Republikansk fleirtal i Senatet i USA vil gi Trump mykje makt

2 weeks ago 10



Før valet 5. november var det eit knapt demokratisk fleirtal i Senatet i USA. Men onsdag melder fleire amerikanske medium at Republikanarane har teke kontrollen i Senatet, og ser ut til å også vinne Representanthuset.

Senatet har 100 sete, med to senatorar frå kvar delstat i USA. Partiet som først får 51 seter, får fleirtalet.

Senatet blir leia av visepresidenten.

Det er framleis ikkje avgjort i fleire statar, men etter at republikanske kandidatar vann demokratiske sete in Montana, Vest-Virginia og Ohio, har med då sikra seg fleirtal med 52 sete, skriv Politico.

Vinn truleg Representanthuset

I Representanthuset, som er det andre kammeret i Kongressen, har Det republikanske partiet fleirtalet før valet.

Huset har 435 seter som er fordelt etter storleiken på delstaten. Partiet som først får 218 seter, har fleirtal.

Leiaren for Representanthuset blir kalla speaker, og er USAs tredje mektigaste person.

I dag er det republikanske Mike Johnson, som er godt nøgd med det som ser ut til å bli valresultata, skriv CNN.

– Med president Trump tilbake i Det kvite hus finst det ikkje ei hindring som er for stor eller ei utfordring som er for vanskeleg.

Foreløpig leiar Republikanarane med 197 seter, medan Demokratane har vunne 188 seter. Men oppteljinga held fram, skriv CBS News.

Kan vere avgjerande

Samansettinga av Kongressen kan ha mykje å seie for kor mykje av politikken sin den amerikanske presidenten får gjennomført.

Dersom Republikanarane får fleirtal i både Senatet og Representanthuset, blir det enklare for Donald Trump å få gjennom lovforslag og budsjett.

– No eig Republikanarane heile byen. Dei har fleirtal i begge kammera og dei har Det kvite hus, seier redaktør for nettstaden Amerikansk politikk, Are Tågvold Flaten.

Are Tågvold Flaten er redaktør i amerikanskpolitikk.no

Redaktør for Amerikansk politikk Are Tågvold Flaten.

Foto: Anders Haualand / NRK

Trump og Det republikanske partiet vil med det få stor makt. Men med denne makta følger det også ei stor fallhøgde.

– No er det også Republikanarane som eig dei problema som etter kvart vil oppstå. Så det er ein pendel som vil svinge tilbake på eit tidspunkt. Menn inntil vidare kan Trump få gjennomført ein del av dei tinga han ønsker. Så får vi sjå kva han konkret vel å bruke tid på å få gjennom når han tek over i januar, seier Flaten.

Publisert 06.11.2024, kl. 16.25

Read Entire Article