Ragna Kornelia Forså (26) frå Mosjøen blir med på eit pilotprosjekt frå NRK frå hausten av, skriv Helgelendingen.
Det er snakk om eit opplæringsprogram for personar med funksjonsnedsetting.
– Det er rett og slett draumen som blir oppfylt, seier Forså til avisa.
NRK har tidlegare skrive om Ragna Kornelia Forså som blei tatt inn i varmen som journalist av Helgelendingen. Det var etter å ha blitt avvist mange gongar i søken etter jobb som ei som nesten er blind.
No jobbar ho i NRK Buskerud i Drammen. Til hausten føyttar ho til Kristiansand for å starte på «Talentprogram for funksjonsmangfald».
Knut Knudsen Eigeland er prosjektleiar for det nye tilbodet som skal bli sett i gang til hausten. Han seier til avisa at det er noko heilt nytt.
– Det er ikkje mange menneske med funksjonsnedsetting som utdannar seg til å bli journalist eller jobbar i mediebransjen, og vi ønsker å lage eit talent- og opplæringsprogram på ti månader for denne gruppa.
Han fortel at det kom over 70 søknadar og at elleve blei valt ut.