Etter at eg stod i forkledet mitt på «Debatten» på NRK 1 har eg møtt kritikk, blant anna i ein kronikk på NRK Ytring, for marknadsføringen av kvinnefellesskapet Husmorhæren.
Nokon framstiller det som at eg deltok i programmet som eit reint PR-framstøyt.
Eg forstod at deltakinga kom til å gjere meg og oss meir synlege, men det eg gjer er at eg driv to parallelle løp samstundes.
Det eine er å bidra i samfunnsdebatten og påverke politisk. Dette byrja eg med lenge før Husmorhæren såg dagens lys.
Det var grunnen til at eg vart med på Debatten, likt som at eg snakka om liknande tema på Politisk Kvarter i fjor.
Det andre løpet er å skape eit godt fellesskap for kvinner som tenkjer i same baner som meg sjølv. Etter at eg byrja å ytre meg som eg gjer på Instagram-kontoen min @linnyslivsstil, tok kvinner kontakt med meg og sa at dei saknar å ha fleire likesinna menneske i livet sitt.
Eg har det siste halvåret testa marknaden for eit slikt kvinnefellesskap, som eg kjende på eit kall for å gjere.
Det går an å ha fleire tankar i hovudet samstundes. Det går også an å føle på fleire kjensler. Det eine treng ikkje utelukke det andre.
Eg blir ikkje forsørgja, eg er ikkje husmor, eg er ikkje mor. Det har eg heller ikkje hevda. Eg har bustadlån og rekningar som folk flest.
Ein kan både ynskje å starte opp ei bedrift og skape sitt eige levebrød, samstundes som det handlar om noko større enn ein sjølv. Noko fint, viktig og ektefølt ein ynskjer å gi til andre.
Det er ikkje alle som sjølv har følt på kroppen korleis det er å meine noko anna enn majoriteten og det å ynskje å ta andre val.
Å ikkje tørre, å ikkje orke eller å bevisst la vere å ytre seg, fordi ein får hovudet hogga av dersom ein luftar nokre andre perspektiv. For eksempel dersom ein ynskjer å tilbringe dagane med sitt eige barn, i staden for å levere barnet i ein underbemanna barnehage.
Mødrer har fortalt meg at dei har blitt møtt med massiv kritikk og utestenging for den typen val, i staden for nysgjerrigheit og opne spørsmål. Det seier noko om kva retning samfunnet går i.
Men mange av oss som har kjend på dette eller liknande vi føler på eit behov for å kome saman, kunne vere i eit rom med stor takhøgd, oppleve å kunne snakke fritt, samstundes som det er god stemning og godt samhald.
Å møte forståing, støtte og heiarop. Samt å få innspel, erfaringsutveksling, ny kunnskap og informasjon. Det utviklar oss som menneske og gjer at vi står stødigare i oss sjølve.
Eg blir kritisert for å selje fellesskap – når det eg tek betalt for eigentleg ikkje er sjølve fellesskapet, men alt arbeidet med administrering, organisering og tekniske prøvingar. Ingen ser kva som ligg bak.
Eg vil skape eit godt fellesskap for kvinner som tenkjer i same baner som meg sjølv, skriv Linn Therese Solheim. Her i NRKs studio.
Foto: Marius Revold / NRKSjølve fellesskapet betyr jo like mykje for meg sjølv som det gjer for medlemmane.
Mange kritiserer meg for prisen, utan å nemne alt ein får som medlem. Kvinner som er medlem av Husmorhæren har fyra seg opp og forsvart både meg og kva det kostar. Og det er jo dei som veit kva dei faktisk får og kva verdi kvinnefellesskapet gir dei.
Eg er likevel einig med kritikarane i at prisen er for høg og tek det til meg. Difor justerast den frå 1. oktober til ein varig fastpris. Husmorhæren er framleis berre i startgropa og eg er fersk på dette.
Å starte opp noko nytt er å navigere i ein jungel av råd og anbefalingar om korleis ein bør gå fram. Det er å ta nokre avgjerder, det er å prøve ting ut, å lære av det og å justere.
Eg veit i alle fall med meg sjølv at eg har hjartet på riktig stad og at det eg tilbyr utgjer ein skilnad og gjer godt for mange kvinner.
Eg håpar generelt at vi kan heie på menneske som prøvar å skape noko. Og eg håpar vi kan heie på menneske som tør å meine noko anna enn majoriteten – menneske som utfordrar det etablerte og normaliserte.
Eg fyller snart 34, har blant anna jobba mange år i barnevernet, hjelpt mange barn og familiar, bidratt med skattepengar – og blitt utbrent.
Eg har stått på så mykje for samfunnet si skuld at eg vart sjuk av det. Tel ikkje lenger noko av dette, dersom eg blir mor og vil vere heime med barnet i alle fall dei første leveåra?
Eg tykkjer det er rart at så mange tykkjer det er rart at nokon vil prioritere å tilbringe meir enn eit par vakne timar dagleg saman med sitt eige barn. Og at ikkje alle ser dei positive ringverknadene det kan føre til.
Også samfunnsøkonomisk, dersom ein ser heilskapleg på det, på kva som genererer god helse og tenkjer førebygging. Samfunnet startar heime, med korleis du og familien din har det.
Når både du og andre gjer det som er best for dykk, vil det også gagne samfunnet på sikt. Det meiner eg faktisk at er å tenkje «utover si eiga navle» og å sjå eit større bilete.
Eg står i kritikken, men eg fryktar at andre gjennom å sjå kva som utspelar seg, vegrar seg både for å stikke seg fram, for å prøve, for å gå i ukjend terreng og å leve livet sitt i tråd med sitt eige indre.
Dei finaste meldingane eg får, er frå kvinner som takkar meg for at eg seier det som andre ikkje tør. Og frå kvinner i Husmorhæren: «Eg kjenner at eg treng dette fellesskapet. Tusen takk for at du har skapt eit så fint fellesskap for oss!»
Det er tilbakemeldingar som dette eg tek aller mest til meg.
Unge kvinner meiner kvinnekampen har skadd kvinner. De som sto på barrikadane for likestilling trur ikkje egne ører.
Publisert 01.10.2025, kl. 14.49