– Det er jo ein kjempeinspirasjon, seier ein smilande statsminister som er ute for å møte veljarar i morgonrushet i Bergen når NRK presenterer februartala for han.
For tydelegare effekt av å danne eittpartiregjering og gje Jens Stoltenberg eit spektakulært comeback som finansminister, kunne han knapt drøymt om.
Meningsmåling februar 2025 Hvordan ville Norge stemt?
Vis i tillegg
Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin
28,7 % | +8,5 |
25,3 % | +1,6 |
16,2 % | −3,5 |
7,4 % | −1,4 |
6,0 % | +1,1 |
5,3 % | −0,6 |
3,1 % | −2,7 |
2,7 % | −0,6 |
2,1 % | −1,7 |
Partimåling fra Norstat for februar 2025 med 989 spurte. Viser endring fra meningsmåling i januar.
Norstat byrja å ringe veljarar 4. februar, same dagen som den nye Ap-regjeringa hadde gått ut på slottsplassen og Jens Stoltenberg hadde kome tilbake i norsk politikk. Målinga er gjort for NRK, Dagbladet og Vårt Land, som samarbeider om målingar frå denne månaden.
Det vanlege i meiningsmålingar er at kanskje eitt parti har ein tilbakegang eller framgang frå førre månad som er større enn den statistiske feilmarginen. Denne gongen har både Høgre og Venstre nedgang som er større enn feilmarginen.
Men først og fremst: Arbeidarpartiet er heile 8,5 prosentpoeng større enn i januar.
Uvanleg framgang
Ansvarleg for partimålingane i Norstat, Mads Motrøen, må leite langt bak i arkiva for å finne noko så spesielt. For 16 år sidan, då Frp hadde ei kanonmåling i mars 2009, var det ei like brå og stor endring på ei enkeltmåling. Arbeidarpartiets framgang i august 2011 like etter Utøya-massakren var nesten like stor, men framgangen no er faktisk nokre få tidelar større.
– Arbeidarpartiet hentar no veljarar frå alle parti, inkludert KrF, Venstre, Frp og Høgre, seier Motrøen.
– Det er også fleire frå Senterpartiet og SV som går til Arbeidarpartiet samanlikna med siste halvår. Arbeidarpartiet trekk også vesentleg fleire «sofaveljarar» frå 2021-valet samanlikna med før.
Medvind frå alle kantar
Alt spelar med andre ord Arbeidarpartiet sin veg i denne målinga:
- Ap har henta inn 185.000 veljarar på ein månad og er større enn i førre stortingsval. Ap har ikkje vore så store på seks år hos Norstat.
- Høgre held fram nedgangen og er no godt under 20 prosent, det lågaste nivået sidan hausten 2009.
- KrF og Venstre er under sperregrensa, det svekker høgresida.
- Raudgrøn side har fleirtal igjen, Støre kan få ny periode som statsminister.
Flertall på Stortinget Kunne Støres regjering ha fortsatt?
Fordeling av politikere til venstre- og høyresiden
Venstresiden
Antall politikere: 88
Ned 12 politikere sammenlignet med valget 2021
Høyresiden
Antall politikere: 81
Opp 13 politikere sammenlignet med valget 2021
En regjering må ha flertallet av stortingspolitikerne bak seg (85). Støres regjering har støtte fra de 100 politikerne fra Ap, Sp, SV, Rødt og MDG i denne stortingsperioden. I denne målingen har de fem partiene fortsatt flertall med 88 plasser.
Denne veka erklærte Støre at Frp var Aps hovudmotstandar i valkampen. Han meiner målinga stadfestar dette.
– Frp er det klart største partiet på borgarleg side, så det er naturleg at vi har merksemda knytt til dei, seier Støre.
– Vi ser at vi står stabilt, seier Støres hovudmotstandar Sylvi Listhaug til NRK.
– Det er eg glad for, for sjølv om vi har fått nye folk i regjering, så vidarefører dei jo den same politikken. Skal vi ha ny kurs, trengst eit sterkt Frp.
Partia på høgresida har hatt fleirtal saman på NRKs Norstatmålingar sidan november 2023. Fram til i dag. Listhaug innser at eit sterkt Frp ikkje er nok.
– Eg håpar alle dei ikkje-sosialistiske partia klarar å løfte seg slik at vi sikrar eit nytt fleirtal.
Kjenner stemninga
Sjølv om Frp ligg stabilt, viser målinga ei tydeleg stemningsendring hos store delar av folket. Statsministeren seier han kjenner på den sjølv.
SELFIE: Student Jenny Ilstad i Bergen møtte statsministeren i dag tidleg.
Foto: Mats Rønning, NRK– Vi møter utruleg mykje positiv stemning no. I gata i Bergen, i bylivet, i skogen når eg er på tur.
Men samtidig. Han har levd lenge nok i politikken til å ikkje ta heilt av.
– Eg håpar det lysnar no, men ein kan ikkje berre putte den forventninga i lomma og gå vidare, vi må fortene den, seier han og ramsar opp at regjeringa hans skal jobbe med økonomien, skulen, kriminaliteten og helsekøane for å gjere seg fortent til støtte frå folket.
– Er din plan framleis rein Arbeidarpartiregjering?
– Det er jo den regjeringa Noreg har no, og det er den regjeringa som går til val i september. Vi må jobbe for å få eit fleirtal på vår side av streken, så skal vi ta ansvar for å leie ei regjering. Korleis det vil sjå ut etter valet får vi sjå på. Eg utelukkar eller inkluderer ingenting no.
– Vårt mål er ei Arbeidarparti-leia regjering, seier Støre som likevel minner om at han har utelukka regjeringssamarbeid med Raudt og MDG.
I dagens måling har dei raudgrøne partia fleirtal med 87 stortingspolitikarar, også utan den eine representanten MDG ville fått inn. Stemmene til Raudt trengst for å skape fleirtal på venstresida.
Vender Høgre ryggen
BLÅBLÅ: Listhaugs Frp er no 9 prosentpoeng større enn Solbergs Høgre.
Foto: William Jobling, NRKHøgre var jamstore med Arbeidarpartiet for ein månad sidan. No er partiet 12 prosentpoeng bak. Høgre har nedgang for femte månad på rad, og nesten 300.000 veljarar har vendt partiet ryggen sidan september.
– Dette viser kor raskt ting kan endre seg, seier Erna Solberg og manar eige parti til hard innsats.
Høyre over tid Hvordan har støtten endret seg?
Vis partiets tid i regjering
Grafen viser Høyres oppslutning i meningsmålinger de siste fire årene.
– Vi skal jobbe hardt for å bli størst til valet. Høgre meiner vi treng eit løft for økonomien, etter snart fire år med dårlegare råd for folk og opprør i næringslivet. Høgre er garantisten for betydeleg lågare skattar, kortare helsekøar og ei ny regjering som satsar på skulen og barna våre. Vi vil gje Noreg ein ny og tryggare kurs, med løysingar som verkar og gjer folks liv betre, seier Solberg.
Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere
9 | 1 | |
13 | 0 | |
54 | 6 | |
11 | -17 | |
1 | -2 | |
3 | 0 | |
1 | -7 | |
28 | -8 | |
49 | 28 |
Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling februar 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.
Open kamp om regjeringsmakt
Professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Jørgen Bølstad, meiner kampen om regjeringsmakta no er heilt open fram mot valet.
OPENT: Kampen om regjeringsmakta kan bli avgjort av småpartia, meiner Jørgen Bølstad.
Foto: Amund Aasbrenn / UiO– I denne målinga får raud-grøn side eit knapt fleirtal samtidig som Venstre hamnar under sperregrensa. Men Venstre kan like gjerne hamne over, og då blir det fort borgarleg fleirtal. Korleis det går med småpartia som ligg rundt sperregrensa kan med andre ord bli heilt avgjerande.
Av dei mindre partia er både Venstre, KrF og MDG under sperregrensa på 4 prosent som utløyser fleire stortingsplassar. Raudt har framleis ganske trygg avstand til sperregrensa, mens Senterpartiet styrkar seg litt etter å ha gått ut av regjering.
Arbeiderpartiet over tid Hvordan har støtten endret seg?
Vis partiets tid i regjering
Grafen viser Arbeiderpartiets oppslutning i meningsmålinger de siste fire årene.
Publisert 11.02.2025, kl. 18.00