Regjeringa droppar krav om kjønnskvotering i trus- og livssynsstyra

1 month ago 15



Det reddar fleire trus- og livssynssamfunn frå å miste statsstøtta.

Mellom anna 123 kristne trussamfunn.

I Hurdalsplattforma var regjeringa klar på at dei ville:

Stille krav om at dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trussamfunn, er demokratisk valde og har minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn.

No ønsker dei altså ikkje å innføre dette.

Forslaget som no er sendt til Stortinget foreslår at trus- og livssynssamfunna må vise at dei jobbar mot 40 prosent representasjon av begge kjønn i styre og råd.

Slik det er i dag, er det skattebetalarane som finansierer statsstøtta til dei ulike trus- og livssynssamfunna i Noreg.

Uavhengig korleis representasjonen av kjønn er i dei forskjellige styra.

– Den norske kyrkja kunne ha mista statsstøtta

Under høyringsrunden var det mange negative tilbakemeldingar frå ulike trus- og livssynssamfunn.

På bakgrunn av desse tilbakemeldingane går regjeringa frå eit krav til eit mål.

– Vi kunne risikere ved å innføre eit absolutt kjønnskrav, at Den norske kyrkja ville miste statsstøtta. Det vil i tilfelle og vere i strid med grunnlova, forklarar Toppe.

JuLh19ZS9vg

Det er lovfesta i Grunnlova at Den norske kyrkje skal vere statleg finansiert. I forslaget til statsbudsjettet 2025 er det sett av 2,7 milliardar kroner til Den norske kyrkja.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Så ein av grunnane til at regjeringa no ikkje vil innføre eit krav er fordi Den norske kyrkja kunne ha mista statsstøtta?

– Den norske kyrkja er eitt av dei trussamfunna som i dag har minst problem med eit absolutt kjønnskrav. Det er nok andre trussamfunn som er meir kritisk, så det er ikkje berre av omsyn til Den norske kyrkje, seier Toppe.

Harald Hegstad er kyrkjeleiar i Den norske kyrkja er positiv til forslaget om eit mål.

– Vi ser at det ofte kan vere ei overvekt av kvinner hos oss, og at vi igjen kan slite med å rekruttere menn. Så vi trur det er fornuftig med eit aktivitetsmål framfor eit absolutt krav om kjønnssamansetting, seier Hegstad.

Portrett av Harald Hegstad som er valgt til ny leder av Kirkerådet. Han holder en blomsterbukett i hendene og kikker mot fotografen. Han smiler.

Harald Hegstad er kyrkjeleiar i Den norske kyrkja-

Foto: Bjarte Johannesen / Bjarte Johannesen

Eldsterådet er øyremerkt for menn

Kristent fellesskap Sotra/Øygarden er eitt av mange kristne trussamfunn som ikkje ville oppfylt kravet om 40 prosent representasjon av begge kjønn.

Styret består av eit eldsteråd og diakon. Totalt er det to kvinner og fem menn.

Av religiøse årsaker er eldsterådet øyremerkt for menn.

– Ut frå vår overtyding frå Bibelen skal eldsterådet bestå av menn. Det har med den forordninga vi ser i den treeinige Gud. og som skal visast att her på jorda, seier forstader Norleif Askeland

Likevel er dei positiv til at fleire kvinner skal kunne sitte i diakon-styret om dei har gåve til det.

– Vi er veldig glad for den religionsfridomen vi har her i landet. At vi får den anerkjenninga av å ha ei religiøs overtyding, sjølv om den ikkje er politisk korrekt, seier Askeland.

Brå overgang til eit absolutt krav

SV som tidlegare har vore positiv til ei kjønnskvotering i trus- og livssynssamfunn, ønsker foreløpig ikkje å uttale seg.

Sofie Marhaug frå Rødt meiner det er positivt om eit mål om likestilling, men ser utfordringar med ein brå overgang til eit absolutt krav.

– Vi kan ikkje ha ein så brå overgang at trus- og livssynssamfunna ikkje overlever, fordi det økonomiske grunnlaget forsvinn heilt, seier Marhaug.

Trude Brosvik, gruppeleiar i KrF, meiner staten ikkje bør blande seg i korleis trussamfunna blir organisert.

– Likevel vil eg skunde meg å legge til at eg håpar trussamfunna ønsker å jobbe mot lik representasjon i sine styre og råd. Det har ein stor verdi, seier Brosvik.

Publisert 20.10.2024, kl. 16.27

Read Entire Article