Politisk kaos etter flaumen i Spania: – Kamp er den einaste vegen

1 week ago 6



Mange stod allereie med vatn til halsen då evakueringsordra tikka inn på mobiltelefonane i Valencia-regionen den katastrofale tysdagskvelden i slutten av oktober.

Innbyggarane var ikkje budde på uvêret som herja, og styresmaktene var for seint ute med hjelp. Flaumen blir rekna som den verste naturkatastrofen på 100 år.

Over 200 menneske mista livet, og fleire er framleis sakna.

Eit sterkt sinne blei raskt retta mot statsminister Pedro Sanchèz, mot regionspresidenten og mot kongen.

Alle dei folket meiner burde tatt ansvar.

URIX: Hvorfor ble de så rasende på kongen?

Folket kjenner seg svikta

NRK møter søskena Vicky Guillamón Renovell og Toni Guillamón Renovell medan dei prøver å redde det som er att etter flaumen i huset til foreldra i Paiporta.

Dei er blant dei som meiner at varselet kom for seint, og at alle instansar i statsapparatet har svikta dei.

– Statsministeren er han som styrer. Han skulle gitt ordre, men han gjorde det ikkje. Regionspresident Mazón bad heller ikkje om hjelp, seier Toni.

dei ser i eit fotoalbum

Vicky Guillamón Renovell og Toni Guillamón Renovell prøver å redde det som er att av eigedelar i foreldras hus.

Foto: Monica Ruiz Biern / NRK

Eit politisk spel

Alejandro Ayala-Wold forskar på spansk politikk ved Universitetet i Bergen, og meiner at flaumen no blir brukt i eit politisk spel.

Ytre høgre-partiet Vox og det konservative folkepartiet Partido Popular (PP) har i likskap med store delar av befolkninga retta peikefingeren mot den sittande regjeringa.

Alejandro Ayala-Wold

Alejandro Alaya-Wold forskar på spansk politikk ved UiB.

Foto: Privat

Styresmaktenes krisehandtering var for dårleg. Folket har vore avhengige av dei tusenvis av frivillige som har stilt opp.

Statsminister Pedro Sánchez har knytt pengar rundt gjenoppbyggingsarbeidet til neste års statsbudsjett, noko opposisjonen kallar for utpressing.

«Flaumoffera må ikkje bli brukt som ei forhandlingsbrikke», skriv PP i ei fråsegn.

Ei hand held ein mobiltelefon med skjermen opp. På skjermen viser eit varsel med gul varseltrekant. I bakgrunnen ser vi mykje vatn på bakken.

Onsdag fekk innbyggarane i Valencia og Malaga nye varsel på mobilane sine. Igjen sende meteorologane ut raude farevarsel for regn.

Foto: Vincent West / Reuters

Vox peiker oppover

– Det er openbert at i ein slik situasjon har verken Valencia eller nokon annan region kapasitet til å leie slike operasjonar, seier leiar for Vox Valencia, Ignazio Gil Lázaro, til NRK.

Difor meiner han at ansvaret ligg oppover i systemet, hjå venstreregjeringa i Madrid.

Regjeringa har derimot gradvis pressa på narrativet om at regionsleiaren i Valencia, Carlos Mazón (PP), skulle bedt om hjelp tidlegare, noko han ikkje gjorde, ifølge forskar Ayala-Wold.

Laurdag marsjerte titusenvis av spanjolar i Valencias gater med krav om at han går av.

Avis: Mazon skuldar på regjeringa

Regionsleiaren Mazón seier dei tilsette i staben hans ikkje fekk nok informasjon frå sentrale styresmakter og at det ikkje var mogleg å forutsjå omfanget av katastrofen, skriv BBC.

Den spanske avisa El Pais skriv at Mazón skuldar på regjeringa.

Drygt to veker etter flaumen, mandag denne veka, sa regionsleiaren til journalistar at «ein må anta at det kan ha blitt gjort feil».

Statsminister Pedro Sanchez, som også har fått krass kritikk, har sagt at «tida for politisk debatt» vil komme seinare.

demonstranter står foran politi

Over 100.000 spanjolar tok til gatene denne helga i protest mot regjeringa.

Foto: Eva Manez / Reuters

Har åtvara i årevis

Ei første analyse frå World Weather Attribution (WWA) viser at regnvêret som ramma Spania er dobbelt så sannsynleg i dagens klima samanlikna med før global oppvarming.

Statsminister Pedro Sánchez snakka om dette på klimatoppmøtet i Aserbajdsjan denne veka.

Klimaendringane førte til at over 220 av mine medborgarar døydde i Spania i den største naturkatastrofen i vår historie. Ein katastrofe som ville vore mindre sannsynleg og mindre intens utan klimaendringar.

Juan Bordera, klimajournalist og medlem av det regionale parlamentet i Valencia, har åtvara i årevis.

Etter å ha sett storflaumar i middelhavsland som Hellas, Libya, Belgia og andre plassar, har han prøvd å få gjennom nye kriseplanar.

Det har vore utan hell.

Juan Bordera

Klimajournalist Juan Bordera kritiserer regjeringar kriseplanlegging.

Foto: Monica Ruiz Biern / NRK

– Det å vite at vi kunne ha unngått mykje av desse lidingane, tapa av liv, det er så vondt. Kjenslemessig er det noko av det verste eg har opplevd i mitt liv, seier Bordera.

Han gir den regionale høgrekoalisjonen skulda for at flaumen blei så dødeleg som at han blei.

– Dei baserer seg på klimafornekting. Kriseplanlegginga har vore uansvarleg, til tider kriminelt dårleg, seier Bordera til NRK.

– Fyrer opp under mistilliten

Vox Valencia-leiar Ignacio Gil Lázaro ser annleis på det. Han meiner at å trekke linjene frå flaumkatastrofen til klimaendringar, er venstreideologi.

– Ingen snakka om klimaendringar då Valencia flauma over i 1957. Då bygde vi diker og demningar, og det må vi gjere i dag også. Ikkje drive med klimafanatisme, seier han til NRK.

Ignacio Gil Lázaro

Nestleiar i Vox, Ignacio Gil Lázaro, er blant dei som skuldar regjeringa for å utnytte flaumkatastrofen.

Foto: Monica Ruiz Biern / NRK

Fleire ytterleggåande grupperingar som er meir og mindre laust knytt til Vox har dei siste vekene piska opp stemninga og fyre oppunder mistilliten til styresmaktene i Spania no, ifølge Ayala-Wold.

NRK treff Roberto Vaquero, som leiar ei slik gruppering. Ytre venstre-gruppa Fronte Obrero vil sjå eit folkeopprør mot det noverande politiske systemet i Spania.

– Vald er berre eit verkemiddel. Om det blir brukt til eit felles gode, ser eg ikkje noko gale i det, seier Vaquero.

Roberto Vaquero

Roberto Vaquero leiar det marxist-leninistiske partiet Fronte Obrero, som ligg ytst på venstresida i spansk politikk.

Foto: Monica Ruiz Biern / NRK

Rundt han veivar demonstrantane med raude flagg og ropar:

– Kamp er den einaste vegen!

Vaquero meiner det er grunn til å vere sint på absolutt alle, og at all praten om klima dekker over at heile den politiske leiinga har forsømt folket.

Sinte menneske held opp store raude flagg og banner med logoen til Arbeidarnes front i Spania.

Fronte Obrero under ein demonstrasjon i Valencia laurdag 9. november.

Foto: Simen Ekern / Simen Ekern

– For meg er det avskyeleg å bruke dette politisk for å snakke om klimaendringar, seier Vaquero.

Ayala-Wold trur ikkje grupperingar som Fronte Obrero vinn noko terreng på dette.

– Men det er verdt å merke seg at Vox som regel får større oppslutning når det er kriser i Spania. Vi har sett det med migrantproblematikken som har ramma landet.

Publisert 14.11.2024, kl. 19.10

Read Entire Article