Frå 24. oktober kan nordmenn bestille noregspris på straum. Over 300.000 nordmenn har så langt slengt seg på noregspris-tilbudet.
Men nøyaktig kva prisen blir er usikkert for mange.
Både Arbeidarpartiet og regjeringa skriv på sine nettsider at prisen er på 40 øre per kWh – ekskludert meirverdiavgift (moms).
«Frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 er noregsprisen 40 øre per kilowattime eksklusiv meirverdiavgift», skriv regjeringa.
Samtidig opplyser leverandørar av straum og hvakosterstrommen.no om straumprisar inkludert mva. på 25 prosent.
Det er dei lovpålagde å gjere, ifølge Forbrukertilsynet sin rettleiar til straumbransjen.
Men kvifor må ikkje regjeringa gjere det same?
– Forvirring
Hos straumselskapet Fjordkraft, som har straumkundar frå heile landet, merkar dei stor pågang frå kundar som er nysgjerrige på noregsprisen.
Dei lurer på om dette er noko dei kan bestille via Fjordkraft, og kva prisen eigentleg er for noko, ifølge Renate Larsen som er produktdirektør.
– Det er litt forvirring. Når vi får forklart at dette er ei statleg støtteordning, så lurer dei på prisen fordi det er kommunisert 40 øre i ein lang periode, før det blei begynt å kommunisere 40 øre og så legge på moms.
Sjølv er straumselskapet pålagd å vise pris inkludert moms.
– Det hadde hjelpt viss alle måtte det same, seier Larsen.
Elles brukar dei tid på å forklare at kundane ikkje har dårleg tid.
– Det blir klart frå 1. oktober så ein har tid til å ta valet. Det er ingen grunn til å bli stressa eller uroa.
Forbrukarrådet ser forvirringa
Forbrukarrådet er einige i at det kan skape forvirring å oppgje pris utan meirverdiavgift.
– Det kan skape forvirring rundt kva den faktiske kostnaden for noregsprisen er. Det er berre det nordlegaste prisområdet vårt som er unntatt meirverdiavgift, seier fagsjef for straum hos Forbrukarrådet, Øyvind Herseth Kaldestad.
– Burde regjeringa opplyse om pris med moms?
– Det mest tydelege ville ha vore å oppgje pris inkludert meirverdiavgift, og heller spesifisere at Nord-Noreg er fritatt.
Kaldestad er klar på at det er ulike reglar som gjeld for kommersielle aktørar og staten.
– Ei statleg støtteordning fell ikkje inn under prisopplysningsreglane og er unntatt informasjonsplikt om meirverdiavgift. Dersom ein kommersiell aktør ikkje hadde opplyst om meirverdiavgift, ville det vore i strid med
– Gir inga meining
Energiminister Terje Aasland i Arbeidarpartiet meiner at prisen for noregspris har vore kjent sidan start.
– Allereie då vi la fram noregspris, på pressekonferansen 31. januar, kom det fram. Då ordninga om noregspris blei varsla vart det kommunisert 40 øre/kWh for heile landet, fordi ordninga tar utgangspunkt i ein referansepris for kraftprisen.
Aasland viser til at hushaldningar i Nordland, Troms og Finnmark er fritekne frå moms på straumen, så for dei vil noregspris vere nettopp 40 øre/kWh inkludert mva.
– For hushaldningar i resten av landet, som må betale moms, blir prisen 50 øre kWh inkludert mva.
Og det er jo desse som faktisk vil nytte seg av noregsprisen, skal vi tru straumselskapa. På nettsidene til regjeringa er det altså opplyst om kva det vil koste for folk i Nord-Noreg, som uansett truleg ikkje vil nytte seg av noregsprisen.
– Handlar dette om at det ser betre ut å oppgi prisen utan moms?
– Nei, og det gir jo inga meining. Det er godt kjent at moms kjem i tillegg. Sluttbrukarprisen på straum kan variere frå stad til stad i landet, mellom anna på grunn av forskjellar i nettleige og elavgift, svarar Aasland.
Forstår du at kundane er forvirra rundt den faktiske prisen?
– Nei, fordi Norgespris er ein fast pris som ikkje vil endre seg i bindingstida.
Han seier likevel at han tar på alvor at mange har spørsmål om noregspris på straum og at regjeringa gjer sitt beste for å ha oppdatert informasjon på sidene sine.
Desse bør ha noregspris
Larsen opplyser at det meste tyder på at i Sør-Noreg og på Austlandet er noregspris lurt.
– Og kundane må ta det valet, men slik det er no ser det ut til at prisane kjem til å bli høge i vinter på Vestlandet også.
Det er derimot få til ingen telefonar frå lenger nord i landet, som har låge straumprisar.
– I Nord-Noreg anbefaler vi det jo ikkje.
Om du bestiller noregsprisen no vil han gå ut 2026, elles er det eitt års binding.
Publisert 28.09.2025, kl. 09.00