Regjeringa gjer små justeringar i formuesskatten: – Som eit musepiss i universet

2 weeks ago 25



– Hadde eg teke ut mykje pengar og rasa rundt i ferrariar, så ok, skatt meg. Men ikkje så lenge pengane står i bedrifta.

Bedriftseigar Roger Hofseth er tydeleg misfornøgd med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år.

For han har lenge kjempa for ein ting – å fjerne formuesskatten.

Roger Hofseth

Inne på fiskeforedlingsfabrikken sørger dei for at alt er som det skal, før filetane blir pakka og sendt ut i verda.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Aksjonerer mot formuesskatten

I fjor auka regjeringa skattane og avgiftene for næringslivet med over 40 milliardar kroner. Det førte til at den eine rikingen etter den andre meldte flytting til Sveits.

Samtidig, her heime, starta oppdrettskongen Roger Hofset og milliardæren Knut Flakk ein aksjon. Dei kallar den «Aksjon for norsk eigarskap».

Og dei meiner at formuesskatten må bort.

Denne skatten gjer nemleg slik at bedriftseigarar må skatte av alt dei har i formue, sjølv om det er verdiar som er knytt til bedrifta deira. Det vil seie lastebilar, bygningar, maskiner og utstyr, ikkje berre det dei sjølv har på bankkontoen.

Og det betyr færre nye investeringar og arbeidsplassar, seier Hofseth.

Eg må ta ut pengar unødig frå selskapet mitt. Eg må låne frå mitt eige selskap for å betale ein formuesskatt. Det går veldig mykje ut over evna eg har til å investere framover.

Har du trua på at du skal klare å få vekk denne skatten?

– Klart eg har trua. Eg hadde ikkje byrja på dette viss eg ikkje visste at logikken var nøydd til å slå inn på eit eller anna tidspunkt. Så det er berre å halde ut.

Aksjon for Norsk eierskap

Veteranbåten «MS Gamle Havstein» har no blitt ein aksjonsbåt. Med banner og plakatar ligg den midt i Ålesund sentrum.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Men de har jo så mykje pengar. Kvifor skal ikkje de bidra litt ekstra?

– Ja, vi sit på verdiar. Men vi sit ikkje på kontantar. Det er det dei ikkje forstår. Det står at du er milliardær, men det er viss du hadde selt alt. Då er spørsmålet, er det det myndigheitene vil? At norske eigarar skal selje alt til utlandet? Då må dei gi beskjed om det, så skal vi ta tak i det.

Ifølge finansministeren sjølv vil fellesskapet få 34,5 milliardar mindre i skatteinntekter dersom ein fjernar formuesskatten, skriv E24.

Små justeringar

Men Hofseth og «Aksjon for norsk eigarskap» blei ikkje høyrde i denne omgong.

NRK har ikkje lukkast å spør finansminister Trygve Slagsvold Vedum kvifor han ikkje gjer endringar i skatten, trass i trykket frå næringslivet. Men han sa dette då han la fram budsjettforslaget på Stortinget:

– Med ei klok innretning på skattar og avgifter sikrar vi framleis gode rammebetingingar for folk og næringsliv. Og vi legg til rette for vekst og verdiskaping i heile Noreg.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) legg fram budsjettforslaget for 2025. Han har på dress og slips.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa legg til rette for næringslivet.

Foto: Lemet Johanas Nystad / NRK

Den einaste endringa i formuesskatten, er ei justering av botnfrådraget. Altså er summen du må ha i formue for å betale skatten, auka frå 1,7 til 1,76 millionar kroner.

I tillegg er det gjort nokre justeringar når det gjeld fordelinga av skatteinntektene mellom kommune og stat. Staten skal få en litt større del av formuesskatten, medan kommunane skal få tilsvarande mindre.

– Svært skuffande

NHO, som er Næringslivets Hovedorganisasjon, er heller ikkje imponerte over dagens budsjettframlegging.

Dette kjem til å vere svært skuffande for veldig mange private eigarar i heile Noreg. Og med så stor pengebruk er det rart at ikkje det er funne rom for å gi skattelette for eigarane. Dette er skuffande, rett og slett.

Det seier administrerande direktør Ole Erik Almlid. Han meiner det at regjeringa held fast på formuesskatten som før, vil få konsekvensar for arbeidslivet.

Det våre bedriftseigarar seier, er at dei held tilbake investeringar. Dei held tilbake tilsettingar. Og det fører til mindre aktivitet ute i Noreg.

Ole Erik Almlid

Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO.

Foto: Lise Åserud / NTB

Innfører exit-skatt

I budsjettforslaget til regjeringa kjem det derimot fram at dei vil gjere det mindre gunstig å flytte ut av landet med formuen sin.

Dei vil innføre ein såkalla exit-skatt. Ein flytteskatt for dei rike. Den vil gjelde alle som flytta ut av landet frå og med 20. mars i år.

Men Hofseth meiner det ikkje er til noko hjelp. Det gagnar ikkje dei som vel å bli i Noreg.

– Det er trist, og det viser eigentleg haldninga dei har til dei som skapar bedrifter og ønsker å ta risiko. Det er meir ei panikkhandling. Men eg har ikkje tenkt å flytte, så det gjeld ikkje for meg.

Kvifor vil ikkje du flytte?

– Nei, eg passar ikkje inn nokon anna plass enn på Ellingsøya, dessverre, ler Hofseth, og legg til:

– Eg blir verande, og eg lovar til alle bedriftseigarar i Noreg, at eg skal kjempe for at denne galskapen må snu.

Aksjon for Norsk eierskap

Med «aksjon for norsk eigarskap» vil Hofseth fortsetje å kjempe for å få fjerna formuesskatten.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 07.10.2024, kl. 15.23

Read Entire Article