Raudt, Fagforbundet og Fellesforbundet hardt ut mot Høgre og NHO

1 month ago 25



I haust gjekk Høgre-leiar Erna Solberg ut med eit valkampløfte saman med NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Dei lova auka tilgang til innleige og midlertidigheit i arbeidslivet, for å få fleire inn i arbeid.

– Me veit at bemanningsbyråa var vegen inn for veldig mange av dei som sleit i arbeidsmarknaden, sa Solberg i haust.

Men meir midlertidigheit og innleige er Raudt, nestleiaren i Fagforbundet og forbundssekretæren i Fellesforbundet fullstendig imot.

Dei har samla seg på landsmøtet til Raudt denne helga, og nyttar høvet til å koma med ei felles valkamputspel.

– Me må sørga for at me har eit fleirtal etter valet som sikrar arbeidsmiljølova. Dei angrepa er heilt tydelege frå parti på høgresida, så me har ein kamp, og den må me kjempa saman, seier Martinussen på vegner av alle tre.

Vil stramma inn på innleige

Ved maktskifte i 2021 var den nye regjeringa raskt ute med å fjerna tilgangen til generelle midlertidige tilsettingar i norske bedrifter. I tillegg har dei stramma inn bruken av innleigd arbeidskraft.

Støtta til dette har dei henta frå SV og Raudt.

Men nå vil Raudt, saman med dei to fagorganisasjonane, gå lenger og stramma inn innleigebruken ytterlegare. Dei vil:

  • Fjerna innstrammingsunntaket for helse- og omsorgssektoren på innleige, slik at det også her blir strengare å ta i bruk innleigd arbeidskraft.
  • Utvida innleigeforbodet i byggebransjen i Oslo, Vestfold og Viken til fleire område og bransjar.

Tre sykepleiere i hvit uniform gjør i stand rom til pasient på Bærum sykehus.

Raudt går saman med Fellesforbundet og Fagforbundet vil utvida innstrammingane om bruk av innleige av arbeidskraft som er innført for andre bransjar, til å også gjelda i helse- og omsorgssektoren. Bildet av sjukepleiarane er ikkje tatt i samanheng med denne saka.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Så det er ein beskjed dei andre partia på venstresida kan ta med seg inn på landsmøta sine, seier Raudt-leiaren.

I tillegg vil dei slå ring om innstrammingane som blei gjort for bruk av midlertidig tilsettingar.

– Det vil Erna Solberg fjerne, seier Martinussen.

Fleire faste og trygge arbeidsplassar

Med full støtte frå NHO sa Høgre i haust at dei vil senka terskelen for ei generell tilgang til å tilsetta folk i midlertidige stillingar, innanfor eit strengt regelverk, og sørga for at næringslivet kan leiga inn arbeidskraft ved behov, i tråd med reglane som gjaldt frå 2019.

– Det betyr at det er lov å leiga inn arbeidskraft for å kunna ta unna toppar, for å ha vikariat. Det betyr indirekte også at du kan få prøva ut folk i ei stilling, sa Høgre-leiaren då.

Per februar 2025 står 65.900 personar registrert som heilt arbeidsledige hos Nav. Det svarar til 2,2 prosent av den norske arbeidsstyrken.

Raudt, Fagforbundet og Fellesforbundet håper fleire av partia på venstresida henger seg på ytterlegare innstrammingar i innleigepraksisen.

Trioen meiner ytterlegare innstrammingar på regelverket for innleige og bruk av midlertidige tilsettingar vil skapa fleire trygge og faste arbeidsplassar.

– Det er ingenting som tilseier at helsefagarbeidarar eller sjukepleiarar har mindre behov for trygge jobbar og faste tilsettingar, seier Martinussen.

– Det kostar tre gonger prisen med innleige i helse- og oppvekstsektoren, seier Larsen.

Dette er pengar arbeidsgivaren i staden kunne brukt på å auka grunnbemanninga, og på den måten skapa fleire arbeidsplassar, meiner Larsen.

Det vil og vera gunstig for å få fleire ut i jobb, og bli der, seier forbundssekretæren i den øvste leiinga i Fellesforbundet, Joachim Espe.

– Du må ha ein arbeidsgivar som investerer i arbeidskrafta og behandlar deg slik at du orkar å stå lenge i jobben, seier Espe i Fellesforbundet.

– Då kan du ikkje driva rovdrift der folk må jaga ekstravakter om dei har deltid eller er leigd inn, seier Espe.

Dei seier forbodet innan byggebransjen har fått fleire inn i fast jobb og færre i midlertidige stillingar.

– Det er det me ønsker å ta vidare inn til helsesektoren, seier Espe.

Ap og SV er positive

SV og Arbeidarpartiet skal ha landsmøte i mars og april, og Raudt-leiar Martinussen håper dei vil samla seg om innstrammingane fram mot valet i haust.

– Dette er grep som SV allereie har føreslått på Stortinget som me støtter fullt ut, og håpar venstresida vil samlast om, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.

SV-leiar Kirsti Bergstø står føre ein byggeplass, som er uklar i bakgrunnen.

SV-leiar Kirsti Bergstø.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Ho seier dette er for å sikra folk i fast arbeid og eit trygt organisert arbeidsliv, som ho meiner er nøkkelen til eit samfunn med små forskjellar.

Helsepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet og stortingsrepresentant Truls Vasvik seier han er glad for at venstresida er med å halda trykket og ønsket om faste, heile stillingar i arbeidslivet.

– Det er ingen tvil om at me i Arbeidarpartiet støtter intensjonen og målet om å redusera bruken av innleige i helsesektoren, seier Vasvik.

Han seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) allereie har tatt grep og stilt krav om at helsesektoren må ha ei kritisk gjennomgang av innleigepraksisen og redusera omfanget.

Publisert 02.03.2025, kl. 17.07

Read Entire Article