Popfenomenet Rosalía er omringa av eit heilt symfoniorkester i sin nyeste låt.
– Det er ganske fett.
Anders Krøger er komponist og formidlar av klassisk musikk.
Han set på musikkvideoen «Berghain» av Rosalía.
I videoen er ho omringa av strykarar og musikarar.
Songen er spelt inn med London Symphony Orchestra.
Anders Krøger speler sjølv cello, men ikkje så godt, meiner han sjølv.
Foto: Tuva Marie Sørum / NRK– Ho syng nesten operatisk, seier Krøger.
– Songen handlar om ein altoppslukande kjærleik, om anger og frykt. Det er jo veldig opera.
Rosalía har etablert seg som ein av popens mest nyskapande artistar ved å kombinere flamenco med moderne pop, hiphop og elektroniske uttrykk.
Ho fekk sitt store gjennombrot med El Mal Querer (2018), som gjorde henne internasjonalt kjend og opna for samarbeid med artistar som J Balvin, Travis Scott og The Weeknd.
Med globale hits som «Con Altura» og det kritikarroste albumet Motomami (2022) har ho festa posisjonen som ei av dagens mest grenselause og stilskapande popartistar.
I hennar nyaste album «Lux» ser vi ei litt anna side av songarinna.
– Dette er jo nesten litt klassisk, meiner Krøger.
– Speler på klisjeane
Klassiskmeldar i NRK Eystein Sandvik er også imponert, men over noko litt anna.
– Stemma hennar er ikkje ei operastemme.
Er klassisk- meldar i NRK Eystein Sandvik imponert?
Foto: Tuva Marie Sørum / NRK– Om du hadde plassert henne framfor eit heilt symfoniorkester hadde ikkje stemma vore stor nok, kraftig nok.
Sier han, men legger til.
– Det er noko anna, det er nettopp derfor det er kult.
I tillegg til å vere popartist er også Rosalía utdanna flamencosongar.
– Derfor har ho ei stemme som er fleksibel nok til å strekke seg i den retninga, utan at det blir klassisk av den grunn.
– Ho gjer det på ein bra måte.
Sandvik synest albumet er ganske kult.
Foto: Tuva Marie Sørum / NRKHan meiner den klassiske delen i seg sjølv ikkje er alt for imponerande.
– Det blir jo spelt på klisjeane her.
Likevel meiner han Rosalía gjer interessante ting produksjonsmessig.
– Ho samplar og prosesserer strykarane på ein kul måte.
– Da får du brukt spennet frå det som er veldig elektronisk til det som er meir akustisk.
Charli XCX blir klassisk
Også artisten Charli XCX har sagt ho vil leike seg litt med å bruke meir strykarar.
Ho er mest kjent for albumet «Brat», som er eit superpopulært party-album frå 2024.
I sin nyaste låt «House» med John Cale bruker ho nettopp strykarar i musikken, og på ein litt annleis måte.
Charli XCX med hennar nyaste låt «House» med John Cale.
– Ho bruker ein teknikk som heiter ponticello, der ein tar bua lengre ned på strengane. Det gir det ein isete klang, noko som er veldig kult, seier Anders Krøger.
Anders viser korleis dei bruker strykarar i den nye Charli XCX-låten.
Det kan ein for eksempel også høyre i Vivaldis «Vinter».
– Det høyrest nettopp kaldt ut.
Dei nye dronningane av klassisk?
Eystein Sandvik trur kanskje vi kan merke ein tendens til at fleire popartistar bruker innslag av klassisk dei neste åra.
– Klassisk er ikkje lenger like mykje knytt til høgkultur, den tida er litt ut.
I musikkvideoen «Berghain» møter vi musikarar overalt, også på bussen.
Krøger synest det er heilt supert at fleire popmusikarar bruker klassisk musikk.
– Eg synest jo klassisk musikk er det kulaste i heile verda.
– Viss songane deira kan vere eit gateway-drug inn i klassisk musikk er det jo ingenting som er betre enn det.
Sandvik tør nesten ikkje tenke så langt.
– Kva om eg jinxer det.
– Eg har jo venta i 40 år på at klassisk musikk blir kult, så ein kan jo håpe.
Publisert 20.11.2025, kl. 11.30



















English (US)