Landslaget har vunne dei to første kampane i VM og er på veg til sluttspelet.
Men på tribunen er vi kanskje verdsmeistrar allereie. Det norske ro-fenomenet har tatt verda med storm.
Men ikkje alle kjenner like stor trong til å delta i tribuneritualet.
Den norske supporteren som nekta å ro på tribunen i kampen mot Senegal er blitt det mest kjente eksempelet til no.
Til og med landslagsspelarane innrømmer at dei var litt skeptiske til påfunnet i starten.
– Litt pretensiøst
Videoen av stortingspolitikarar som ror på Stortinget fell heller ikkje inn i kategorien «kjempekult». Også der var det nokre som lét vera.
– Det er kanskje litt pretensiøst då, svarar psykolog Sivert Straume på TV 2 sitt spørsmål om kvifor nokon tykkjer roinga er så flau.
– Vi gir oss jo ut for vera noko vi ikkje er. Vi er ganske langt frå vikingane sin barskheit og råskap. Ikkje alle av oss kan ro eingong, påpeiker Straume.
Han legg til at det å stikke seg ut og difor potensielt kan få dømmande blikk, er noko av det menneske er mest redd for av alt.
Og at det difor er mange med ro-skam som kan kjenne på akkurat det.
– Eg tykkjer det er flaut, men det er for min egen del. Det er fritt fram å ro så mykje du vil, seier Straume, som også er podkastvert i «Psykologkameratane».
– Noko skjedde i natt
TV 2s sportskommentar Mina Finstad Berg kjenner på ro-skammen.
Ho ville vore med om det var på tribunen, men elles:
– Eg er såpass innlending at eg tykkjer det er kleint å «ro rundt» på tilfeldige stader. Det er ganske fjernt for meg. Men det skjedde det noko i natt, vedgår ho.
Ho viser til bilda av Martin Ødegaard og resten av landslaget som sette seg ned framfor den raude veggen på tribunen.
Og begynte å ro.
– Dette er ikoniske og magiske bilde. Det bygde bru mellom supporterane i Norge og USA, og spelarane. Eg trur desse bilda kan bli det som gjer at ein del folk bikkar frå «harry og kleint» til at dette faktisk er ganske gøy, seier Berg.
– Spikaren i kista
Filosofiprofessor Espen Gamlund ved Universitet i Bergen er samd.
Han har tidlegare skrive kronikk om trommedebatten blant Brann-supporterane.
– «Harry»-stempelet kan stamme frå jantelova; at vi ikkje skal vise oss fram eller gjera noko nummer ut av oss sjølve. Men du skal mobilisere ganske mykje agg for å reagere negativt på at nokon sit på ei tribune og ror, seier Gamlund.
Kommentar
Vi skal ikke sove bort sommernatta
– Og det at landslaget sjølv set seg ned, slik som i natt, det var spikaren i kista for dei som meiner dette er harry, seier Gamlund.
Psykolog Sivert Straume seier at landslagsstjernene har definisjonsmakt over kva som er innafor og utafor.
– Og no har dei rodd og vist at dette er noko som er heilt i orden å gjera. Det har gått frå noko tøvete og pretensiøst til å vera meiningsfylt kommunikasjon. Eit ritual som knyter band.
– Orgasmisk
På gata i Bergen er det lite skam å spore tysdag føremiddag.
– Eg kjenner ikkje på ro-skam. Eg ror i veg, seier Even Børsheim.
Han har feira sigeren over Senegal heile natta og morgonen og demonstrerer med eit godt åretak.
– Det er nesten orgasmisk. Det er så kult. Eg misunner dei som er i USA, seier Torbjørn Erdal.
– Dette er ikkje noko å skamme seg over. Det finst sikkert verre ting ein kan gjere på tribunen som er teit. Akkurat dette er berre gøy, seier Belinda Oppedal.






English (US)