Politiet ransaka heimen til Arne Bye på nytt

1 month ago 40



Fredag kveld drog politiet heim til Arne Bye sin bustad.

Der gjennomførte dei nok ei ransaking av huset til den tidlegare fastlegen og kommuneoverlegen i Frosta kommune.

– Me fekk informasjon i går som verka som at det var mogelege ting som kan ha betydning som bevis.

Det seier politiadvokat Ole Andreas Aftret til NRK. Han er påtaleansvarleg for dei nye sakene mot Bye.

– Det er ting som i seg sjølv eller gjennom at dei inneheld informasjon kan opplyse saka.

Arne Bye er varetektsfengsla og var ikkje til stades under ransakinga. Forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, har ingen kommentar til ransakinga.

Etterforskar fleire nye saker

Bye er tiltalt for å ha valdtatt 87 av sine tidlegare pasientar. Han er også tiltalt for å ha misbrukt sin stilling overfor 94 kvinner.

I januar blei det kjent at fleire nye kvinner har meldt Bye til politiet for seksuelle overgrep etter at rettssaka starta.

Ytterlegare 13 kvinner har fått oppnemnd bistandsadvokat i sakene politiet no etterforskar.

– Me held fram med etterforske de nye politimeldingane på vanleg måte, seier han om vegen vidare.

Politiadvokaten vil ikkje kommentere kva slags ting dei har tatt i beslag eller kva det var som førte til ransakinga.

– No vil me gå gjennom det beslaget som er tatt for å sjå om det er noko som kan belyse nokre av dei sakene som er under etterforsking.

Arne Bye er ikkje avhøyrt om dei nye sakene.

Det var Adresseavisen som meldte om den nye ransakinga først.

Dom venta i juni

Rettssaka mot Bye gjekk for Trøndelag tingrett frå 5. november til 19. februar og dagen rettssaka var ferdig blei Bye arrestert av politiet.

Dom er venta i første halvdel av juni.

Publisert 01.03.2025, kl. 11.22 Oppdatert 01.03.2025, kl. 11.53

Read Entire Article