– Du har alltid gitt meg tryggheit.
Jonas Benuyoub (31) ser bort på mamma Tove Nybakk og smiler.
Vi møter dei på Theatercaféen midt i Oslo sentrum. Praten mellom mor og son går lett.
Det er lett å sjå at ho er stolt over at Jonas si karriere no skyt fart.
– Eg har jo gjort mitt beste for å skape ein tryggheit, slik at han alltid kan kome til meg og ha samtalar når han treng det, seier mamma Tove.
Karrieren takkar han gjerne mamma Tove for.
– Eg har alltid kunne gå til deg dersom det er noko. Du har gitt meg rom og plass til å tore å gå for det eg ville, seier Jonas Benyoub.
Jonas Benyoub under prøvene til «Da vi var yngre» på Det Norske Teatret.
Foto: Ola Hana / NRKKlar for teaterscena
No er han svært aktuell som skodespelar både på TV og teaterscena.
Han har hovudrolla som Ivor i teaterstykket basert på Oliver Lovrenski sin debutroman «Da vi var yngre».
– Eg er jo ikkje utdanna skodespelar, så eg må jo ta med meg frå det eg har opplevd og sett.
Det er Aksel Hennie som har regien på stykket som går på Det Norske Teatret i Oslo.
Han var aldri i tvil om at Jonas Benyoub var rett mann for rolla.
– Eg har aldri vore uroleg for å caste Jonas i den rolla. Han har ei forståing og ein måte å vere til stades på som er unik, seier Hennie.
Eit teaterstykke som forøvrig fekk terningkast 6 av Aftenposten.
Jonas Benyoub (t.h.), Ina Wroldsen og Carola Häggkvist i samband med årets utgåve av «Hver gang vi møtes»
Foto: NTB– Skikkeleg glad
Det går i hundre for Benyoub for tida.
Nyleg var han å sjå i «Hver gang vi møtes» på TV 2.
Snart er han også aktuell med ei nytolking av Henning Sommerro sin viseklassikar «Vårsøg».
– Det som skjer no er ikkje berre jobben min, det er livet mitt. No er det alvor, seier Jonas Benyoub.
I teaterstykket «Da vi var yngre» spelar Jonas Benyoub rolla som Ivor.
Foto: Ola Hana / NRKMamma Tove er glad på sonen sine vegner.
– Men eg er jo litt bekymra for at det blir for mykje på ein gang, da.
– Det er manager-mor, seier Jonas og ler.
For han handlar det om å jobbe hardt for å oppnå dei draumane han har – som artist, skodespelar og som menneske.
– Det handlar om eigendisiplin og kor mykje du vil det sjølv. Eg er skikkeleg glad for tida.
Jonas Benyoub i studio. Han slo for alvor igjennom med låten «Youm Wara Youm» i 2017. Låten blei brukt i den norske TV-serien Skam.
Foto: Ola Hana / NRKVil gjerne på veggen
Tida har gått frå då Jonas Benyoub stod på scena som tenåring til dit han er i dag som skodespelar.
– Eg har blitt meir moden, egoet har blitt meir vekke og eg har blitt smartare med tida.
På veggane på Theatercaféen heng det bilete av kjende menneske som har sett sitt preg på det norske samfunnet og kulturlivet.
Jonas Benyoub kikkar opp og smiler.
– Ein dag skal eg henge på veggen der.
Jonas Benyoub er ambisiøs. No vil han gjerne ha bildet sitt på veggen på Theatercaféen i Oslo – ein gang i framtida.
Foto: Ola Hana / NRKPublisert 01.03.2025, kl. 22.18