Politiet trur dei såg to droner over Salhus søndag kveld.
Det seier operasjonsleiar Thomas Jarnes Coe i Nordland politidistrikt til Brønnøysunds Avis måndag morgon.
– Vi fekk meldingar frå Avinor om to droner, og patruljen på staden observerte det same.
Søndag kveld blei eit Widerøe-fly omdirigert frå Brønnøysund etter ei dronemelding, og morgonflyet til Trondheim måndag morgon er innstilt. Etter dette er det venta normal drift på flyplassen.
Meldinga om dronene kom inn til politiet rundt klokka 20:30 søndag kveld.
Politiet har ikkje kome i kontakt med noko dronepilot og det er ingen mistenkte i saka.