Fædrelandsvennen har overlevd to verdskrigar og hundre år med partipresse. Men den største omveltinga har skjedd på 2000-talet.
Då Fædrelandsvennen såg dagens lys 3. juli 1875, stod norsk presse på terskelen til partipresseepoken. Praktisk talt alle aviser det neste hundreåret skulle innta eit partipolitisk standpunkt. For Fædrelandsvennen skulle det bli Venstre. Som det stod i opningsartikkelen ført i pennen av redaktør Halvor Bugge, posisjonerte avisa seg som «venstre sentrum». For parlamentarismen, mot fattigdom og maktkonsentrasjon.
Men statuttane til Fædrelandsvennen sa like fullt at den nystifta avisa ikkje akta å slutta seg til eit særskilt politisk parti. Spaltene skulle vera opne for alle, og redaktøren skulle vera fri til å hevda eigne meiningar, om dei så gjekk på tvers av folkeopinionen og «stormenns uvilje».
Eit tiår seinare var Venstre eit faktum og Fædrelandsvennen vart partiavis.
Ekteskapet med Venstre varte fram til 1972. Då rakna partiet i to som ein følgje av EF-striden. Fleire aviser sa farvel til partiet, mellom dei Fædrelandsvennen. Til 100-årsjubileet i 1975 kom det ikkje noko gratulasjonstelegram frå partikontoret. Det stod i kontrast til 75-årsjubileet i juli 1950, då avisa trykte ei helsing frå Norges Venstrelag som omtala Fædrelandsvennen som «en livgivende kilde for vårt parti». Det vart slått fast at partiet hadde hatt færre stortingsrepresentantar frå Agder oppigjennom åra om det ikkje var for Fædrelandsvennen.
Men samkvemmet mellom Venstre og støtteavisene rundt om i landet var småtteri i høve til lojalitetsbanda som eksisterte i andre delar av det politiske landskapet, spesielt kring Arbeidarpartiet. Dei ulike sosialdemokratiske avisene var reine talerøyr for Partiet. Til langt utpå 1970-talet møtte redaktøren i Arbeiderbladet (no Dagsavisen) i sentralstyret til Ap. Dette var Noreg, ikkje Kina.
Normalen i partipresseperioden var at kvar by hadde mange aviser, gjerne éi for kvart politiske parti. Kristiansand hadde på det meste seks aviser. Etter krigen vart det færre, men likevel fire aviser med partipolitisk tilknyting. Dei neste tiåra la dei inn årane, ei etter ei.
Den siste konkurrenten til Fædrelandsvennen, arbeidaravisa Sørlandet, la opp i 1990. Sidan har det i praksis berre vore éi avis med regionale ambisjonar i området.
Kvifor lukkast Fædrelandsvennen?
Fleire har peika på økonomiske faktorar. Frå tidleg 1900-tal tilbaud avisa rimelege abonnement som førte til ein større lesarkrins og dermed fleire annonsørar, som igjen la grunnen for produktutvikling og ein meir kompetent redaksjonell stab. Ein god sirkel.
Eg vil peika på den redaksjonelle profilen. Fædrelandsvennen skulle femna breitt. Spaltene var fyldige. Folk vart kort og godt velorienterte ved å lesa avisa.
På leiarplass kom avisa sin ståstad til syne. Men det var i liten grad partipropaganda.
Langs kysten finst fleire aviser i same tradisjon – Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Sunnmørsposten. Det var Venstre-avisene som overlevde. Kanskje ikkje tilfeldig, for det var Venstre-pressa som hadde svakast tilknyting til partiet. I det lange løpet var det det folk ville ha – aviser med vekt på nyhendeformidling og ein nedtona politisk farge.
På 1970-talet slutta Fædrelandsvennen å tilrå eit bestemt politisk parti for veljarane. Men under Hans-Christian Vadseth, redaktør 2008–10, kom ein liten pust av partipressa tilbake. Framfor stortingsvalet i 2009 oppmoda avisa folk om å røysta borgarleg, spesifisert som Høgre, Venstre eller KrF.
Dagens redaktørkollegium ser på leiarartikkelen frå september 2009 som eit feilgrep. Avisa kjem neppe til å peika på eit bestemt parti ved det føreståande stortingsvalet. Men kommentarartiklane har ofte ein politisk undertone, og avisa tek stadig standpunkt i konkrete saker, gjerne i favør av den noverande posisjonen i Kristiansand. Over tid kan det bli ein hemsko dersom avisa vert oppfatta som eit støtteorgan for den politiske og kulturelle «eliten». I store saker som kommunesamanslåing og Kunstsilo vert det sjeldan stilt kritiske spørsmål om maktstrategien. I staden synest avisa å innta ei aktørrolle – ikkje på reportasjeplass, men gjennom kommentarar og analysar. I partipresseperioden ville det vore kurant, men i ein tilnærma monopolsituasjon er det avgjerande for avisa å nyta tillit frå ulike segment av folket.
Skjønt monopolsituasjon: Det nye på 2000-talet er at redaktørstyrte medium ikkje lenger har einerett på nyhendeformidling, takk vere internett. Mediekonsumet er differensiert og folket fragmentert. Det finst grupper som ikkje lenger forheld seg til tradisjonelle nyhendemedium – innvandrarar, og i aukande grad unge. Dette er gigantutfordringa som alle profesjonelle medium står overfor. Ung-satsinga til Fædrelandsvennen er eit godt tiltak, men kulturen og teknologien er det vanskeleg å snu.
Men i dag: Gratulerer med dei første 150 åra, Fædrelandsvennen!