Hilma Hangeland (21) er ein av 48 norske studentar som er råka av uvêret i Hoi An i Vietnam.
– Vi har fått beskjed om å ikkje gå ut av huset fordi det er mange farlege ting i vatnet som kan treffe deg og det er sterk straum. Det er skittent elvevatn med slangar og bakteriar, seier Hangeland.
– Det er uverkeleg. Tida står veldig stille, legg ho til.
Studentane viser tilstanden i huset dei bur i.
21-åringen sit inne i eit hus saman med studievennane sine.
Studentane tar utviklingsstudium ved Oslo Met og bur for tida i Vietnam som ein del av studieløpet.
Straumen har gått og første etasjen i huset er overfløymt med om lag 10 centimeter vatn.
– Vårt hus er ikkje verst råka, men det er heilt vilt å sjå på. Vi kunne sjå når vatnet steig minutt for minutt, fortel Hangeland til NRK.
Hilma Hangeland er student i Hoi An. Ho er råka av flaumen i landet.
Foto: PrivatUvanleg regntid
Uvêret har ført til flaum, stengde vegar og evakueringar i fleire delar av Vietnam.
Byen Hoi An, som ligg midt i landet, er hardt råka av vêret.
På 24 timar har det komme meir enn 1700 millimeter – noko som tilsvarar 1,7 meter.
Sjølv om landet er inne i regntida, er nedbørsmengda uvanleg.
1700 millimeter nedbør på eitt døgn er det meste som nokon gong er registrert i Vietnam.
– Dei lokale tar det veldig roleg. Dei har vore borti flaum før, sjølv om det ikkje har vore så ille som dette på veldig lang tid, seier Hangeland til NRK.
Studenten fortel at lokalbefolkninga si ro har bidratt til at studentane ikkje kjenner seg redde.
Studentane er ikkje redd og gjer det beste ut av situasjonen.
Foto: Hilma Hangeland / PrivatOverfløymde byar
Dei populære turistbyane Hue og Hoi An er overfløymd på grunn av det kraftige regnvêret, opplyser vietnamesiske myndigheiter melder Reuters.
I Hue er 32 av 40 kommunar råka av flaum, med vassmengder på opp til 2 meter.
Det er det høgste som er målt i Hue. Fleire hus står under vatn.
Regnvêret har ført til flaum i fleire vietnamesiske byar. Biletet er tatt i Hue nord i landet.
Foto: STR / AFP / NTBBefolkninga i Hue blir evakuert av politiet.
Foto: Nguyen Van Ly / AP / NTBI Hue kjem folk seg fram ved hjelp av båtar ettersom vegane er overfløymt.
Foto: Van Dung / AP / NTBOliver Faaberg Sundbø er student i Hoi An. Det er mykje vatn i gatene.
Foto: Oliver Faaberg Sundbø / PrivatIngrid Smith er også råka av flaumen i Hoi An.
Foto: Ingrid Smith / Privat
Over titusen menneske er evakuert som følge av straumbrot.
Fleire av dei råka områda er utan tilgang på transportmiddel.
Mellom hovudstaden Hanoi og forretningsbyen Ho Chi Minh-byen er togtrafikken stansa.
Det er venta at nedbøren vil halde fram dei neste dagane. Vasstanden i dei største elvane er på veg opp og det er fare for jordskred.
Unngår panikk med Harry Potter-maraton
Studentane i Hoi An bur i høgda og er trygge.
Dei opplever at universitetet og lokalbefolkninga har gitt god informasjon om situasjonen.
– Vi får fortløpande informasjon. Det vi har fått beskjed om no er at det kjem til å stige fram til midnatt med omtrent 30 centimeter før det kjem til å gå gradvis ned i løpet av morgondagen, seier Helena Hertzberg Bugge.
På ein liten datamaskin ser studentane på Harry Potter-filmane.
Foto: Hilma Hangeland / PrivatStudentane nyttar tida til eit filmmaraton.
– No har vi rigga til kinosal i stova. Så no skal vi sjå film på PC-en. Vi har 4G som fungerer halvvegs, seier Hangeland.
Studiegjengen er godt inne i siste halvdel av filmen «Harry Potter og fangen frå Azkaban» i det NRK ringer.
– Vi må vere inne til i overmorgon. Så det er berre å sitte og vente. Panikk ville ikkje gjort det noko betre, seier Hangeland.
Interessert i meir frå utanriks? Høyr siste podkast-episode her:
Publisert 28.10.2025, kl. 14.55 Oppdatert 28.10.2025, kl. 15.41























English (US) ·