– På kort sikt vil kornavlingane gå ned, og det blir mindre mat på åkrane.
Det seier Hans Jørgen Olsen Røren, som er bonde i Tønsberg og leiar av Vestfold Bondelag.
Han dyrkar rundt 900 tonn korn i året, men er redd det kan bli mindre framover.
Slik vil regjeringa at store delar av kornåkrane rundt Oslofjorden skal sjå ut etter hausting – upløgd og med røter som bind jorda.
Foto: Fredrik Pedersen / NRK
Slik vil regjeringa at store delar av kornåkrane rundt Oslofjorden skal sjå ut etter hausting – upløgd og med røter som bind jorda.
Foto: Fredrik Pedersen / NRK
For no må endå fleire bønder halde plogen unna store delar av åkrane for å hindre avrenning til Oslofjorden.
Dermed får ikkje Røren og dei andre bøndene gjort jorda klare for våren, eller pløgd vekk ugras.
I staden brukar dei plantevernmiddel.
– Vi er nøydde til å handtere ugraset. Plogen er eit kjempegodt middel, men når vi ikkje får brukt han, er det kjemi som gjeld.
Bøndene må bruke meir plantevernmiddel når dei ikkje får brukt plogen, seier Røren.
Foto: Fredrik Pedersen / NRKAvgrensingar for pløying og kantsoner
Frå før er det forbod mot å haustpløye 60 prosent av kornareala på austsida av Oslofjorden.
Frå i år gjeld avgrensingane også på vestsida av fjorden og i Innlandet.
Bøndene må også la vere å dyrke i kantsonene mot bekkar og elvar.
Tiltaket skal hindre at jord og gjødsel ikkje renn ut i bekkar og elver og endar i Oslofjorden.
Foto: Fredrik Pedersen / NRKTiltaka skal gjere at meir av nedbøren blir igjen på jorda og ikkje drar med seg jord og gjødsel ut i bekkane, som til slutt endar ut i Oslofjorden.
43 prosent av nitrogenet som hamnar i den hardt pressa fjorden kjem frå jordbruket, ifølge Miljødirektoratet, og det fører til algevekst og gjengroing.
– Miljøtiltak vil redusere mengda mat
Noreg er blant dei minst sjølvforsynte landa i verda med ei sjølvforsyningsgrad på rundt 40 prosent.
Behovet for større matlager blir støtta av alle dei politiske partia på Stortinget, og spesielt behovet for å lagre meir korn.
– Det er viktig for jordbruket å redusere dei negative konsekvensane av matproduksjonen, men ein del av miljøtiltaka vil også redusere mengda mat som blir produsert, seier Bjørn Gimming, leiar av Noregs bondelag.
Bjørn Gimming
Han seier bøndene får økonomisk støtte for å gjere miljøtiltak, men at summen av alle krav vil påverke produksjonen av mat negativt.
– Vi er i ei tid der både norsk og global matproduksjon er viktigare enn nokon gong, ikkje minst no som verda er så turbulent, men også fordi Stortinget har sagt at vi skal auke sjølvforsyninga til 50 prosent.
Meiner sjølvforsyninga av mat kan aukast
– Dette er ikkje enten-eller, men både- og for å sikre at vi får liv tilbake i Oslofjorden, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Han seier regjeringa prioriterer Oslofjorden høgt i jordbrukspolitikken og at målet både er å betre miljøet og forsterke norsk matproduksjon.
Nils Kristen Sandtrøen (Ap)
Landbruks- og matminister
– Altfor mykje liv har forsvunne i Oslofjorden, og målet vårt som vi jobbar med saman med næringa, er å få meir liv tilbake i fjorden. Ein tredel av tiltaka og pengane som blir brukte no går til miljø, natur og klimatiltak.
Han seier også at teknologiutviklinga framover vil gjere det lettare for bonden å bruke gjødsel meir presist. Det gjer at ho blir tatt opp i plantene og ikkje renn av jorda.
Åker i Tønsberg.
Foto: Fredrik Pedersen / NRK– Er det mogleg å auke sjølvforsyninga av mat og samtidig innføre stadig fleire restriksjonar i landbruket?
– Ja, årets kornhaust har jo vore god, og det er mange ting som påverkar. Det varierer sjølvsagt frå år til år med både vêr og innhaustingsforhold. Vi må sjå kor stor produksjonen blir i sum og hauste erfaringar om tiltaka vi har innført bidrar til målet, nemleg å betre vasskvaliteten.
Mange «fotballbaner» går bort til kantsoner
Berre i Vestfold og Telemark går i år rundt 3000 mål med jord bort til kantsoner mot bekkar, ifølge tal frå Statsforvaltaren.
Dette svarer til rundt 420 fotballbaner. Området kan ikkje dyrkast.
Åker med kantsoner mot ein bekk.
Foto: Fredrik Pedersen / NRK– Det er mange brød, det, seier bonde Hans Jørgen Olsen Røren.
Når bøndene får mindre område å dyrke, og i tillegg kan behandle jorda mindre, trur han det blir nokre dårlegare avlingar.
Han trur likevel miljøtiltaka hjelper i forhold til avrenning, men meiner dei burde vore betre tilpassa.
– Regionale miljøkrav burde vore på gardsnivå. Nokre gardar har ikkje avrenning i det heile. Det er ikkje overalt det treng vere seks meter breie kantsoner, kanskje held det med to eller tre?
Bonde Hans Jørgen Olsen Røren trur det blir vanskeleg å komme i mål med auka sjølvforsyning slik miljøavgrensingane nå er.
Foto: Fredrik Pedersen / NRKHei!
Takk for at du leser saken min. Har du tips til andre historier jeg bør skrive om? Send meg en e-post.
Publisert 27.10.2025, kl. 05.09

























English (US) ·