Rister på hovudet av VM-nyvinning: – Eg taper 50.000 kroner

1 month ago 18



– Eg trur ikkje nokon synest det er bra. Alle har reagert, både på sosiale medium og i omgangskretsen min. Eg veit om fleire kollegaer som seier det er uaktuelt å dra nå.

Det fortel Noregs nest beste sjakkspelar, Johan-Sebastian Christiansen, til NRK.

Reaksjonane kjem etter at det internasjonale sjakkforbundet, Fide, førre veke annonserte at dei har lagt inn ein kviledag i lyn- og hurtigsjakkturneringa som blir spelt i romjula.

Den skal i år spelast i New York, og kviledagen betyr at siste speledag blir på sjølvaste nyttårsaftan.

Da må ikkje berre utøvarane vere éin dag ekstra i «The Big Apple», dei må også punge ut for ei av dei dyraste hotellnettene i løpet av året.

Eit kjapt søk viser at dei fleste hotella på Manhattan, der turneringa blir spelt, i skrivande stund kostar mellom 5000 og 10.000 kroner på nyttårsaftan. Det finst nokon billigare og ei rekke som er dyrare.

– Det kostar allereie fire–fem tusen kroner natta, og eg må nok eit godt stykke over det for den siste dagen. Og flya er ikkje akkurat billige dei heller. Det kostar nok 40–50.000 kvar for alle frå Europa, fortel Christiansen, som må betale opphaldet av eiga lomme.

– Eg, som profesjonell sjakkspelar, kjem til å måtte reise ned og sjå at eg taper 50.000 kroner for å møte opp på jobb. Det gir inga meining, fortset han.

I meisterskapen i fjor var det ein samla premiepott på éin million amerikanske dollar, men det er berre dei 35 beste som blir premiert. Derfor vil majoriteten av dei mange hundra deltakarane reise heim utan noka form for premiepengar.

NRK har lagt kritikken fram for Fide, men har foreløpig ikkje fått svar.

Gjer plass til konferanse

På sin eigen X-brukar forklarer forbundet endringa med at dei skal halde ein konferanse på kviledagen.

– Oppsettet er designa for å auke opplevinga for spelarar og tilskodarar. (...) Konferansen vil utforske samspelet mellom sjakk og finans, skriv Fide.

Det reagerer Christiansen på.

– For det første er det i New York i den verste tida prismessig. For det andre er eg ikkje tilhengar av ein fridag uansett. Eg ser ikkje grunnen til det. Det har gått bra alle andre år.

– Viss dei skal ha den konferansen, kunne dei hatt den siste dagen, legg sandefjordingen til.

Men ikkje alle er einige med Christiansen. Aryan Tari, som også har blitt eit kjent ansikt i sjakkmeisterskapa i romjula, meiner det er heilt greitt at Fide har gjort som dei har gjort.

– New York er ein såpass kul by at eg ikkje misliker å vere ein dag ekstra der. Eg bur sjølv i USA om dagen, så det er ikkje langt for meg å reise. Når det er sagt, har eg ikkje sett på kor mykje hotell kostar ennå, skriv Tari i ein SMS til NRK og legg til ein latter-emoji.

Magnus Carlsen Samarkand

REGJERANDE MEISTER: Magnus Carlsen vann både hurtig- og lynsjakk i VM i både 2022 og 2023.

Foto: Lennart Ootes / Lennart Ootes

Får ikkje forbundsstøtte

Generalsekretær i det norske sjakkforbundet, Sofie Sæter, skriv i ein e-post til NRK at dei ikkje blei konfererte av Fide før avgjerda om kviledagen, og heller ikkje har rokke å gjere seg opp ei meining.

– Er det aktuelt for sjakkforbundet å gi økonomisk støtte til dei norske utøvarane, som følger av denne auka utgifta?

– Dessverre er ikkje det aktuelt på grunn av NSF sin økonomi i dag. Tidlegare, bortsett frå i fjor har dei norske spelarane fått eit tilskot frå vennene til sjakken til denne turneringa. Vennene til sjakken skulle gjerne støtta dei i år òg, men på grunn av sponsortørke er det ikkje midlar igjen til dette, skriv Sæther.

Hugsar du denne frå meisterskapen i fjor?

Spår auka oppslutning

NRKs sjakkekspert, Torstein Bae, meiner på si side at det ikkje berre er ulemper med den innlagde kviledagen. Han trur at både publikum og media vil sjå på det som noko positivt.

– Dette medfører at avgjerda i lynsjakken blir omtrent samtidig med midnatt og nytt år i Noreg, så det kan bli ei spesiell feiring. Men eg trur nyttårsaftan blir ein god dag, seier han.

– Det vil ikkje føre til sviktande oppslutning?

NRKs sjakkekspert Torstein Bae avbildet i sjakkstudio på Marienlyst

EKSPERT: Torstein Bae trur endringa kan verke positivt for publikum.

Foto: Lars Bryne / Lars Bryne

– Eg veit at folk kjem til å følge innspurten med stor interesse. Det er ein stor fordel at det er norsk «prime time» på kvelden, og ikkje noko som går mens folk er på arbeid. Mange følger nok med, eller har det i bakgrunnen under andre festar den dagen, trur sjakkeksperten.

Ifølge sjakknettstaden chess.com er det venta at stjernene Magnus Carlsen (regjerande meister), Hikaru Nakamura og Fabiano Caruana alle vil delta.

Drar uansett

Men høge prisar og nyttårsaftan i USA til trass, er Christiansen ikkje i tvil om at han kjem til å delta.

– Det er ei såpass stor hending i Noreg og for norske TV-sjåarar at det er noko eg prioriterer høgt, seier 26-åringen

Johan-Sebastian Christiansen

DRAR TIL USA: – Eg taper ved å møte opp på jobb, seier Johan-Sebastian Christiansen.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

– Er det berre ei ulempe å ha ein grunn til å feire nytt år i New York?

– Det er sikkert stilig, men eg har vore i byen mange gonger allereie. Hadde eg reist utanom sjakken hadde eg aldri betalt så mykje.

Publisert 02.09.2024, kl. 11.45

Read Entire Article