Russisk krigsskip skaut varselskot mot norsk fiskebåt

1 week ago 9



– Eg blei kalla opp på radioen: «This is Russian Warship, you need to leave the area», seier Øystein Orten.

Han og resten mannskapet på 15 meter lange MS Ragnhild Kristine såg det russiske krigsskipet ikkje langt unna der dei hadde sett liner.

Den russiske kapteinen forklarte at dei hadde ei skyteøving på gang.

– Eg svarte at det kjem ikkje på tale at vi skal flytte på oss. Dei hadde jo ikkje rett til å forvise oss, og vi hadde liner å hale, seier reiar og styrmann Orten til NRK.

Fiskebåten frå Aukra var i Barentshavet, nord for Vardø i norsk økonomisk sone.

– Då kom krigsskipet i full fart med kanonane mot oss, seier romsdalsfiskaren.

 Øystein Orten (til venstre) og tvillingbror Torstein eig MS Ragnhild Kristine.

Øystein Orten (til venstre) og tvillingbroren Torstein eig MS Ragnhild Kristine, som blei kåra til årets kvalitetsfiskar i 2020.

Foto: Privat

Det var Fri fagbevegelse som først melde om det ublide møtet, der russarane snart opna eld.

Small kraftig i skroget

Det russiske krigsskipet var med på «Ocean-24», ei militærøving president Vladimir Putin kalla den største i sitt slag på 30 år.

Russland hadde med seg Kina på øvinga, og ifølge russiske myndigheiter var over 400 krigsskip og 120 fly og helikopter med.

Styrmann Orten nekta å ta ordrar frå den russiske destroyeren og fortsette mot fiskelinene sine.

– Da såg eg over skuldra at krigsskipet kom mot oss i full steam. Skipet la seg 200 meter frå oss med breisida til. Det var lett truande kan du seie. Dei skrudde på tyfon-tåkeluren i rundt 15 sekund for få merksemda vår. Så skaut han med ein kanon ein eller anna plass i sjøen. Det small kraftig i skroget vårt og rista, seier Orten.

Den vesle fiskebåten blei ikkje treft direkte og skipperen meiner det truleg blei brukt ein kald-granat som trefte ein plass i vatnet rundt båten.

Krigsskipet «Admiral Levchenko»

Såpass nære var krigsskipet da Øystein Orten knipsa bilete av det.

Foto: Privat/Øystein Orten

Lite skadd fisk

Etter smellet blei tonen mellom den store russaren og den vesle norske båten meir på bølgelengde.

– Me blei einige med det russiske krigsskipet om å gå eit stykke vestover. Det var frivillig tvang som dei seier i militæret, fortel Øystein Orten.

Fiskarane fekk beskjed om at dei kunne komme tilbake til linene sine etter fem-seks timar.

– Var det sprengt torsk på linene da?

– Nei da, me drog opp mykje torsk, og litt hyse og blåkveite. Det hadde ikkje påverka fiskeriet på noko måte.

Forseinkinga gjorde at dei seks fiskarane ikkje var ferdige før 8.30 neste morgon.

– Treng meir politisk press

Trefninga skjedde torsdag 12. september. Kort tid etter hadde fiskebåten kontakt med Kystvakta, som sa at dei berre måtte bli einige med russarane.

– Da sa eg litt spøkefullt: «Bli einige om dei skal skyte oss no, eller om dei skal skyte oss seinare», humrar Orten.

«Admiral Levchenko»

Krigsskipet «Admiral Levchenko» i 2018.

Foto: KNM «Trondheim»

Han vil avdramatisere hendinga, og presiserer at det ikkje blei skote med skarpt.

– Dei ville skremme oss og få merksemd, og sørge for at det ikkje var sivil trafikk i området.

Fiskaren er mykje meir kritisk til norske myndigheiter, og meiner dei må presse på mykje hardare for å sørge for at slike øvingar ikkje skal gå føre seg i norsk økonomisk sone.

Myndigheitene er feige rett og slett, seier han.

Forsvaret er kjent med konfrontasjonen, og opplyser at norske fartøy ikkje er forplikta til å forlate området i norsk økonomisk sone når det er militære øvingar.

Den russiske ambassaden i Oslo har uttalt dei ikkje kjenner til hendinga.

Publisert 23.09.2024, kl. 19.29 Oppdatert 23.09.2024, kl. 19.37

Read Entire Article