Regjeringa slår alarm: Studentane må tilbake til campus

8 hours ago 6



Tala for nettstudium har eksplodert, medan forelesingssalane gapar tomme. No slår regjeringa alarm for å berge studiemiljøet frå den digitale dvalen.

«Spøkelses-campus» refererer til fenomenet der universitets- og høgskuleområde står folketomme eller med svært lite liv, trass i at studenttalet på papiret kan vere rekordhøgt. (Bildet er en illustrasjon.)

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Tala for nettstudium har eksplodert, men forelesingssalane gapar tomme. No slår regjeringa alarm for å berge studiemiljøet frå den digitale dvalen.

Det livnar i lundar og lauvast i li, men utanfor høgskulen i Førde er det ikkje ei sjel å sjå.

Vårsola kviskrar liv i alt som har tidd, men uteserveringa er heilt tom.

Volleyballbanen er like aud, berre ein liten støvengel dansar over sanden.

På graset hoppar ein svarttrost rundt medan han snur på lauv og graver etter mark og insekt.

Her er så underleg. Kor er alle studentane?

I vår gav utdanningsminister Sigrun Aasland klar beskjed: Høgskular og universitet må få studentane bort frå skjermane og tilbake til campus.

Forklaringa var tredelt:

  1. Djup læring og relasjonskompetanse krev møteplassar der det ikkje er mogleg å «mute» den andre.
  2. Fleire studentar rapporterer at dei er einsame.
  3. Studentar som møter opp fysisk, har høgare gjennomføringsgrad.

Rett innanfor inngangen har høgskulen i Førde reist ein ny «læringslab».

Her står VR-briller, spelkonsollar og profesjonelt podkast-utstyr klart til bruk eller heimelån. Alt for å lokke studentane tilbake.

Ved skranken sit ein medarbeidar klar for å hjelpe, men ingen dukkar opp. Berre tre tilsette ved skulen riggar seg til med kvar si matpakke.

I kantina fortel kjøkkensjefen om ein brannalarm som nyleg gjekk.

Då alle evakuerte til uteplassen, stod det klart for han: Høgskulen er vorte ein opphaldsstad for fast tilsette.

Digitale nomadar i tomme praktbygg

Tala frå Samordna opptak viser at talet på studentar på nettbaserte studium har auka med 226 prosent dei siste ti åra.

Pandemien sette fart på utviklinga, og sidan har fleire digitale førelesingar og «hybridstudie» halde fram trenden.

Endringa har nokre klare førdelar:

Å studere på nett gjer det mogleg for småbarnsforeldre i distrikta eller fagarbeidarar i full jobb å ta høgare utdanning utan å måtte flytte. Det knuser geografiske barrierar og klasseskilje. Grupper som før stod utanfor, slepp no inn i akademia.

På den andre sida er campus i ferd med å miste funksjonen sin som ein intellektuell arena. Historisk har universitetet vore ein stad for friksjon, der studentar møtest fysisk for å diskutere, krysse sverd og lære å handtere usemje.

NRK har snakka med fleire som åtvarar om at «fleksibiliteten» har ein (for) høg pris:

Utan den dannande dultinga i korridorane og seminarromma endar høgskulane opp som reine vitnemålfabrikkar. Frå institusjon til leverandør.

Eller enda verre: Som moderne utgåver av Potemkins kulissar. Praktbygg som ser imponerande ut frå utsida, men som i realiteten er tomme inni.

Difor er det eit problem om kantinene står tomme:

  • En park utenfor campus med folk som sitter på plenen i sola

    Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

    Einsemd og dårlegare psykisk helse

    Når studentane forsvinn frå campus, smuldrar det sosiale tryggingsnettet bort. Utan fysiske møteplassar aukar isolasjonen, noko som heng direkte saman med den urovekkjande veksten i psykiske plager blant studentar.

  • Sjølv om skjermen gir kunnskap, kan han ikkje erstatte menneskeleg samhandling. Det fysiske miljøet er avgjerande for å utvikle sosiale ferdigheter, byggje sjølvtillit og knyte dei langvarige relasjonane som formar oss som menneske.

    Marius André Jenssen Stenberg / NRK

    Tap av danning og relasjonskompetanse

    Sjølv om skjermen gir kunnskap, kan han ikkje erstatte menneskeleg samhandling. Det fysiske miljøet er avgjerande for å utvikle sosiale ferdigheter, byggje sjølvtillit og knyte dei langvarige relasjonane som formar oss som menneske.

  • Campus Kristiansund

    Marius André Jenssen Stenberg / NRK

    Større avstand mellom student og lærar

    Den uformelle «dultinga» i korridorane vert borte når alt vert digitalt. Ein levande campus senkar terskelen for rettleiing og dialog; utan dette vert avstanden til professorar og fagmiljø for stor og kommunikasjonen meir mekanisk.

  • Elin Kamsvåg i døra til sal på Campus

    Eirik Haukenes / NRK

    Svekka motivasjon og passiv læring

    Læring er ein sosial prosess. Utan eit fagsosialt fellesskap endar studenten ofte opp som ein passiv mottakar av videoforelesingar, noko som krev ekstremt mykje meir eigenmotivasjon og aukar risikoen for at ein fell frå.

Heiltidsstudentar og andre raudlista arter

Dosent Trine Løvold Syversen meiner problemet er særleg akutt for dei unge studentane.

– Heiltidsstudentane er som regel unge personar i ein viktig utviklingsfase. Studiar dreier seg ikkje berre om å lære eit pensum, men også om å lære tenkjemåtar og samhandle med andre, seier ho.

Ho legg til:

Digitale løysingar kan supplere aktivitetar på den fysiske lærestaden, men ikkje erstatte dei.

Forsking frå Universitetet i Innlandet viser at 70 prosent av heiltidsstudentane rapporterer om dårlegare læringsutbyte når den fysiske kontakten med medstudentar og lærarar fell bort.

Ved langbordet i høgskulekantina i Førde sit tolv fast tilsette, som eit bilete på den nye demografiske balansen.

– Det må då vere nokre studentar her, sukkar NRK-fotografen.

Og sanneleg! Som i ein naturdokumentar om sjeldne dyreartar dukkar plutseleg fire unge studentar opp i sidesynet.

Malene, Kristine, Emma og Andrea fortel at dei i starten av studietida hadde mange møtepunkt, men at det gradvis har stilna. Dei har forsøkt å ta vakter i studentbaren, men mista motivasjonen då det nesten ikkje kom gjester.

For Kristine var det eit reint samantreff at ho i det heile var på skulen i dag. Ho har ikkje vore på campus sidan november.

Malene, Kristine, Emma og Andrea fortel at dei i starten av studietida hadde mange møtepunkt, men at det gradvis har stilna. Dei har forsøkt å ta vakter i studentbaren, men mista motivasjonen då det nesten ikkje kom gjester.Tala for nettstudium har eksplodert, medan forelesingssalane gapar tomme. No slår regjeringa alarm for å berge studiemiljøet frå den digitale dvalen.

Malene, Kristine, Emma og Andrea kunne ønske det var meir liv og røre på campus.

Løysinga: «fear of missing out»

Ein studentbar er berre attraktiv dersom det er folk der, og folk kjem berre dersom baren er attraktiv.

Slik er spiralen som gjer at studentkulturen går til grunne utan ein aktiv motkonjunkturpolitikk.

Fleire av institusjonane jobbar difor aktivt med å definere kva ein campus skal vere, og tidlegare i mai inviterte Nokut og Norsk studentorganisasjon (NSO) til frukostmøte med tittelen «Kor blir det av studentane?».

Ein av paneldeltakarane var Silje Fekjær ved Oslo Met. Ho meiner akademia må snakke meir om kva som faktisk gir studentane ein grunn til å vere der.

– Studentane kjem på campus viss det er der dei får undervisning som gir dei det dei treng for å stå på eksamen, og viss venene deira og moroa er der, seier Fekjær.

Leiar for utdanningspolitikk i Abelia, Anja Johansen, argumenterer for at løysinga ikkje er tvang, men å gjere campus så sosialt attraktiv at studentane blir redde for å gå glipp av noko viktig.

– Om «fear of missing out» oppstår, lukkast man kanskje med å revitalisere campus, seier ho.

  • Fungerende prorektor ved Oslo met, Silje Bringsrud Fekjær.

    Oslomet

    Silje Fekjær, professor Oslo Met

    Mange snakkar om faktorane som trekkjer studentane vekk, som jobb og nettstudium. Men det er ikkje slik at alle ønskjer å studere på nett. Vi burde snakke meir om faktorane som gir studentane ein grunn til å vere på campus. Studentane kjem viss det er undervisning som gir dei det dei treng for å stå på eksamen, og viss vennene deira og moroa er der. Dette kan vi gjere noko med.

  • Hilde Gunn Slottemo

    Forskerforbundet

    Hilde Gunn Slottemo, nestleiar Forskerforbundet

    God utdanning føreset møte med andre menneske. Å bli danna for eit arbeidsliv krev at ein lærer seg å omgåast andre og fungere i sosiale relasjonar. Mange yrke krev relasjonskompetanse – og det kan berre givast gjennom erfaring. Å møte studentane fysisk i eit klasserom er noko heilt anna enn via skjerm, som ofte er meir krevjande og gjer det vanskelegare å få til diskusjon.

  • Bendik Meling Samuelsen

    BI

    Bendik Meling Samuelsen, prorektor BI Norwegian Business School

    Når studentane vel bort campus, mistar dei samstundes dei uformelle møteplassane som er sjølve motgifta mot einsemd og utanforskap. For BI er ikkje løysinga å tvinge studentane tilbake til ein utdatert modell, men å sørgje for at campus fortener tida deira. Vi må balansere den digitale fridommen med vårt ansvar for å skape eit miljø som gir ein menneskeleg og pedagogisk meirverdi.

  • Sigrun Aasland og Anders Malthe-Sørenssen

    Per-Ivar Kvalsvik / NRK

    Sigrun Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister

    Eg har ei veldig sterk oppmoding til alle rektorane: Dei må få studentane tilbake på campus. Dei må vere tilbakehaldne med digitale førelesingar og å gjere utdanninga nettbasert. Utdanningsinstitusjonane må bli flinkare til å sørgje for at dei studentane som kjem rett frå vidaregåande og skal studere på heiltid, får ein møteplass og ei utdanning der dei er fysisk til stades.

  •  Eivind Senneset for Høgskulen på Vestlandet

    Eivind Senneset

    Gunnar Yttri, rektor HVL

    Eg ønskjer i 2026 at campusen skal takast meir i bruk og fyllast opp av folka våre, som utfaldar seg åleine og i fellesskap i arbeid. Det er bruken av campus som bestemmer verdi og innverknad; det er bruken som bestemmer vidare utvikling. Verdien av laboratorium, bibliotek og kantiner aukar når det er i bruk og folk er meir fysisk til stades på Vestlandet.

  • Rektor Tor Grande NTNU

    Morten Andersen

    Tor Grande, styreleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR)

    Å vere fysisk til stades betyr mykje for både uformell læring, sosial fellesskapar og det faglege samspelet som utviklar kunnskap. Samstundes har digitalisering og fleksible studieløp opna dørene til utdanning for langt fleire – ikkje minst for studentar i distrikta. No blir vi også motiverte av resultata frå det siste Studiebarometeret, som viser at studentane er på veg tilbake.

  • Prorektor Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet.

    Terje Rudi

    Anne-Grethe Naustdal, Prorektor for utdanning, Høgskulen på Vestlandet

    Årets Studiebarometer viser at HVL-studentane er mykje på campus. 89 prosent er der 3–5 dagar i veka, så «spøkelsescampus» er ei noko overdriven skildring. Likevel ønskjer vi oss endå fleire og jobbar med å styrke læringsmiljøet. Eg meiner det er viktig for danninga at unge er ein del av eit fagleg og sosialt fellesskap. Vi vil difor at campus skal vere ein plass der studentane trivst godt.

  • Høgskolelektor, adm ledelsefag Hinn

    Ruth Barsten / NRK

    Trine Lövold Syversen, Institutt for organisasjon, ledelse og styring, Universitetet i Innlandet

    Svekking av studiefinansieringa gjer at studentar må jobbe meir for å få endene til å møtast, og får dermed mindre tid til å delta aktivt ved eit lærestad. Truleg kan undervisningstilbodet og den pedagogiske tilnærminga forbetrast og fornyast, slik at studentane opplever ein større nytte ved å møte opp. Forventningar om oppmøte bør truleg styrkast for å skape læringsmiljø.

  • Thea Grønvold Natvig

    Nokut

    Thea Grønvold Natvig, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT)

    Noko går tapt når færre studentar er fysisk til stades på campus, særleg fellesskap, studiemiljø og den læringa som oppstår meir spontant. Samstundes gjer digitale og fleksible løysingar det mogleg for fleire å ta høgare utdanning, uavhengig av livssituasjon og bustad. Oppgåva vår er å sørgje for at denne utviklinga ikkje går på bekostning av studiekvaliteten.

  • Svein Tuastad

    Øystein Otterdal

    Svein Tuastad, førsteamanuensis UiS

    Dette handlar om spennet mellom universitet som studentfabrikk kontra som danningsinstitusjon. Går ein den linja heilt ut, sluttar universiteta å vere universitet med kritisk potensial og kontinuitetsberar av danningsideal. For det skjer berre når folk møtest og diskuterer, som Hannah Arendt sa. Tyngdepunktet må ikkje flyttast for langt over til utdanning berre som produksjon.

Grep for å skape ein levande campus

Medan mange slit med tomme bygg, finst det lyspunkt.

Ved å samle verksemda på ein hovudcampus på Ullandhaug, byggje studentbustader tett på undervisningslokala og tilby døgnopne tenester, har Universitetet i Stavanger (UiS) skapt den «kritiske massen» som trengst for at kantiner og treningssenter skal overleve.

– Vi har ein langsiktig plan for eit levande universitetsområde. Vi ser eit klart behov for fysiske møteplassar i ei digital tid, seier Vibecke Lykke Olsen ved UiS.

Det er også teikn til at mindre studiestader som Volda og Sogndal klarer å halde på campus som eit gravitasjonspunkt.

Høgskulen i Volda (HVO) fekk i fjor prisen for Årets Erasmus+-institusjon, mykje takka vere satsinga på fysiske møteplassar som «Pangaia».

Styreleiar i samskipnaden Sammen, Sjur Selsvik, fortel om tilsvarande arbeid i Sogndal.

– Vi opnar straks ei nyoppussa kantine og har oppgradert kafelokala på Studenthuset. Slik gjer vi campus til ein attraktiv plass å vere. Det er viktig for læring og trivsel.

Hovudinntrykket er likevel ikkje til å ta feil av.

Medan vi leitar etter angreknappen for skjermbruk i barneskulen, står fleire norske campusar att som tomme kulisser.

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) erkjenner i sin strategi mot 2040 at «spøkelses-campus» er ein reell risiko.

 Den nye kvardagen i akademiaTala for nettstudium har eksplodert, medan forelesingssalane gapar tomme. No slår regjeringa alarm for å berge studiemiljøet frå den digitale dvalen.

Ein doven sandvolleyballbane er blitt symbolet på den nye kvardagen: Staten har bygd campus for milliardar, men studentane har vorte digitale nomadar.

Utanfor høgskulen i Førde er benkene framleis like tomme, og sandvolleybanen ligg doven i solvarmen.

Studentane er kanskje heime og ser på videoførelesingar i 1,7x fart, eller dei er på jobb.

– Ja, dette er eit problem, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

– Vi treng levande campus der studentar møtest og løyser problem saman.

Ho legg til:

– Dei som skal studere for første gong, bør velje eit studium der folk møter opp. Bruk studietida til å vere sosial, meld deg inn i ein organisasjon og bruk campus.

  • en mann som står foran en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Skjalg Bøhmer Vold / NSO

    Sigve Næss Røtvold, leiar NSO

    Vi studentar treng eit levande campus for å behalde møteplassar som kantina og studentpubar, stader der venskap faktisk oppstår. Mange studentar har ikkje råd til å vere på campus fordi studiestøtta ikkje dekkjer utgiftene. Vi er avhengige av deltidsjobben, og då må mange velje jobb framfor førelesing. Så lenge økonomien tvingar oss bort, vil studiemiljøet lide.

  • Vibecke Lykke Olsen

    Kristin Horne / UiS / UiS

    Vibecke Lykke Olsen, direktør UiS

    Ved Universitetet i Stavanger har vi opplevd det motsette. Vi har vald å samle vår hovudcampus på eitt område og har ein langsiktig plan for å utvikle eit attraktivt universitetsområde. Trenden no er at fleire og fleire studentar oppheld seg på campus, og ikkje berre i undervisningstida. Vi ser eit klart behov for fysiske møteplassar i ei tid der digitalisering dominerer.

  • Arve Hjelseth  for Kompass NRK P2 under Olavsfestdagene 2024

    Øivind Haugen / NRK/Øivind Haugen

    Arve Hjelseth, professor NTNU

    Det er ikkje tvil om at ein campus som Dragvoll har atskilleg mindre liv enn før. Høgare utdanning må som hovudregel vere ein arena for dialog, disputt og motførestillingar. Ferdigtygde førelesingar på nett kan dei jo dessutan få mange andre stadar. Sjølv om nettbaserte studiar er redninga for desentraliserte utdanningar, er det ikkje noko tradisjonelle lærestadar bør satse på.

  • Victoria Skogsletten Dalen, leiar i Studentparlamentet

    Studentparlamentet

    Victoria Skogsletten Dalen, leiar i Studentparlamentet

    «Spøkelsescampusar» er ikkje ein uunngåeleg konsekvens av digitalisering, men eit varsel om at vi må tenke nytt om korleis campus blir brukt. Det er ofte i dei uformelle møta, før førelesing, i biblioteket eller i kantina, at både læring, trivsel og demokratisk danning skjer. Dersom campus blir tømt over tid, risikerer vi å miste noko heilt avgjerande for studietida.

  • Tale Rørvik Lejon

    Privat

    Tale Rørvik Lejon, Studentparlamentet Volda

    Vi er bekymra for utviklinga, då færre studentar på campus kan påverke einsemd blant studentar når det blir færre møtestadar. Vi er svært kritiske til vitnemålfabrikkar, då studentopplevinga inkluderer mykje meir enn førelesing og arbeidskrav. I møte med medstudentar skjer viktig refleksjon som ein får bruk for resten av livet. Det er viktig å finne fellesskap i ei uroleg tid.

  • Anja Johansen, Abelia

    Abelia

    Anja Johansen, Abelia

    Ulike studentar har ulike behov, og læring skjer best når formatet blir tilpassa situasjonen – ikkje når éin modell skal passe alle. Campus må kanskje i større grad byggast rundt diskusjonane og det å vere ein del av noko. Viss ’fear of missing out’ oppstår, lukkast ein kanskje med å revitalisere campus. Å svare med meir obligatorisk oppmøte er å bomme på sjølve problemet.

  • Sjur Selsvik

    Studentsamskipnaden Sammen

    Sjur Selsvik, styreleiar Sammen

    Det at det blir tilrettelagt for fleksible utdanningsløp for dei som treng det, trur eg er fint. Likevel er det slik at dei fleste framleis er campusstudentar, og desse skal vi leggje godt til rette for. Vi gjer campus til ein levande og attraktiv plass å vere ved å oppgradere kantiner og kafelokale. Dette er viktig for både læring og ikkje minst for trivsel i studietida.

  • Vilde Sirma-Tellefsen Hveem, leder for Studentparlamentet ved UiT

    Erik Waagbø / NRK

    Vilde Sirma-Tellefsen Hveem, leiar for Studentparlamentet ved UiT Norges arktiske universitet

    Vi kjenner oss ikkje heilt att i biletet av ein 'spøkelsescampus' ved UiT. Vi ser framleis aktivitet og fleire satsingar for å få studentane til å bruke campus meir – både fagleg og sosialt. Samstundes er digitale studium komne for å bli. Det er positivt og gjer utdanning tilgjengeleg, men vi må sikre læringsmiljøet. For oss handlar det om ein god balanse mellom fleksibilitet og levande campus.

  • Kaja Sandvik

    Studentparlamentet UiB

    Kaja Sandvik, Studentparlamentet UiB

    Skildringa av «spøkelsescampus» står i sterk kontrast til UiB, der studentane har eit sterkt ønske om å bruke campus. At areal tømmest, skuldast ikkje digital evolusjon, men ein tøff økonomisk realitet der studiestøtta ikkje strekkjer til. Studentane blir tvinga til å prioritere jobb framfor den 'dannande dultinga' i korridorane. Vi må sikre ein økonomi som gjer det mogleg å velje fellesskapet.

Publisert 09.05.2026, kl. 22.06 Oppdatert 09.05.2026, kl. 22.12

Read Entire Article