Fylkestopp i hardt vêr – igjen

1 hour ago 1



– Det skulle aldri ha skjedd, seier fylkestingsrepresentant, Bjørnar Tollan Jordet (SV).

Denne hausten har Innlandet fylkeskommune vore prega av ei svært betent sak.

Kort fortalt handlar det om at fylkeskommunedirektør Trond Bamrud vart varsla på etter at han gav lønslån på nær 150.000 kroner til fylkesordførar Thomas Breen (Ap).

Møter i store møterom fra fylkesutvalget. Bilde inn på møterom Fagernes der de sitter nå. Truls Gihlemoen til venstre for Bamrud

Det storma rundt fylkesvaraordførar Hanne Velure (til venstre), fylkesordførar Thomas Breen (Ap) og fylkeskommunedirektør Tron Bamrud i fjor under skulenedleggingane i Innlandet. No er det igjen uro rundt dei.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Dette vart gjeve utan politisk behandling, og utan at Bamrud hadde fullmakt til å gjere dette, ifølgje ein ekstern varslingsrapport frå EY.

Handlar ikkje om korrupsjon

Basert på rapporten frå EY og eit notat frå KS-advokat Tor Allstrin, meiner arbeidsgjevarutvalet i fylket, at det Bamrud gjorde ikkje var korrupsjon.

Likevel stadfestar dei at fylkesdirektøren ikkje hadde fullmakt til å gjennomføre utbetalingane.

Utvalet meiner at det ikkje er grunnlag for å gi sanksjonar mot fylkesdirektøren.

Den konklusjonen reagerer SV kraftig på.

– Dette er skivebom frå både EY og arbeidsgjevarutvalet. Denne saka har aldri handla om korrupsjon, men om tilliten til fylkeskommunen, seier Tollan Jordet.

Ordfører i Tolga Bjørnar Tollan Jordet utenfor kommunehuset på Tolga.

– Vi meiner dette er eit grovt tillitsbrot, seier fylkestingsrepresentant Bjørnar Tollan Jordet (SV).

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi meiner fylkesdirektøren har brote forskrifta for godtgjering av folkevalde. Det skulle aldri ha skjedd, og direktøren har ikkje fullmakt til å fatte slike vedtak.

Hanne Velure, fylkesvaraordførar (H) og leiar i arbeidsgjevarutvalet i Innlandet fylkeskommune, reagerer på at fleire i opposisjonen no tek saka opp i media.

Stiller seg ikkje bak utvalet

Neste veke skal varslingssaka bli behandla bak lukka dører i fylkestinget.

Tollan Jordet varslar at SV ikkje vil støtte arbeidsgjevarutvalet sitt forslag til innstilling.

– Saka handlar utelukkande om fylkestinget kan ha tillit til om fylkesdirektøren forvaltar den fullmakta han er gitt på ein forsvarleg måte, seier Tollan Jordet.

– Arbeidsgjevarutvalet har feil fokus i si innstilling, og SV vil ikkje støtte innstillinga 2. desember.

et skilt på en vegg

Tysdag 2. desember skal varslingssaka mot fylkesdirektøren bli sluttbehandla i eit lukka ekstraordinært fylkestingsmøte. NRK har klaga på at møtet er lukka.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Han meiner fylkesdirektøren har brote forskrifta for godtgjering av folkevalde.

– SV meiner dette er eit grovt tillitsbrot, og at fylkestinget må vurdere om vi framleis har tillit til at Bamrud er i stand til å forvalte vedtaka våre på ein måte som gagnar fylkeskommunen.

– No har vi hatt nok av dette

Fylkestingsrepresentant Svein Ørsnes (R) er einig i nokre av utspela til Tollan Jordet.

– Eg er litt usikker på om fylkesdirektøren kan gjenopprette den tilliten som ein må ha i offentleg forvaltning, seier Ørsnes.

en mann med skjegg. Svein Ørsnes fra Rødt

Fylkestingsrepresentant Svein Ørsnes (R) meiner fylkesdirektøren bør få ein reaksjon etter den andre varslingssaka mot han på eitt år.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Eg synest nok at Bamrud bør få ein reaksjon frå fylkestinget som gjer at han ikkje startar på scratch om det kjem ei varslingssak til. Det bør kome ei tilbakemelding frå fylkestinget som seier at no har vi hatt nok av dette.

Han seier at heller ikkje Raudt vil stille seg bak arbeidsgjevarutvalet sitt forslag til innstilling.

Det same varslar Senterpartiet.

Må tydeleggjerast

– Eg synest arbeidsgjevarutvalet har kome med eit godt utgangspunkt til vedtak, men vi har varsla at vi vil spisse det litt. Det må vere tydeleg at det er forskrift for godtgjersle som gjeld folkevalde. Dette må vi drøfte i fylkestinget.

Det seier gruppeleiar i Senterpartiet, Aud Hove.

Ho er einig med Tollan Jordet om at varselet mot fylkesdirektøren ikkje først og fremst handlar om korrupsjon.

Aud Gunnhild Hove (Sp), gruppeleder for Senterpartiet, Innlandet fylkeskommune i fylkestingsmøte

Gruppeleiar Aud Hove (Sp) synest begge varslingssakene mot fylkesdirektøren har blitt behandla på ein uryddig måte. Ho varslar at Sp ikkje vil støtte arbeidsgjevarutvalet sitt forslag til innstilling.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Samstundes er ho ueinig i at rapporten frå EY og konklusjonen til arbeidsgjevarutvalet er skivebom.

– Eg synest EY har gjort ei god kartlegging. Dei fekk eit mandat, og har svart ut det dei vart bedne om.

Ho vil ikkje bruke dei same orda, «grovt tillitsbrot», som Tollan Jordet nyttar.

– Varselet handlar om at fylkesdirektøren har gått utover sine fullmakter. Det er heilt klart, og EY er jo også av den meining, samstundes som dei meiner regelverket ikkje er tydeleg nok. Så får vi finne ut kva slags ord vi skal bruke på det, seier Hove.

Vil ikkje kommentere saka

Kritikken mot arbeidsgjevarutvalet har blitt lagt fram for Velure som leiar utvalet.

– Arbeidsgjevarutvalet har gitt frå seg si innstilling basert på varslingsrapport og arbeidsrettslege tilrådingar frå svært kompetente juridiske fagmiljø, skriv ho i ein e-post til NRK.

En kvinne står ved et podium med mikrofon og taler under et arrangement. I bakgrunnen er et banner med teksten "Innlandet fylkeskommune" og "Eventyrlige midler". Kvinnen har langt lyst hår og har på seg en svart jakke. Det er en lys og moderne innendørs setting.

Hanne Velure er fylkesvaraordførar og leiar i arbeidsgjevarutvalet i Innlandet fylkeskommune.

Foto: Thomas Fure / NTB

Varslingssaka skal sluttbehandlast i fylkestinget tysdag 2. desember. Sidan møtet går bak lukka dører, vil ho vil ikkje drøfte saka i media no.

– Fylkestingsrepresentantane er alle arbeidsgjevarar, og det overraskar meg difor at Tollan Jordet vel å prosedere saka i media, seier ho.

Fylkesdirektør Tron Bamrud vil ikkje kommentere saka eller påstandane mot han sidan saka skal opp til politisk behandling neste veke.

Her kan du lese fleire reaksjonar frå fylkespolitikarar på varslingssaka:

  • Wenche Haug Almestrand trakk seg frå lista til Oppland Frp.

    Lars Erik Skrefsrud / NRK

    Wenche Haug Almestrand (Frp):

    – Eg kan ikkje sjå at det er gjort grove feil, og rapporten seier heller ikkje det.

    Ho meiner alle varslingssaker må bli tatt på høgste alvor. Det meiner ho er gjort her.

    – Og så må ein i ettertid sjå på om det er ting som kunne vore gjort annleis, og vurdere det. Det trur eg vi som folkevalde klarer å gjere.

    – Har du tillit til fylkesdirektøren?

    – Eg har tillit til fylkeskommunedirektøren.

  • ein mann med skjegg. Svein Ørsnes frå Rødt

    Aleksandr Nedbaev / NRK

    Svein Ørsnes (R):

    – Eg synest at rapporten frå EY er krassare enn det som er fanga opp av arbeidsgjevarutvalet. Vi er tydelege på at fylkesdirektøren gjekk utover si fullmakt då lånet vart gitt.

    Han meiner det er eit tillitsbrot frå Bamrud, og det bør få ein reaksjon.

    – Fylkeskommunen er ikkje ein bank.

  • ein person med kvitt hår

    Aleksandr Nedbaev / NRK

    Aud Hove (Sp):

    Ho meiner begge varslingssakene mot fylkesdirektøren er uryddig behandla.

    – Vi reagerte allereie i første varslingssak. Då fekk vi informasjon og konklusjonen til fylkesordføraren via media før han nådde oss politikarar.

    Så skjedde det same i denne saka, ifølgje ho.

    – Det er frustrerande å få kjennskap til ei varslingssak på fylkesdirektøren via media når det er fylkestinget som er arbeidsgjevar.

  • Truls Gihlemoen (Frp) på ordførarkontoret i Stange, mens han var fungerande ordførar.

    Knut Røsrud / NRK

    Truls Gihlemoen (Frp):

    – Eg har vanskeleg for å sjå korleis det hadde vore mogleg å vere meir opne med prosessen, seier han.

    Han peikar på at dette er ein personalsak.

    – Eg som sit i arbeidsgjevarutvalet, har ikkje hatt meir innsyn enn andre, bortsett frå dei siste dagane før rapporten blei publisert. I den grad det er mogleg å ha openheit rundt personalsaker, meiner eg det har vore god openheit.

Belastning for tilliten

Statsvitar Tord Willumsen ved Universitetet i Innlandet trur saka kan vere belastande for tilliten til fylkeskommunen, både som organisasjon, men også dei folkevalde.

– Det at saka rullar og går i seg sjølv er alltid belastande for tilliten.

Tord Willumsen, statsviter og valgforsker ved Høgskolen i Innlandet

Tord Willumsen, statsvitar og førstelektor ved Universitetet i Innlandet.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen

Han forklarar at det handlar om at alle ikkje får med seg alt, men dei fleste får med seg at det har vore noko bråk og uro.

– Det er alltid uheldig. Samstundes er det mykje betre at ting kjem opp og blir undersøkt.

– Dei mest alvorlege skuldingane kan bli avviste etter ei grundig undersøking. Det er tillitvekkande.

Basert på denne varslingssaka, trur han det ikkje vil vere aktuelt for fylkestinget å be Bamrud om å gå.

– På bakgrunn av denne rapporten og konklusjonen i han, så ser eg ikkje at denne saka er av ei slik alvorsgrad at han burde gå.

– Han er i såpass stor grad frifunnen, det einaste han er funnen skuldig i, er at det var så mykje tvil at han burde gått tilbake til fylkestinget og bedt om klarare fullmakt. Det er det einaste, seier Willumsen.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 28.11.2025, kl. 16.26

Read Entire Article