Prinsesse Kate er ferdig med cellegift

1 month ago 14



– No som sommaren går mot slutten, kan eg ikkje overdrive kor letta eg er over å ha endeleg fullført cellegiftbehandlinga, fortel Prinsesse Kate (42) i ein video på X.

– Fokuset mitt no er å gjere det eg kan for å fortsette å vere kreftfri.

Ho fortalde først om diagnosen i mars.

Dette var ein månad etter at ho starta ei førebyggande cellegiftbehandling på legane si anbefaling, fortalde ho då i eit innlegg på Instagram.

 Britain's Catherine, Princess of Wales and Princess Charlotte at the 2024 Wimbledon Championships in London

Foto: Aaron Chown / Reuters

No skriv den britiske kronprinsessa at ho gradvis kjem til å vende tilbake til offentlege oppdrag i løpet av dei neste månadane.

– Livet slik du kjenner det kan endre seg på ein augneblink, seier ho vidare, og skildrar det siste halvåret som «vanvitig vanskeleg».

Publisert 09.09.2024, kl. 17.42 Oppdatert 09.09.2024, kl. 17.58

Read Entire Article