Elevar frå vg2 landbruk og gartnernæring ved Sortland vidaregåande skule, avdeling Kleiva, fekk tysdag ein sjekk på 100 000 kroner frå fylkesråd for utdanning og kompetanse, Joakim Sennesvik (H).
Overrekkinga skjedde under landbrukskonferansen i Bodø, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
– De er dei beste ambassadørane vi kan tenke oss for landbruksutdanninga i Nordland. Bruk midlane til å få fleire unge til å velje grøne fag, sa Sennesvik.
Pengane skal gå til tiltak som styrker rekrutteringa, mellom anna deltaking på yrkesmesser der elevane kan framsnakke landbruksfaga og skulen.

















English (US)