Førebur seg på Trump-toll: Sleipner fyller lager i USA

6 hours ago 3



Mange norske bedrifter følgjer Trump sine utsegner tett om dagen, og lurer på korleis dei skal forhalde seg til måten han er i ferd med å prege heile verdshandelen på.

– Eg blir jo skremt og tenker at vi må tilpasse oss, seier sjef Ronny Skauen i Sleipner.

Ronny Skauen

Ronny Skauen har jobba i Sleipner i 30 år. I 2019 tok han over leiinga etter sin far.

Foto: Helge Tvedten / NRK

NRK møter han og sals- og marknadssjef Marius Torjusen i produksjonslokala i Fredrikstad.

Der lagar selskapet thrusterar og stabiliseringssystem til yachtar, hurtigbåtar og redningsfartøy.

– Alvorleg

USA er den største båtmarknaden i verda og ein svært viktig marknad for Sleipner.

20 prosent av alt Sleipner lagar blir selt direkte til USA. Kring 25 prosent går til båtbyggarar og verft i EU-landa, som igjen sel båtane til USA.

Propell

Foto: Helge Tvedten / NRK

Men kva gjer ein medan ein ventar og ikkje aner korleis ein blir påverka?

– Vi har lagt tre månaders etterspørsel på lager i USA. Det gir oss eit kort pusterom, men ikkje meir enn det. Blir det straffetoll vil det vere alvorleg for oss, seier sals- og marknadssjef Marius Torjusen.

Allereie før jul sende Torjusen ein e-post til ein stor distributør Sleipner samarbeider med i USA, og sa at var uroa for at Sleipner-produkta kunne bli ramma av straffetoll.

– Er dei amerikanske kundane dykkar uroa?

– Absolutt. Eg har vore i kontakt med amerikanske båtbyggarar og distributørar denne veka om korleis vi eventuelt skal løyse dette, seier Torjusen.

Marius Torjusen

Sals- og marknadssjef Marius Torjusen i Sleipner seier at ein straffetoll vil gjere båtar dyrare i USA, og at det vil bli eit problem både for Sleipner og for den europeiske båtbransjen.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Sleipner-sjefen seier dei også har moglegheitene opne for å opne monteringslinjer i USA.

– Skulle vi måtte tilpasse oss, så må vi drive noko montering i USA for å kunne konkurrere der. Det vil krevje store investeringar, og er ikkje noko vi ønskjer å gjere, seier Skauen.

Produksjonen til Sleipner.

Førebels set Sleipner saman sine thrustarar og motorar i Fredrikstad, men har ei mogleg monteringslinje i USA i tankane i lys av situasjonen.

Foto: Helge Tvedten / NRK

EU-toll den «store skrekken»

Så langt er dette status for Sleipner og norsk næringsliv i møte med Trump-toll:

  • 12. mars trer ein toll på 25 prosent på stål og aluminium frå heile verda i kraft. Sleipner, som brukar ein del aluminium i sine produkt, er ikkje sikker på om dei blir ramma eller ei.
  • EU har sagt dei vil svare, men det er uvisst korleis.
  • Trump har sagt at han vil innføre toll på varer frå EU, men det har så langt ikkje skjedd. Presidenten har ikkje nemnt at han vil innføre toll på norske varer.
  • Noreg er utanfor EU sine tollmurar, og kan dermed bli ramma av EU sine mottiltak som i utgangspunktet er retta mot USA. EU-landa i sum er den største og viktigaste handelspartnaren til Noreg, og difor fryktar næringslivet aller mest akkurat dette.

– Den store skrekken er om det blir ein avtale mellom EU og USA som vi ikkje får vere med på. Får vi tollmurar mot Europa i tillegg, så kan det verkeleg byrje å spøke for veldig mange, seier Sleipner-sjefen.

Norske styresmakter har i månadsvis jobba for å sikre at Noreg ikkje blir ramma av EUs mottiltak, men så langt ikkje fått stadfesta at det er i boks.

– Kanskje vi framover må bite litt i oss, og seie at vi kanskje bør bli medlem av EU ein eller annan gong, slik at vi garanterer at vi har ein sterk partnar, seier Skauen.

Produksjonen til Sleipner.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Fleire vurderer å flytte produksjon til USA

Innovasjon Noreg har tett dialog med norske bedrifter, og kallar det heile ein dramatisk situasjon.

Håkon Haugli registrerer at fleire gjer som Sleipner.

Det vi ser, er at nokre norske bedrifter vurderer å auke lagerkapasitet og flytte produksjon til USA. Det har vi fleire eksempel på, seier Haugli.

Norske bedrifter som allereie er til stades i USA, viser ikkje teikn til å trekke seg ut, og satsar like mykje på den amerikanske marknaden som før, ifølgje Haugli.

Innovasjon Norge signerer milliardavtale med EU. CEO i Innovasjon Norge Håkon Haugli

Innovasjon Noreg-sjef Håkon Haugli.

Foto: Ole Berg-Rusten / Ole Berg-Rusten / NTB

– Kva er dykkar råd til norske bedrifter som er svært usikre i denne situasjonen?

– Dersom ein vil lukkast i USA, bør ein vere til stades i marknaden med produksjon, distribusjon og sal. Lokalt nærvær er meir aktuelt enn nokon gong, når Trump truar med toll.

– Men det er også viktig å vere tolmodig og ikkje ta forhasta grep, før vi veit korleis tollmurane vil slå ut, seier Haugli.

Publisert 11.02.2025, kl. 19.33

Read Entire Article