.
Foto: ReutersVåpenkvile
Det kvite hus har tidlegare uttalt at dei vil ha ei våpenkvile innan 20. april, skriv Reuters som siterer anonyme kjelder avisa Bloomberg har snakka med.
Den amerikanske presidenten Donald Trump, Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og Russland president Vladimir Putin.
Foto: SAUL LOEB, MAXIM SHEMETOV / AFP / NTBDette har ikkje opplysningar frå offisielt hald bekrefta.
Ukraina har sagt ja til USAs forslag om våpenkvile i 30 dagar.
Vladimir Putin har sagt nei til dette, men ja til å avslutte angrep på ukrainske kraftverk. Han har opna for forhandlingar om våpenkvile i Svartehavet og sagt ja til fangeutveksling mellom Ukraina og Russland.
Publisert 25.03.2025, kl. 09.03 Oppdatert 25.03.2025, kl. 09.29