«Den nye landeplaga i ungdomsidretten».
Det seier Svein Kristiansen, manuellterapeut og fotballpappa i Østfold. Dei siste åra har han lagt merke til noko han liker svært dårleg.
Samtidig som norske fotballspelarar blir selde til utlandet for millionar, slit mange ungdommar med trøyttleiksbrot, også kalla stressreaksjon eller stressfraktur.
– Det er ein tydeleg aukande trend. Vi har ikkje noko vitskaplege tal ennå på kor mykje, men vi ser at det aukar, seier Kristiansen til NRK.
– Vi har ein høgare førekomst enn før, det er alle i idrettsmedisinen einige om. Aller hyppigast hos gutar som speler fotball på høge nivå og trenar mykje i alder 15–17 år, seier Kristiansen.
Manuellterapeuten meiner at ein stadig proffare kvardag for barn og unge kan få store konsekvensar, og ber forbundet dra i brekket.
Les heile svaret til NFF lenger ned i saka.
Trekte seg frå styret i protest
I vår skreiv NRK om at fleire norske toppklubbar veg spelarane sine heilt ned i 13-årsalderen.
Fleire har reagert på praksisen der norske toppklubbar bruker biologisk alder for å tilpasse treninga.
I Bergen har trøyttleiksbrot vore eit stort problem, meiner Geir Austvik. Han sat tidlegare i styret i fotballklubben, men problemet blei til slutt så omfattande at han trekte seg frå styret i Brann, melde Bergensavisen i april.
Austvik er fysioterapeut, og meiner enkelt og greitt at dei trenar ungdommen i senk.
– Det blir heilt feil og går i heilt gal retning. Det har blitt eit press frå trenarar, akademi, foreldre og skular, men ingen har eit overordna ansvar for desse ungane. Det som skjer er at dei trenar for mykje, dei trenar for einsidig og fråfallet blir for stort, seier Austvik til NRK.
Han meiner utviklinga må stansast, men at han ikkje makta det som ein del av Brann-styret.
– Med mine verdiar og kunnskap var det heilt umogleg å halde fram, seier Austvik til NRK.
Brann er ikkje einige i kritikken frå Austvik.
– Treningsmengda i Brann-akademiet skil seg ikkje frå i andre toppklubbar nasjonalt og internasjonalt. Det blir ikkje trena meir i SK Brann enn i referansemiljø eller samanliknbare klubbar i Noreg og Europa elles, svarer Brann til Austvik.
Fleire brot?
Kristiansen peikar på fleire årsaker til at fleire trøyttleiksbrot blir oppdaga. Éin ting er at fleire blir sende til MR-undersøking.
– Så er det andre risikofaktorar: Høg treningsbelastning, einsidig treningsbelastning, dårleg eller manglande restitusjon, for lite søvn og næring, seier han.
NFF viser til Idrettens helsesenter for å svare på årsakene.
PROFESSOR: Thor Einar Andersen, professor ved Noregs idrettshøgskole og medisinsk leiar i Idrettens helsesenter, eit heileigd dotterselskap av NFF.
Foto: Norges idrettshøgskole– Det kan vere fleire årsaker til dette. Vi har ikkje historiske data, så vi sit ikkje med fakta på kor mange det har vore tidlegare, og om det har vore ein auke. Men vi registrerer jo at vi diagnostiserer fleire unge utøvarar med stressreaksjon både i beina og nedre del av ryggen, seier Thor Einar Andersen.
Han er professor ved Noregs idrettshøgskole og medisinsk leiar i Idrettens helsesenter, eit heileigd dotterselskap av NFF.
– Norsk fotball har til liks med andre idrettar skadeutfordringar som vi tar på største alvor. Totalbelastninga er stor for ungdommar med stor aktivitet på ei rekke ulike arenaer, seier Håkon Grøttland i Norges Fotballforbund.
Grøttland påpeikar at periodisering, belastningsstyring, variasjon i treningskvardagen, kosthald og tilstrekkeleg med kvile er viktige stikkord for å unngå skader.
IKKJE EINIG: Håkon Grøttland i NFF seier at det er vanskeleg å seie om det er ein reell auke i trøyttleiksbrot.
Foto: Halvor EkelandKlar beskjed til toppane
Manuellterapeut Svein Kristiansen ber Norges Fotballforbund dra i brekket for å bremse utviklinga der fleire og fleire unge lever ein profesjonalisert kvardag.
– Vi må ha allsidig barneidrett, robuste og motstandsdyktige barn. Sesongpausar og mykje meir variasjon når ein spesialiserer seg i den enkelte idretten sin, seier Kristiansen.
På spørsmål om kva NFF gjer for å bremse utviklinga, svarer Håkon Grøttland:
– Saman med Norsk Toppfotball og Toppfotball Kvinner, har NFF utvikla eigne kurs både i «livsmeistring, vekst og modning» som bidreg til auka kunnskap i heile organisasjonen blant anna knytt til skadeførebygging. Over tid trur vi det vil føre til auka bevisstheit og færre skadar – særleg blant ivrig fotballungdom.
– Det er bra for spelarutviklinga, og ikkje minst er det viktig for livsgleda til kvar enkelt: Det å få høve til å halde på med det du elskar, legg Grøttland til.
Publisert 23.09.2025, kl. 20.26 Oppdatert 23.09.2025, kl. 20.55