Halvparten av oss meiner vi har kollegaer med «bullshit-jobbar»

5 hours ago 5



Har du ei kjensle av at du – eller andre – har meiningslause oppgåver på jobb? Eller kanskje at heile jobben eigentleg er meiningslaus?

I så fall er du ikkje åleine.

Rundt halvparten av norske arbeidstakarar svarer at dei har kollegaer som produserer arbeid med svært liten verdi såkalla «bullshit-jobbar».

Og at mange kollegaer leverer under forventning. Og at svært få leiarar gjer noko med dette.

Det viser ei fersk, nasjonal spørjeundersøking.

I gjennomsnitt meiner dei spurde at åtte prosent av dei tilsette på arbeidsplassen deira utfører oppgåver som ikkje gir verdi.

«Idiotoppgåver»

Undersøkinga vart tysdag presentert på den årlege Vestlandskonferansen i Bergen.

Folk ønskjer å skape verdi når dei er på jobb. Dei treng leiarar som legg til rette for det.

Det seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestland og konserndirektør i Sparebanken Vest.

Då kan vi ikkje sette vår knappaste ressurs, vår kunnskap, kraft og energi, til å løyse «idiotoppgåver» som skapar liten eller inga verdi. Det er ikkje bra for arbeidstakarar, og det er ikkje bra for økonomien på Vestlandet og i landet elles, sa ho på konferansen.

Sundland viser til at Finansdepartementet anslår at nordmenns samla, kollektive arbeidskraft utgjer 65 % av nasjonalformuen vår.

Det betyr svimlande 70.000 milliardar kroner. Det er tre og eit halvt oljefond. Då er det veldig alarmerande at 46 prosent svarer at på arbeidsplassen deira sit det flinke folk og gjer oppgåver som alle veit ikkje skaper verdi for kunden eller brukarar.

– Dette er heilt krise for oss som nasjon. Dette har vi ikkje råd til.

Siren Sundland

– Der eg kjem frå, kallar vi dette «idiotoppgåver», seier Siren Sundland i Agenda Vestland.

Foto: Sparebanken Vest

Rapporteringsvelde

Omgrepet «bullshit-jobb» vart lansert av den britiske professoren David Graeber i 2013. Den handlar om at i heile den vestlege verda går tida brukt på byråkrati og rapportering opp (sjå faktaboks, nedst).

– Kort sagt tullejobbar og unyttige jobbar. Der eg kjem frå, kallar vi dette «idiotoppgåver».

Du må gjere det fordi det blir forventa av deg, men så kjenner du den gnagande kjensla av at du kunne brukt tida di betre, seier Sundland.

Til dømes i barnehagetilsette som melder at tid som skulle vore brukt på å passe på ungane, går til å oppdatere ein app til foreldra om mating og bleieskift. Eller folk i helsevesenet og næringslivet som klagar seg over eit enormt rapporteringsvelde.

Leiar-kritikk

Den ferske spørjeundersøkinga viser også at berre 16 prosent vurderer at leiarane deira set inn formålstenlege tiltak for å sikre at alle medarbeidarar har meiningsfulle oppgåver og leverer det som er venta av dei.

– Dette er alarmerande. Folk ser at leiarane aksepterer at det er folk i avdelingane deira på deira lag som ikkje yter sitt beste, som kviler seg i at dei andre drar lasset. Det er òg ei sløsing med ressursar og ei sløsing med lagånd, meiner Sundland.

Menon Economics vedgår at ein analyse av kva folk vurderer som meiningslause jobbar eller oppgåver, har store metodiske svakheiter.

Selskapet kallar likevel funna i analysen «nedslåande», og oppsummerer slik:

  • Om sløsinga med tid er i nærleiken av det som blir antyda i denne rapporten, kan det at leiarar og politikarar er meir kritiske til kva dei bruker arbeidstakarane si tid til, gi store gevinstar.
  • Den låge veksten i produktivitet Noreg har slite med dei siste åra vil truleg vere historie om vi handterer denne utfordringa formålstenleg. Gevinsten kan også vere medarbeidarar som opplever auka meining.

«Excel-knoting»

På Vestlandskonferansen fortalde sjukepleiar og økonom Hilde Ulvik Hordnes om korleis ho laga turnusplanar og vart lei av å knota med Excel-filer «herfrå til månen». Ho starta teknologiselskapet Dynamon, og laga ein automatisert, skybasert turnusordning.

– Den gjer at sjukefråværet går ned, økonomistyringa blir betre, fleksibiliteten for tilsette i helsevesenet blir høgare. Fleire kan hente inspirasjon frå dei som ikkje berre aksepterer idiotoppgåver, men gjer noko med det, skryt Sundland.

Publisert 11.02.2025, kl. 23.19 Oppdatert 11.02.2025, kl. 23.26

Read Entire Article