Reagerer på prioriteringa til skiskyttarstjerna: – Held ikkje mål

1 day ago 1



– Eg synest det er veldig merkeleg. Viss du har ambisjonar om å vere i toppen i skiskyting, så held ikkje det her mål.

Det seier NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde om ein av dei største stjernene i skiskyttarsirkuset.

For Dorothea Wierer har hatt alt anna enn ei vanleg sesongoppkøyring. Mens konkurrentane la ned kanskje årets viktigaste treningstimar gjennom sommaren, var 34-åringen i ein heilt annan modus.

Gjennom sommaren kunne nemleg det italienske TV-publikummet følge Wierer som ekspert under Eurosports TV-sendingar frå OL i Paris.

Ola Lunde

EKSPERT: Ola Lunde.

Foto: Vidar Ruud

Her var ho til stades i pressesoner for den italienske rettshavaren og viste fram livet bak kulissane hos dei italienske utøvarane for TV-publikummet.

Eg elskar å gjere andre ting. Eg klarer ikkje å berre vere ein idrettsutøvar heile tida. Eg fokuserer på konkurransar, men eg elskar også å nyte livet utanfor idretten, seier Wierer til NRK etter sesongopninga på Sjusjøen.

– Vand til at folk kritiserer meg

Sjølv forsvarer stjerna OL-avgjerda.

– Eg veit at det ikkje er det beste for ein idrettsutøvar, men eg trur ikkje alle har sjansen til å gjere dette (å jobbe under eit OL). Eg gjorde det fordi eg ville oppleve det og det gir meg også høve til å jobbe med TV etter karrieren, seier Wierer.

– Ola Lunde kritiserer OL-valet ditt og meiner at det ikkje held mål. Korleis er det å få slik kritikk?

– Eg er vand til at folk kritiserer meg. Eg er ikkje ein normal idrettsutøvar. Eg elskar å nyte livet, i tillegg til å vere ein idrettsutøvar, svarer Wierer.

Dorothea Wierer - her som Discovery-ekspert - intervjues av NRK under sommer-OL i Paris.

EKSPERT: Her blir Dorothea Wierer intervjua som Discovery-ekspert under sommar-OL i Paris av NRK.

Foto: NRK

NRKs fotballekspert og Viking-profil Kristoffer Løkberg har sjølv opplevd det å sjonglere mellom idrettslivet og TV-jobbar. Det har påverka han positivt, seier Løkberg sjølv.

– For meg har det vore veldig bra. Toppidrett kan vere altoppslukande, så det har vore godt å ha noko anna å bruke hovudet til, seier fotballeksperten.

Han meiner at ein må sjå framover når ein nærmar seg karriereslutt.

– Ein må begynne å tenke på livet etterpå mot slutten av karrieren. Da kan det vere lurt å nytte seg av slike moglegheiter, for å sjå om det kan vere noko for framtida, meiner Løkberg, som legg opp etter sesongen.

Vikings Kristoffer Løkberg etter eliteseriekampen mellom Viking og Lillestrøm på SR-bank arena.

SJONGLERER: På tampen av fotballkarrieren har Kristoffer Løkberg vore NRK-ekspert under blant anna fotball-VM og fotball-EM.

Foto: Carina Johansen

Hadde to månader treningsfri etter fiaskosesong

På Sjusjøen gjennomførte Wierer den første harde gjennomkøyringa sidan februar. Det enda med eit knallsterkt «comeback» og ein tredjeplass på fellesstarten.

Det var fint å endeleg vere tilbake, seier ho.

Dette er det første lyspunktet på lang tid. For 34-åringen har vore gjennom eit spesielt år – eit år som har inneheldt fleire nedturar enn oppturar. Fjorårssesongen kan ikkje kallast noko anna enn ein fiaskosesong, noko ho sjølv også innrømmer.

Wierer fortel til NRK at ho var sjuk fem gonger frå november til mars.

Ein tiandeplass i VM-sprinten blei hennar beste individuelle plassering gjennom sesongen.

Etter meisterskapen i Nove Mesto fekk ho nok: Da tok ho valet om å ta ein to månader lang pause for å nullstille både kropp og sinn.

Dorothea Wierer under VM i Nove Mesto

LANGT NEDE: Dorothea Wierer fekk det tungt under VM i Nove Mesto. Her etter normalprogrammet der ho enda på ein 14. plass.

Foto: PETTER ARVIDSON / BILDBYRÅN

I desse månadene heldt ho seg unna alt av trening, før ho starta opp på nytt på vårparten. Så kom OL-jobben på sommaren.

I den franske hovudstaden blei det berre tid til éi treningsøkt om dagen – og dette skjedde mens konkurrentane la det viktige grunnlaget for ein ny sesong.

– Eg ville definitivt gjort det igjen. Etter olympiaden hadde eg ti dagar kor eg berre låg i senga og var heilt død. Eg var i og rundt Paris heile dagen og stod i intervjuar, og var dessutan med frå studio. Det var hardt, men fint, seier Wierer.

Dorothea Wierer under fellesstarten på nasjonal åpning på Sjusjøen

VISER FORM: Dorothea Wierer gjekk seg inn på pallen under den norske nasjonale opninga.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Blir for dårleg

For Lunde er dette ei uforståeleg prioritering. I alle fall med tanke på sesongen Wierer var gjennom.

Det blir for dårleg det arbeidet ho har lagt ned, sjølv om ho faktisk har vore frisk i haust, seier Lunde.

Fleire av dei norske skiskyttarane fekk også med seg «sommarjobben» til Wierer.

Eg veit ikkje om eg hadde tatt nokre veker i Paris sjølv om det var sesongfri. Eg er litt usikker på om eg ville gjort det altså, seier Juni Arnekleiv til NRK.

Men Wierer får også støtte frå både konkurrent Ingrid Landmark Tandrevold og den beste skiskyttaren i verda, Johannes Thingnes Bø.

– Eg trur skiskyting er ein veldig mental idrett. I skiskyting må ein ha både fysisk og mentalt overskot. Viss ein treng to månader stopp for å kunne vere 100 prosent på, og for å tole ein heil vinter, så er det heilt rett å gjere, seier Tandrevold.

Dorothea Wierer og Ingrid Landmark Tandrevold etter fellesstarten på Sjusjøen

KONKURRENTAR: ... og venninner. Ingrid Landmark Tandrevold (til venstre) og Dorothea Wierer etter fellesstarten på Sjusjøen.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Så lenge ho er trygg på at ho kan vere god på vintertid, så trur eg ho har lyst til å berre ha det morosamt og gjere greia si på sommaren. Det støttar eg henne fullt og heilt i, seier Thingnes Bø.

  • Få med deg alle godbitane gjennom vinteren! Sjå vinterprogrammet for heile sesongen nedanfor:

Publisert 19.11.2024, kl. 19.57

Read Entire Article