I dokumentaren «TV 2 Avslører: Cowboyhattene» avdekkjer TV 2 eit større nettverk beståande av prostituerte, hatteseljarar, tiggarar og sjåførar.
Mange av dei involverte er frå same område i Romania.
Nettverket opererer på fleire stader i Norge, men det er særleg i Bergen og omland at TV 2 har dokumentert korleis nettverket fungerer.
Dette skjuler seg under cowboyhattene
Mellom anna blir kvinner frakta til og frå sentrum for å tilby sex på gata, medan sjåførane, som oftast menn, ventar ved bilane sine.
TV 2 kan også knytte annonsar på sexkjøpsnettstaden RealEscort til same nettverk.
– Nedprioritering
Ein god del av aktiviteten skjer heilt openlyst.
Kva veit politiet? Og kvifor får nettverket halde på?
– Det lurer vi også på, seier leiar Silje Heitmann i organisasjonen Rosa.
Dei driv den nasjonale hjelpetelefonen for folk som er utsett for menneskehandel. Og gir bistand til menneske som blir utnytta til prostitusjon.
Dei ser ei auke i kvinne frå Aust-Europa som kjem til Norge og endar opp med å måtte selje sex både på gata og på innemarknaden.
– Vi høyrer at alle politidistrikt nedprioriterer menneskehandel, både som fageining og i arbeidsmetode og etterforsking, seier ho.
I Noreg er det lov å selje sex, men ulovleg å kjøpe. Ein kan også bli dømd om ein hjelper andre med å selje sex.
Å frakte nokon til og frå sexkundar er eitt døme på tilrettelegging som kan råkast av straffelova.
Forstår kritikken
Rosa meiner det største problemet er at politiet rett og slett ikkje prioriterer å etterforske sakene.
– Dei prioriterer ikkje å vera oppsøkjande eller å finne ut kva som eigentleg skjer. Eller å sjå på heile biletet som også involverer bakmannsapparatet, seier Heitmann.
– Eg skjønar jo at dei tenker det. Og dei har til dels rett, svarar påtaleleiar Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt i Bergen.
Dei har erfaring med å etterforske kriminelle nettverk som involverer prostituerte og bakmenn. Mellom anna tidlegare rumenske nettverk som har operert i Bergen.
Etter at NRK i sin Brennpunkt-dokumentar «Lykkelandet» i 2017 avslørte eit stort rumensk nettverk i vestlandshovudstaden, er heller ikkje metoden til bakmennene særleg ukjent for politiet.
Seinast i fjor vår gjekk bergenspolitiet ut i media og åtvara om «pågåande prostituerte» i Bergen sentrum.
Likevel har dei altså ikkje sett koplingane mellom dei populære cowboyhattane som er til sals og kvinnene som tilbyr sex både på gata og på RealEscort.
– Vi har ikkje gjort ei slik kopling og vi har heller ikkje etterforska det, seier Fløystad.
Følgde Vipps-spor
I TV 2 sin nye dokumentar er eit murhus på Askøy særleg sentralt.
Her har TV 2 dokumentert hatteseljarar, tiggarar, prostituerte og sjåførar gå inn og ut av dørene.
Huset dukka opp då TV 2 såg nærare på kva telefonnummer folk vipsa til då dei kjøpte hattar av både kvinnelege og mannlege gateseljarar.
Det er ein rumensk mann i 50-åra som leiger huset. I 2018 vart han sikta av bergenspolitiet for menneskehandel, i ei sak breitt omtalt i bergenspressa.
Saka vart til slutt lagt vekk.
Til TV 2 nektar han for å drive med noko kriminelt.
– Vi må prioritere
Men Fløystad forklarer at etterforsking av potensiell menneskehandel er eit felt som krev meir ressursar enn «enn det vi har for tida».
Og at politiet heile tida må vege dette opp mot andre enno meir alvorlege saksfelt.
– Til og med avsnitt for menneskehandel har måtta bruke tida på saker som ligg litt utanfor deira segment i 2025. Fordi det har vore viktigare, seier Fløystad.
– Det handlar om korleis vi prioriterer, og akkurat no prioriterer vi frykteleg hardt, utdjupar han.
Politiet mener de har avdekket kriminelt nettverk i Bergen – ti pågrepet
– Var betre før
I Oslo er organisasjonen Rosa oppgitt.
Dei høyrer frå heile landet korleis kvinner lever under streng kontroll og blir utnytta av bakmenn i organiserte kriminelle miljø.
Dei er uroa.
Til TV 2 fortel dei om bakmenn- og kvinner som styrer sexannonsane på RealEscort og som bestemmer kor mange kundar sårbare kvinner må ha i løpet av ein dag.
Straffeloven om hallikvirksomhet og menneskehandel
§ 315. Hallikvirksomhet og formidling av prostitusjon
Med bot eller fengsel inntil 6 år straffes den som
a. fremmer andres prostitusjon, eller
b. leier ut lokaler og forstår at lokalene skal brukes til prostitusjon eller utviser grov uaktsomhet i så måte.
Den som i offentlig kunngjøring utvetydig tilbyr, formidler eller etterspør prostitusjon straffes med bot eller fengsel inntil 6 måneder.
Med prostitusjon menes i denne paragraf at en person mottar vederlag for å ha seksuell omgang eller foreta seksuell handling med en annen eller for å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv.
§ 257. Menneskehandel
Den som ved vold, trusler, misbruk av sårbar situasjon eller annen utilbørlig atferd tvinger, utnytter eller forleder en person til
a. prostitusjon eller andre seksuelle ytelser,
b. tvangsarbeid eller tvangstjenester, herunder tigging,
c. krigstjeneste i fremmed land, eller
d. å samtykke i fjerning av et av vedkommendes indre organer,
straffes for menneskehandel med fengsel inntil 6 år.
På samme måte straffes den som
a. legger forholdene til rette for slik tvang, utnyttelse eller forledelse som nevnt i første ledd ved å anskaffe, transportere eller motta personen,
b. på annen måte medvirker til tvangen, utnyttelsen eller forledelsen, eller
c. gir betaling eller annen fordel for å få samtykke til en slik handlemåte fra en person som har myndighet over den fornærmede, eller som mottar slik betaling eller fordel.
Den som begår en handling som nevnt i første eller annet ledd mot en person som er under 18 år, straffes uavhengig av om vold, trusler, misbruk av sårbar situasjon eller annen utilbørlig atferd er anvendt. Den som var uvitende om at fornærmede var under 18 år, straffes hvis han på noe punkt kan klandres for sin uvitenhet.
§ 258. Grov menneskehandel
Grov menneskehandel straffes med fengsel inntil 10 år. Ved avgjørelsen av om overtredelsen er grov skal det særlig legges vekt på om den som ble utsatt for handlingen var under 18 år, om det ble brukt grov vold eller tvang og om handlingen har medført betydelig utbytte. Den som var uvitende om at fornærmede var under 18 år, straffes hvis han på noe punkt kan klandres for sin uvitenhet.
Dei er særleg kritiske til politiet i Oslo, der dei også ser ei oppblomstring av colombianske og kinesiske nettverk.
– Tidlegare hadde menneskehandelsgruppa i Oslo oppsøkande eining på gata. Dei var utruleg dyktige og skapte relasjonar til dei som selde sex. I dag har vi fått beskjed om at det er omorganisert, seier Heitmann.
– Innemarknaden har auka
Einingsleiar for Sentrum i Oslo politidistrikt, Martin Strand, seier til TV 2 at marknaden er utfordrande å ha kontroll på.
– Over fleire år har vi sett ei klar dreiing mot at nettverka bruka digitale plattformer for å selje tenestene sine. Vi ser at det er færre som sel sex på gata og at «innemarknaden» har auka, seier Strand.
Han svarar Rosa med at politiet har ei «viss oversikt» og at dei ikkje ønskjer å utdjupe arbeidsmetodikken sin.
– Ved sidan av synleg politiet, er politiet også til stades og held oversikt over fleire digitale salsplattformer for å fange opp sårbare personar og kyniske bakmenn. Politiet følgjer opp valdelege sexkundar og bakmenn, for å betre tryggleiken til prostituerte.
Oslo-politiet hadde i 2025 søramerikanske halliknettverk som fokusområde.
– Politiet tek stikkprøvar for å undersøke om nokon er under tvang, er mindreårige, er særleg sårbare eller er styrt av hallikar.
Torsdag denne veka vart det kjend at Øst politidistrikt meiner dei har avdekka eit landsdekkande menneskehandel-nettverk. Dei involverte er frå Sør-Amerika og Aust-Europa.
Politidistriktet har jobba med saka i to månadar, men etter det TV 2 kjenner til har ikkje dei pågripne tilknytning til nettverket som TV 2 har avdekka mellom anna i Bergen.









English (US)