Regjeringskrise i Tyskland

2 weeks ago 9



Onsdag fekk finansminister Christian Lindner sparken av forbundskanslar Olaf Scholz etter fleire månader med usemje mellom regjeringspartia SDP, FDP og Dei grøne.

Få timar etter sparkinga trekte partiet til Lindner, FDP, resten av ministrane sine frå samarbeidet.

Scholz seier han hadde foreslått ein plan for å redusere energikostnadane, auke investeringane og halde fram støtta til Ukraina, men at Lindner var ikkje villig til å godta planen.

No skuldar Scholz den tidlegare finansministeren for å vere trongsynt og egoistisk i ei tid med stor uvisse.

Kan bli nyval neste år

Scholz seier han vil stille kabinettspørsmål i januar. Dersom han ikkje får fleirtal og tillit, blir det truleg nyval i Tyskland i mars neste år, seks månader før det opphavelege valet i september.

Men opposisjonsleiar Friedrich Merz i CDU meiner avstemminga bør bli gjennomført straks, melder Reuters.

– Koalisjonen har ikkje lenger fleirtal i Forbundsdagen. Vi ber difor forbundskanslaren om å be om tillitsavstemming straks, seinast tidleg neste veke.

Han meiner då at eit eventuelt nyval kan bli halde i slutten av januar.

Merz får støtte av den parlamentariske leiaren til FDP, Christian Dürr.

– Vi treng ei avklaring raskt, seier han til den tyske kringkastaren ARD, ifølge Reuters.

Forsvarar avskjeden

Økonomiminister Robert Habeck frå Dei grøne forsvarar avgjerda om å sparke Lindner som finansminister. Han seier den tidlegare finansministeren ikkje var i stand til å sette saman eit budsjett, og mista tillit frå dei andre regjeringsmedlemmane.

– Sett i lys av dette var avgjerda til forbundskanslaren den mest logiske. Det var konsekvent og naudsynt på dette tidspunktet.

Habeck meiner regjeringa kan fungere inntil vidare, sjølv om dei manglar fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Jörg Kukies, som er medlem av SDP og ein nær alliert av Scholz, er peika ut som ny finansminister, ifølge Tagesschau.

Publisert 07.11.2024, kl. 09.55 Oppdatert 07.11.2024, kl. 10.28

Read Entire Article