Røff budsjetthaust for uklare politiske fleirtal i Stavanger og Sandnes

1 month ago 23



AFTENBLADET MEINER: Norske storbykommunar må kutta i budsjetta sine. Politikarane i Stavanger og Sandnes må i tillegg finna ut kven som eigentleg skal styra kommunane.

For eitt år sidan signerte fleirtalspartia i Stavanger sin samarbeidsavtale ved Vålandstårnet. Nå er nye diskusjonar er i gang om alternative fleirtal. Foto: Jarle Aasland

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconLeder

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.

Den smertefulle beskjeden har den siste tida gått ut frå rådmenn og kommunedirektørar over heile landet: Det er tøffe økonomiske tider i Kommune-Noreg. Politikarane må kutta.

Nå er det for så vidt rådmenn og kommunedirektørars jobb å vera økonomisk bekymra. Det er heller ikkje første gong dei roper «Ulv, ulv!».

Men denne gongen tyder meir på at det faktisk er ulv i sikte. Det er høg rente, dyrtid, utgifter til flyktningar og eldrebølgje, høge sosialutgifter, høgt sjukefråvær og ingen positive skattenyheiter. Det er, kort sagt, for høge utgifter samanlikna med inntektene.

Og dermed er dei politiske kampane allereie godt i gang, i både Oslo, Bergen og Trondheim. Kor mykje må kuttast? Kor skal det kuttast? Kva slags hjartesaker vil måtta vika for barske, økonomiske realitetar? Kva er eigentleg dei økonomiske realitetane?

Dei politiske forpostfektingane er også i gang i Stavanger og Sandnes. Men om det kan vera komplisert å få i land eit kutt-budsjett når du styrer byen med eit stabilt fleirtal bak deg, har politikarane i Stavanger og Sandnes i tillegg hamna i ein pussig situasjon. For i begge byane har det – eitt år etter fjorårets lokalval – dukka opp nye diskusjonar om kven som eigentleg kan og bør styra i dei to kommunane.

I Sandnes forsvann ordførar Kenny Rettores (H) fleirtal saman med Frp då Sissel Vikse Falch melde seg ut av Høgre. I Stavanger forsvann formelt fleirtalet bak dagens posisjon då ordførar Sissel Knutsen Hegdal melde seg ut av same parti.

Det er liten grunn til at dei to utmelde Høgre-damene plutseleg begynner å stemma som om dei var SV-arar. Men utmeldingane har ført til at mange i både Sandnes og Stavanger snakkar om potensielle nye konstellasjonar. Kan Ap i Stavanger til dømes få med seg KrF og Dag Mossige bli ordførar? Kan Høgre danna eit nytt fleirtal med Ap eller andre parti i Sandnes? Kan det bli Ap og Frp igjen?

Diskusjonane og spekulasjonane rundt dei ulike mulige maktkonstellasjonane er på sitt vis spennande nok – ikkje minst for den politiske journalistikken. Dilemmaet er at politikarane strengt tatt heller burde brukt energien på budsjetta som må i hamn før jul. Altså ikkje på politisk (renke)spel, men på praktisk politikk.

Å få eit kommunebudsjett i hamn i vanskelege økonomiske tider er komplisert nok i seg sjølv og krev både politisk energi og kløkt. Det blir ikkje lettare når politikarane i tillegg må finna ut av kven som eigentleg har det nødvendige fleirtalet til å få budsjettet i hamn og styra kommunen.

Publisert:

Publisert: 28. september 2024 09:00

Read Entire Article