Rekordmange innmeldingar i kyrkja

17 hours ago 11



Medlemstalet går framleis ned, men nye tal viser også at aldri før har så mange meldt seg inn i Den norske kyrkja som i 2025.

 Gorm Kallestad / NTB
REKORD: Aldri før har så mange meldt seg inn i kyrkja som i 2025, viser nye tal. Men medlemstalet går framleis ned, for det er også mange som melder seg ut. Biletet er av Ullern kyrkje i Oslo. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 15.03.2026 06:04

Ein av dei som melde seg inn i 2025 er Øyvind Olav Lodten (47) frå Hamar.

– Det var litt basert på opplevingar etter at mor mi døydde for tre år sidan, seier Lodten.

Foreldra hans var medlem av Den norske kyrkja, og som liten blei han døypt der. Men i 2013 melde han seg ut, og blei med i den katolske kyrkja i staden.

I fjor gjekk han altså tilbake igjen. Måten kyrkja handterte bortgangen til mor hans, var medverkande til det.

– Det var ei så positiv oppleving, med måten seremonien og vi blei handtert, som fekk meg til å tenke på kvifor eg melde meg ut, seier Lodten.

 Privat
MELDE SEG INN: Øyvind Olav Lodten melde seg inn att i Den norske kyrkja i 2025. Foto: Privat

Ny rekord

Medlemstalet i Den norske kyrkja har gått jamt nedover dei siste åra.

Særleg i 2016 skaut nedgangen fart, då det blei opna for å melde seg ut av kyrkja på internett.

– Den generelle tendensen er at Den norske kyrkja mister medlemmar og svekker sin relative oppslutning i den norske befolkninga, seier Hallgeir Elstad, som er professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo.

Årsstatistikken for 2025 viser derimot noko interessant, meiner Elstad. Sjølv om nedgangen held fram, var det nemleg 4451 personar som melde seg inn i kyrkja. Det er ny rekord. Den førre toppen var i 2023.

– Det er gledeleg at fleire melder seg inn. Vi har også sett ein tilsvarande auke når det gjeld dåp av unge og vaksne, seier leiar av Kyrkjerådet, Harald Hegstad.

Inn- og utmeldingar av Den norske kyrkja sidan 2015

Medlemstal i Den norske kyrkja

  • 3.427.657 var medlemmar i Den norske kyrkja ved utgangen av 2025, som er om lag 61 prosent av den norske befolkninga.
  • I 2015 var medlemstalet 3.789.371.
  • 4451 personar melde seg inn og 14.778 melde seg ut av kyrkja i 2025.
  • Kjelde: Den norske kyrkja

Fleire moglege grunnar

Kva som er årsaka, veit ikkje Hegstad sikkert.

– Men det vi høyrer frå tilsette i kyrkja er at dette har med usikre tider å gjere. Ein søker forankring i tradisjonar og tradisjonelle verdiar, seier Hegstad.

– Så kan ein også spekulere i andre faktorar. Det er mykje i dag som handlar om prestasjonar og å bevise at ein er verdt noko. I kyrkja tenker vi at du skal sleppe å bevise noko, du kan kome som du er, seier Hegstad vidare.

 Thomas Fure / NTB
LEIAR: Harald Hegstad er leiar i Kyrkjerådet. Foto: Thomas Fure / NTB

Elstad trur også at usikre tider, med mellom anna fleire pågåande krigar, gjer at fleire har blitt interesserte i kyrkja.

Han trur også høgrebølga i samfunnet kan vere ei medverkande årsak. I tillegg har det vore ei aukande interesse for kyrkja blant unge dei siste åra, peiker han på.

Tala viser at det var rekordmange innmeldingar også i aldersgruppa frå 25 til 34 år i 2025.

– Eg har eigentleg venta litt på eit utslag, og no ser det ut til at det har kome, seier Elstad.

 Alexander Tufte Wetherilt / Universitetet i Oslo
IKKJE OVERRASKA: – Eg har eigentleg venta litt på eit utslag, seier professor Hallgeir Elstad. Foto: Alexander Tufte Wetherilt / Universitetet i Oslo

Vil delta aktivt

Lodten trur at verdssituasjonen gjer at fleire søker mot kyrkja.

– Og så har Den norske kyrkja, slik eg ser det, lagt bak seg mange kampsaker, som kvinnekamp og homokamp, seier Lodten.

– Det handlar meir om det å vere kyrkje for folk, utan at det berre blir politiske og potensielt splittande saker. Det trur eg er positivt, seier han.

47-åringen går no jamleg på gudstenester. Å delta aktivt, reise seg og synge med på songane er ein særleg viktig del av gudstenestene, synest han.

– Eg synest det er veldig fint å gjere det når eg kan. Og det rare er at når eg kjem ut av Hamar domkyrkje ein søndag formiddag klokka tolv, så føler eg at eg har utretta noko. Det er ei veldig god kjensle, seier Lodten.

Read Entire Article