I fjor gjekk alle partia – òg Raudt saman i eit forsvarsforlik, der planen er å ruste opp Forsvaret med 611 milliardar kroner dei neste 12 åra.
– Nato-kritikk ligg tydeleg og fast, seier leiar i Raudt Marie Sneve Martinussen.
Ho legg til:
– Eg meiner at dei siste månadene har vist oss kor viktig det er at vi gjer oss mindre avhengig av stormaktsinteressene til USA.
Sjå eller lytt til Politisk kvarter med Raudt-leiaren.
– Vi jobbar for å melde Noreg ut av Nato
Martinussen tek til orde for det som òg står i arbeidsprogrammet som er at Noreg skal melde seg ut av Nato når det er fleirtal for det i folket og på Stortinget.
Ho meiner at ein heller bør styrke det norske forsvaret.
Partiet har foreslått å bruke meir pengar på Forsvaret i Noreg, men Nato-kritikken ligg fast:
– Vi jobbar for å melde Noreg ut av Nato, seier ho.
Forsvarsavtala knyt Noreg for tett opp mot Nato og USA, meiner andre i partiet.
Joakim Møllersen er blant dei som ønskjer å melde Noreg ut av Nato.
Foto: Carina Johansen / NTBMellom dei er Joakim Møllersen i Raudts sentralstyre, som er klar i si oppmoding før helgas landsmøte på Sundvolden i Buskerud.
– Vi ønskjer at Raudt skal trekkje si tilslutning til forsvarsforliket, sa han til NRK.
– Dette blir ei stor sak på landsmøtet, og du kan godt kalle det eit opprør, la han til.
Ambisjonar om 8 prosent til Stortingsvalet
Svene Martinussen har høge ambisjonar til Stortingsvalet, målet er at partiet skal passere 8 prosent oppslutning til hausten.
Partiet har òg hatt intern strid om kven som skal bli ny partisekretær.
Noverande partisekretær Reidar Strislander er innstilt av valkomiteen, men ser ut til å få kamp om jobben.
Foto: RødtPartisekretær Reidar Strislander er innstilt av valkomiteen for ein ny periode, men fleire Raudt-politikarar har varsla at dei vil fremje benkeforslag på Mari Rise Knutsen frå Oslo til vervet.
– Mari representerer grasrota og aktivistar, ho har vore aktiv i mange år, sit i bystyret og har hatt mange verv, men ikkje på dette nivået.
Det meiner Jon Sandven, delegat på landsmøtet og lokalt folkevald i Bydel Bjerke i Oslo.
Mari Rise Knutsen kan bli partisekretær i Raudt.
Foto: Nima TaheriKnutsen har òg gjort det klart at ho er klar for kampen om å bli partisekretær.
– Stortingsgruppa har gjort ein fantastisk jobb. Men tyngdepunktet i partiet har flytta seg mykje på kort tid, frå aktivisme lokalt til at det parlamentariske har fått veldig stor plass.
Publisert 28.02.2025, kl. 07.51 Oppdatert 28.02.2025, kl. 08.30