Oliver Kvarsvik seier han trur den avsluttande feiringa vil verke samlande for årets russekull.
Foto: Erling Leegaard / NRK– Vi er jo på mange måtar prøvekaninar, så det blir spennande å sjå korleis det fungerer.
Det seier Tristan Berger. Saman med kompisen Oliver Kvarsvik er han godt i gang med førebuingane til årets russefeiring.
Og feiringa i år blir ikkje lik nokon annan.
Styresmaktene har nemleg gitt avgangselevane i år nokre nye spelereglar:
- Tidleg eksamen: Skriftleg eksamen er flytta til starten av mai
- Todelt feiring: I nesten heile landet blir første del av avgangsfeiringa flytta til etter dei skriftlege eksamenane frå 14. mai til 17. mai. Deretter venter munnlege eksamenar, før avgangselevane får ei ny veke med feiring frå 13. juni.
- Kleskode: Fleire fylke forbyr russeklede på skolen utanom desse periodane.
Gutane frå Fredrikstad har investert i ein russebuss og merkar dei strammare taumane.
– Det er litt kjedeleg, men eg trur vi finn ei løysing på det, seier Berger.
Fredrikstadgjengen har valt å kalle seg for «Kompis». Dei ser spent fram mot årets feiring.
Foto: Erling Leegaard / NRKEksamen i starten av mai
Det skapte store reaksjonar da kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i fjor flytta dei skriftlege eksamenane for 2026 til starten av mai, i eit forsøk på å avgrense russefeiringa.
Tidlegare har dette vore toppunktet for feiringa, med ei avslutning 17. mai.
– Vi har jobba saman med ungdommen, og dei har sjølv ønskt å ha ei feiring etter at dei er ferdige med eksamen. Det er eg veldig glad for at ein har lytta til.
Det seier seniorrådgivar ombod for barn og unge i Østfold, Buskerud, Akershus, Henrikke Bugdø-Aarseth
Henrikke Bugdø-Aarseth
Ombod for barn og unge i Østfold, Buskerud og Akershus
Ho trur at dei fleste vil følge den nye ordninga, spesielt ettersom fylkeskommunen i Østfold har sørga for midlar til fellesarrangement.
– Og så er det nokre som kjem til å velje å ha festar elles. Det må dei berre gjere om dei vil det. Det er ikkje noko vi kan regulere.
Splittar russen
Nå, nokre veker før dei første eksamensdagane, har russen funne seg i at feiringa i år blir annleis.
– Det har nok vore litt delt. Eg trur nokre synest det er bra at det er éi veke. Det er mindre stress og meir fokus på det sosiale i ein kort periode. Men for andre som har lagt inn mykje pengar, så er det litt kjipt at det blir korta ned.
Det fortel Sanna Sundt, som er russepresident ved Kirkeparken vidaregåande skole i Moss.
Sanna Sundt og Alva Gjertsen er russepresidentar ved Kirkeparken og Malakoff vidaregåande skole i Moss.
Foto: Erling Leegaard / NRKAlva Gjertsen, som er russepresident ved naboskolen Malakoff, legg til at pensumet har blitt korta ned som følge av tidlegare eksamen.
– I starten så var nok dei fleste ikkje like fornøgde, men nå som eksamensperioden nærmar seg, så er dei fleste veldig fornøgde med korleis det har blitt, seier Gjertsen.
Dei to russepresidentane trur ei kortare feiring gjer at presset på å bruke pengar blir mindre.
– Mange ønsker jo ikkje å investere i ein russedress når det er snakk om over ei veke, fortel Sundt.
Kjem til å feire uansett
Men for dei som allereie har brukt ein større sum, som Berger og Kvarsvik, er feiringa noko som framleis vil bli prioritert.
– Dette er jo noko vi bestemte oss for før reglane blei lagde fram, fortel gutane frå Fredrikstad.
Dei seier at dei kjem til å feire, også i perioden der fylket ønsker at elevane skal prioritere det faglege.
Russebussen til gutane frå Fredrikstad er under arbeid.
Tristan BergerLikevel trur dei at mange vil ta ein pause opp mot eksamen.
– Ein er gammal nok til å skjønne om ein kan rulle eller ikkje. Om du har eksamen ei veke, så tar du det roleg for å pugge, meiner Kvarsvik.
Publisert 02.05.2026, kl. 17.21















English (US)